Kommunen sitt ansvar for elg, hjort og rådyr
Pliktene til kommunen innan forvaltning av hjortevilt.
Skal publiseres m utdypningsside
https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/arter-naturtyper/vilt/forvalte-hjortevilt/myndigheter/kommunens-ansvar-og-oppgaver/
- Setje kommunale mål for bestanden av elg, hjort og rådyr i kommunen. Sjå forskrift om forvaltning av hjortevilt § 3.
- Godkjenne vald for elg, hjort og rådyr. Sjå forskrift om forvaltning av hjortevilt § 11.
- Godkjenne bestandsplanområda for elg og hjort. Sjå forskrift om forvaltning av hjortevilt § 14.
- Godkjenne bestandsplanar for elg og hjort. Sjå forskrift om forvaltning av hjortevilt § 16.
- Tildele fellingsløyve for elg, hjort og rådyr. Sjå forskrift om forvaltning av hjortevilt § 18 om fellingstillatelse for elg og hjort og § 20 om fellingsløyve for rådyr. Dette via Hjorteviltregisteret § 33.
- Fastsetje fellingsavgift for elg og hjort. Sjå forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort.
- Administrere det kommunale viltfondet. Sjå forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort.
- Fastsetje forskrift om opning for jakt på elg, hjort og rådyr. Sjå forskrift om forvaltning av hjortevilt § 5.
- Fastsetje forskrift om minsteareal på jakt på elg, hjort og rådyr. Sjå forskrift om forvaltning av hjortevilt § 6.
- Krevje ny søknad om godkjenning av et vald dersom rettighetsforholda i valdet er uklare eller teljande areal er endra. Sjå forskrift om forvaltning av hjortevilt § 11.
- Krevje at dei opplysningar som er gitt i søknaden om godkjenning av vald vert stadfesta eller blir dokumenterte på nytt. Sjå forskrift om forvaltning av hjortevilt § 11.
- Krevje at det finst ein bestandsplan for rådyr før kvotefri jakt på rådyr blir tillate. Sjå forskrift om forvaltning av hjortevilt § 20.
- Gi løyve til skadefelling av elg, hjort og rådyr. Sjå naturmangfaldslova § 18.
- Kommunen skal sørgje for at fallvilt av elg, hjort, villrein og rådyr blir testa for skrantesjuke (CWD). Sjå forskrift om tiltak for å begrense spredning av CWD § 8.