Om hjorteviltregisteret, for forvaltningen
Hjorteviltregisteret er ein nasjonal databank som varetar data frå jakt på hjortevilt og villsvin. Her finst òg opplysningar om fallvilt.
https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/arter-naturtyper/vilt/forvalte-hjortevilt/hjorteviltregisteret/
Hjorteviltregisteret har to appar som rapporterer data direkte til registeret. Dette er appen Fallvilt for ettersøkspersonell, og appen Sett og skutt for jegerar.
Kommunen og ettersøkspersonell
Alt fallvilt skal registrerast i Hjorteviltregisteret. Dette gjeld òg hjortevilt som blir påkøyrt utan dødeleg utfall. Registreringa er ansvaret til kommunen. Kommunen kan gi ettersøkspersonell moglegheita til å registrere fallvilt.
Kommunen og villreinnemnda
Kommunen og villreinnemnda kan løyse mange av dei administrative oppgåvene sine i Hjorteviltregisteret.
Tilbakemeldingar eller spørsmål om Hjorteviltregisteret?
For spørsmål om Hjorteviltregisteret eller appane tilknytta registeret, kontakt Naturdata for gratis hjelp på support@naturdata.no eller på telefon: 74 33 53 10.