Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Alnes

Alnes på Godøya er eit typisk fiskarbondelandskap på nordvestlandet.

 

Området representer kystsamfunna som har levd av kombinasjonen jordbruk, fiske og fangst her heilt frå like etter istida. Busetnaden ligg på strandflata langs sjøen, jordbruksarealet i karakteristisk teigblanding bakanfor og beitemarkene i lia opp mot fjellet. Fiskeværet i klynge ligg ute på ytste neset, og fleire bygningar er verneverdige. Alnes fyrstasjon er vedtaksfreda, og her vart det opna eit opplevingssenter i 2016.  I dag er det sauedrift og grasproduksjon på sjølve Alneset. Den store naturbeitemarka i Alneslia er ei av dei viktigaste på ytterkysten i Møre og Romsdal, og kystlynghei oppe på fjellet, sanddyner, nordvendte kystberg og blokkmark er andre viktige naturtypeområde. 

 

Alnes med Alnes fyr, fiskevær og tettbebyggelse, jordbruksarealer på flata og beitemarker i liene. Foto Krister Bjerke Haddal

 

Fakta

Fylke 

Møre og Romsdalen  

Kommune

Giske  

Jordbruksregion 

Kysten fra Sør-Norge til Nordland 

Områdetype 

Kyst- og øylandskap med fiskevær og beitemarker