Området er prega av ein mosaikk av ulike typar bruk, i dalbotnen, dalsidene og i baklier og trongare sidedalar. Her er eit stort artsmangfald, særleg knytt til slåtteenger og store areal med haustingsskog og naturbeitemark, mellom anna landets største bestandar av søstermarihand. Fleire gravfelt vitnar om busetting i jernalder. I aktive landbruksområde finn ein ei stor mengde freda og verneverdige bygg i heilskaplege bygningsmiljø. Slått og lauving er halde i hevd i ubroten tradisjon og formidla saman med andre tradisjonar. Om lag 50 landbruksføretak i Hjartdal og Svartdal produserer mjølk og kjøtt frå til saman 3000 storfe og småfe, mellom dei den bevaringsverdige Telemarkskua. Her er lokal næringsaktivitet med produkt, overnatting og formidling basert på naturressursane, verdiane og historia.
Fakta
Fylke
Vestfold og Telemark
Kommune
Hjartdal og Flatdal
Jordbruksregion
Sør-Norges dal- og fjellbygder
Områdetype
Bygder i dallandskap med småskala bruksstruktur