Til hovedinnhold

Kven har ansvar for kva ved viltpåkøyring?

Viltpåkøyringar skal følgjast opp. Det er ulike aktørar som har ulikt ansvar knytt til viltpåkøyringar.

Det er bilførar sitt ansvar å melde fra om viltpåkøyring

Bilførar skal straks stanse og hjelpe personar og dyr som er komne til skade, og delta i dei tiltaka som uhellet gir grunn til.

Bilførar skal følgja denne sjekklista:

  1. Få oversikt over eventuelle skadde personar, og gi førstehjelp.
  2. Ring 113 dersom akutt hjelp er nødvendig.
  3. Ring Politiet på 02800 og meld frå om påkøyringa.

Varslingsplikta gjeld uansett om du er med eller utan skuld i trafikkuhellet.

  • Merk påkøyringsstad – dette for å kunne spore skadde dyr.
  • Følg aldri etter eit skadd dyr sjølv. Det kan både vere farleg og vanskeleggjer ettersøkshunden sitt arbeid.

Plikter ved trafikkuheld - Lov om vegtrafikk (vegtrafikkloven) (Lovdata)

Hjelpeplikt etter dyrevelferdloven - Lov om dyrevelferd (Lovdata)

Ansvarlege styresmakter ved påkøyring av vilt på veg

Alle desse etatane bør ha gjensidig kontakt for å unngå misforståingar om korleis dyret skal handterast.

Kommunen

Kommunen har ansvar for å:

  • verksetje og gjennomføre ettersøk av skadd elg, hjort, rådyr og villrein
  • varsle politiet viss dei går ettersøk langs trafikkert veg
  • varsle politiet dersom det kan bli aktuelt å losne skot i tettbebygd område

Det er ønskeleg at kommunen har eitt telefonnummer som andre kan bruke når hjortevilt blir påkøyrt.

Politiet
  • Politiet skal alltid varsle kommunen om påkøyrt hjortevilt.
  • Politiet sikrar staden eller varslar Vegtrafikksentralen slik at dei kan ta seg av sikkerheita, dersom det er nødvendig av omsyn til trafikken.
Vegentreprenøren

Europavegar.

Vegentreprenøren skal alltid varsle kommunen ved påkøyringar av hjortevilt, også dersom dyret blir køyrt bort, då kommunen har ansvar for offentleg rapportering og eventuelle ettersøk.

Vegentreprenøren har ansvar for å melde frå til Mattilsynet slik at det kan takast ein skrantesjukeprøve dersom kommunen eller vegentreprenøren sjølv ikkje tar prøve, sjå forskrift om tiltak for å avgrense spreiing av CWD § 8.

Ansvarlige styresmakter ved påkøyring på jernbane

Kommunen
  • Kommunen har ansvaret for ettersøk når hjortevilt er påkøyrt av tog.
  • Ei hovudtryggingsvakt frå Bane NOR må alltid vere til stades ved ettersøk i og ved jernbanesporet.
  • I sporet er definert som området innanfor 2,5 m frå næraste skjene og ved sporet er definert som området utanfor 2,5 m frå næraste skjene og fram til nabogrense eller anna naturleg avgrensing.
  • Kommunen må sørge for at Bane NOR har korrekt kontaktinformasjon.
Bane NOR
  • Bane NOR skal alltid varsle kommunen om påkøyring av hjortevilt.
  • Bane NOR har ansvar for å fjerne dødt hjortevilt som ligg i eller ved sporet.

Alle påkøyringar skal rapporterast i Hjorteviltregisteret

Kommunen skal rapportere alle påkøyringar på veg og jernbane i Hjorteviltregisteret. Dette gjeld uavhengig av om dyret døyr eller ikkje.

Kommunen sitt ettersøkspersonell kan alternativt rapportere hendinga direkte til Hjorteviltregisteret via Miljødirektoratet sin Fallviltapp.

Rettleijar - Rapportere fallvilt av hjortevilt med app

Kommunen kan avtale med vegentreprenør eller Bane NOR at dei melder påkøyringa til kommunen via Fallviltappen dersom hjortevilt blir køyrd direkte til destruksjon.

Kommunen sitt ettersøksarbeid

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk