Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Havrå

Det sørvende klyngetunet på Havrå ligg i eit komplett jordbrukslandskap frå fjøre til li.

 

Staden vart i 1998 det første freda kulturmiljøet i Noreg, og er eit eineståande fjordgardsanlegg, der teigdeling, bygningar, fegater, veiter og vegar enno finst i opphaveleg form. Dyrkinga på Havrå tok til i slutten av steinalderen, og her er også spor frå bronsealder og bevarte tufter etter audegardsanlegg. Landskapet er ein mosaikk av verdifull slåtte- og beitemark, beiteskog, gamle tre og haustingsskogar. Dei 30 husa i klyngetunet høyrer til åtte bruk, der nokre enno driv husdyrhald og åkerbruk. Museumssenteret i Hordaland eig tre av bruka, og vidarefører tradisjonelle driftsformer og arbeidsteknikkar med stadeigen reiskapskultur. Havrå er kjelde til kunnskap om landbruk og levekår i det førindustrielle Noreg. 

Det bratte fjordlandskapet på Havrå, med klyngetun og teigdelt slåttemark, veiter og oppmuringer. Slåtten pågår og høyet tørker på hesjene. Foto Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Fakta

Fylke

 Vestland 

Kommune

Osterøy

Jordbruksregion

Fjordbygdene på Vestlandet og i Trøndelag 

Områdetype

Fjordlandskap med klyngetun og intakt teigstruktur