Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Grinde og Engjasete

Grinde-Engjasete har ei svært interessant kulturhistorie med tradisjonelle driftsformar som enno vert praktisert på fleire av bruka.

 

Dei typiske fjordgardane her har vore basert på alt frå fiske i fjorden til utmarkshausting i fjellet, men området er først og fremst prega av ein lang og ubroten tradisjon knytt til lauving. Her er hagemarker med bjørk eller ask, lauvenger med ask, alm, bjørk eller selje og haustingsskogar med alm eller ask. På trea finn ein interessante artssamfunn av sopp, lav og mose. Lauvsankinga går tilbake til yngre steinalder. Gravrøyser fortel om landbruksaktivitet sidan eldre bronsealder, og truleg fast busetnad kring 500 år f.Kr. Her er verdifulle bygningsmiljø frå 1800-talet.  Området er rikt på steingardar, bakkemurar, rydningsrøyser og gamle vegfár. Dei gamle kulturmarkene og kulturminna ligg i ein mosaikk med meir moderne produksjonsareal for frukt, eng og beite. 

 

Karakteristiske styvingstrær på fjordgårdene Grinde og Engjasete, som har lang og ubrutt tradisjon med fôrsanking gjennom styving og lauving. Foto Leif Hauge

Fakta

Fylke

Vestland 

Kommune

Sogndal 

Jordbruksregion 

Fjordene på Vestlandet og i Trøndelag 

Områdetype 

Fjordgrend ved Sognefjorden, med gårdstun, innmark med frukthager, eng, beite og gamle kulturmarker, inkludert lauvingslier 

Areal 

1 100 dekar