Til hovedinnhold

Om Hjorteviltregisteret

Hjorteviltregisteret er ein nasjonal databank som varetar data frå jakt på hjortevilt og villsvin. Her finst òg opplysningar om fallvilt.

Hjorteviltregisteret har to appar som rapporterer data direkte til registeret. Dette er appen Fallvilt for ettersøkspersonell, og appen Sett og skutt for jegerar.

I tillegg kan brukarane nytte nettstaden www.hjorteviltregisteret.no for rapportering, administrasjon og uthenting av data. Fleire statistikkar er gjort tilgjengelege for alle.

Jegeren

Jegeren kan rapportere data frå jakta, og finne svar på skrantesjuke-prøver i Hjorteviltregisteret. Jegeren kan mellom anna:

Rapportere sett elg og hjort

Jaktleiar eller den jaktleiaren delegerer oppgåva til, kan rapportere sette elg eller hjort på Hjorteviltregisteret eller via appen Sett og skutt. Sett elg eller hjort skal registrerast på jaktfeltnivå. Det er mogleg for fleire jegerar å registrere sette dyr på same jaktfelt same dag dersom ein ikkje jaktar som eit lag.

Rapportere opplysninger om felte elg, hjort, rådyr villrein og villsvin

Jegeren kan rapportere felte hjortevilt og villsvin på Hjorteviltregisteret eller bruke appen Sett og skutt for elg, hjort, rådyr og villrein. Her kan jegeren òg registrere tilleggsopplysningar om det felte dyret, til dømes vekt og skrantesjuke-prøve. For villsvin kan jegeren se svar på innsendt trikin-prøve og få ferdig utfylt godgjøringsskjema som kan sendes Mattilsynet.

For rådyr og villrein registrerer jegeren eigne fellingar. For elg og hjort blir fellingane registrerte på jaktfeltet. Det er mogleg for fleire jegerar å registrere skotne dyr på same jaktfelt same dag dersom ein ikkje jaktar som eit lag.

Finn svar på skrantesjuke-prøver frå jakt

Jegeren finn svar på skrantesjuke-prøven frå eige dyr i Hjorteviltregisteret og appen sett og skutt. For å få svar må dyret og prøven vere registrert med strekkoden frå merkelappen.

Kommunen og ettersøkspersonell

Alt fallvilt skal registrerast i Hjorteviltregisteret. Dette gjeld òg hjortevilt som blir påkøyrt utan dødeleg utfall. Registreringa er ansvaret til kommunen. Kommunen kan gi ettersøkspersonell moglegheita til å registrere fallvilt.

Registrere fallvilt og viltpåkjøyringar

Ettersøkspersonell kan rapportere fallvilt direkte til Hjorteviltregisteret og kommunen via Fallvilt-appen.

Rettleiar: Rapportere fallvilt av hjortevilt med app

Fallvilt kan òg registrerast via Hjorteviltregisteret sine fallviltsider.

 

Finne svar på eigen skrantesjuke-prøve frå fallvilt

Kommunen eller ettersøkspersonell finn svar på skrantesjuke-prøven i Hjorteviltregisteret. For å få svar, må fallviltet vere korrekt registrert.

Rapportere fallvilt til SSB

Fallviltåret følger jaktåret, og kommunen skal rapportere fallvilt til SSB via Hjorteviltregisteret innan første mai kvart år.

Kommunen og villreinnemnda

Kommunen og villreinnemnda kan løyse mange av dei administrative oppgåvene sine i Hjorteviltregisteret.

Tildele fellingsløyve

Alle fellingsløyver skal tildelast via Hjorteviltregisteret. Sjå hjorteviltforskrifta § 33. Dette sikrar eit best mogleg datagrunnlag for forvaltninga.

Rettleiar: Tildele fellingsløyve til elg, hjort og rådyr

Rapportere felt hjortevilt til SSB

Kommunen og villreinnemnda skal innan 30 dagar etter siste jaktdag rapportere dette til Statistisk sentralbyrå gjennom Hjorteviltregisteret. Sjå hjorteviltforskrifta § 32.

Publisere observasjoner av elg og hjort

Kommunen skal registrere sett elg og hjort i Hjorteviltregisteret. Sjå hjorteviltforskrifta § 33.

Når jaktleiar leverer sett elg og hjort elektronisk, kjem data automatisk inn i Hjorteviltregisteret, og kommunen kan enkelt godkjenne desse.

Lagre vald- og jaktfeltopplysningar

Hjorteviltregisteret er eit verktøy for lagring av opplysningar om valds- og jaktfelt, og kven som er ansvarlege for desse områda. Her har kommunen og villreinnemnda òg oversyn over teljande areal. Nye vald kan opprettast.

Statistikkar tilgjengelege for alle

Eit utval av statistikkar frå Hjorteviltregisteret er gjort tilgjengelege for alle

Data frå jakt

Data over tal felte og sette dyr ligg tilgjengelege for alle. Ein kan sjølv velje kva område ein vil sjå data frå. Informasjon om mellom anna vekt, alder, og tal kalvar ligg òg tilgjengeleg.

Påkøyringsdata og fallvilt

Alle kan sjå kart over påkøyrde hjortevilt og eit utval andre artar frå heile landet. Tala bak kan òg hentast ut. Oversyn over anna fallvilt er òg tilgjengeleg.

Tilbakemeldingar eller spørsmål om Hjorteviltregisteret?

For spørsmål om Hjorteviltregisteret eller appane tilknytta registeret, kontakt Naturdata for gratis hjelp på support@naturdata.no eller på telefon: 74 33 53 10

 

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk