Søkje om bygging av landbruksveg
Gjeld søknad om nybygging og ombygging av bilvegar, traktorvegar og enklare vegar som er nødvendige for landbruksverksemda.
Kven kan søkje?
Grunneigaren kan søkje om bygging av landbruksveg. Dersom det er fleire interessentar eller eigarar av vegen, skal det likevel berre sendast éin søknad.
Om prosessen:
Før du søkjer
Bygging av landbruksveg
Bygging av nye vegar blir normalt handtert etter plan- og bygningslova. Bygging av landbruksvegar er eit unntak. Dette blir handtert etter landbruksvegforskrifta.
- Når den samla nytta av vegen som er knytt til landbruksverksemd er lik eller over 50 prosent, skal saka behandlast etter landbruksvegforskrifta og du kan bruke søknadsskjemaet på denne sida.
- Når den samla nytta av vegen som er knytt til landbruksverksemd, er mindre enn 50 prosent, skal saka behandlast etter plan- og bygningslova og du må ta kontakt med kommunen din for eige søknadsskjema.
Ved spørsmål om det krevst reguleringsplikt for landbruksveg, blir det vist til Kommunal- og distriktsdepartementet si tolkingsfråsegn omkring reguleringsplikt for landbruksvegar: §§ 11-9 nr. 1 og 12-1 - Tolkningsuttalelse om reguleringsplikt for landbruksvei - regjeringen.no
I uttalen blir det mellom anna sagt at reguleringsplikta i plan- og bygningslova § 12-1 andre og tredje ledd gjeld også for landbruksvegar som er omfatta av landbruksvegforskrifta, men terskelen for når reguleringsplikta blir utløyst blir sett etter ei vurdering relativt høgt.
Kort om ordninga
- Du må søkje om godkjenning for nybygging og ombygging av landbruksveg.
- Du kan ikkje starte tiltaket før du har fått løyve frå kommunen.
- Du treng ikkje søkje godkjenning for
- opparbeiding av oppstillingsplass for landbruksmaskiner til bruk på eigedommen eller enkle avkøyrsler frå godkjende landbruksvegar
- enkle og mellombelse driftevegar som berre fører med seg uvesentlege terrenginngrep
- Uvesentlege terrenginngrep er planering med samla omfang på inntil 150 meter eller på areal mindre enn 450 m², der fylling/skjering ikkje fører til meir enn 1 meter avvik frå opphavleg terrengnivå.
- Unntak er dersom tiltaket kan ha vesentleg negativ påverknad på naturmangfald, landskap, kulturminne, friluftsliv, omsyn til fare for flaum, erosjon og lausmasseskred, og andre interesser som blir påverka av vegframføringa. Då må du søkje godkjenning.
Dette bør du førebu
Til søknaden skal du leggje ved vedlegg. Vi tilrår at du har dette klart når du registrerer søknaden.
Utfylling av søknad
Skjema
Bruk skjemaet Søknad om bygging av landbruksveg (LDIR-902) for å søkje. Dette gjeld dersom den samla nytta som er knytt til landbruksverksemd, er lik eller meir enn 50 %. Dersom nytta er mindre, tek du kontakt med kommunen din for å få eit eige skjema.
Søknadsfrist: kontinuerleg
I skjemaet skal du registrere
- år, fylke og kommune
- kva regelverk tiltaket skal behandlast etter. Det vil seie at du skal fylle inn prosentvis nytte
- knytt til landbruksverksemd.
- kven som søkjer
- generelt om veitiltaket (berre permanente tiltak)
- spesifikk informasjon til tiltaket
- omsyn til miljøverdiar og andre interesser
I tillegg skal du leggje ved
- oversiktskart i målestokk 1 : 50 000
- kart i målestokk 1 : 5 000 eller 1 : 10 000 der du har markert
- planlagd vegtrasé (broten raud strek) – merk eventuelle alternativ tydeleg (nummerer dei).
- For mellombelse driftsvegar i skogbruket skal driftsområde markerast (broten blå strek).
- dekningsområdet for den planlagde vegen/tiltaket (heiltrekt blå strek)
- planlagde massetak i samband med tiltaket (ring inn med raud strek)
- eksisterande vegar med verdi for dekningsområdet (heiltrekt svart strek)
- bygging, offentleg infrastruktur og andre interesser som kan bli påverka av vegen/tiltaket (heiltrekt gul strek). Gjeld også om desse ligg unna sjølve vegen, til dømes dalbotnen.
- Kjende miljøverdiar som kan bli påverka av bygging eller køyring på vegen, skal markerast på kartet, med tilvising til opplysningar på søknadsskjema (heiltrekt grøn strek).
- Aktsemdsområde for jord- og flaumskred (Skrednett).
- Marin grense og ev. identifiserte faresoner for kvikkleire (Skrednett).
Vedlegga skal leggjast ved søknad for permanente vegar, og søknad for mellombelse tiltak.
Sende søknad
Send søknaden med vedlegg til kommunen, på e-post eller som brev i posten.
Om du får stadfesting på søknaden du har sendt inn, er avhengig av rutinane i kvar enkelt kommune.
Behandling
Kommunen behandlar søknaden og gjer vedtak. Søknaden blir mellom anna vurdert etter miljørettslege prinsipp
- påverknad på naturmangfaldet av sjølve vegtraseen, med grøfter og vegskulder
- eventuelle nye massetak langs vegen
Behandling av søknaden
Mottak
Når kommunen har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.
Svar
Svar
Du får svar på søknaden på e-post, normalt i løpet 3 veker etter at søknaden er motteken.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Klaga sender du til kommunen. Statsforvaltaren vil behandle klagesaka dersom ikkje kommunen gjer om vedtaket.
Klagefrist: innan 3 veker etter motteke vedtak.
Omtrentleg tid for klagebehandling: normalt innan 4 veker.
Etterkontroll
Dersom du får løyve til å byggje ein landbruksveg, skal kommunen gjennomføre kontroll av veganlegget når det er fullført. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen.
Viktige datoar
Søknadsfrist:
kontinuerleg
Treng du hjelp?
Kontakt kommunen din
Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.