Søkje om nydyrking
Gjeld godkjenning av plan for fulldyrking og overflatedyrking av udyrka areal, eller gjenoppdyrking av jordbruksareal som har vore ubrukt i over 30 år.
Kven kan søkje?
Den som skal gjennomføre nydyrkingstiltaket skal søkje. Dersom søkjar er ein annan enn grunneigar, krevst det løyve frå grunneigar av arealet som skal nydyrkast.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kort om ordninga
- Nydyrking krev løyve, det må difor søkjast om løyve frå kommunen der arealet som skal nydyrkast ligg. Kommunen skal godkjenne planen for nydyrking. Planen skal utarbeidast av den som vil setje i verk nydyrkinga.
- For alle nydyrkingstiltak skal søkjar vurdere om nydyrkingstiltaket må konsekvensutgreiast. Du kan be kommunen om rettleiing om korleis du går fram med ei slik vurdering. Konsekvensutgreiinga må følgje anerkjend metodikk og utførast av personar med relevant fagleg kompetanse.
- Nydyrking er definert som fulldyrking og overflatedyrking av jord. Gjenoppdyrking av jordbruksareal som har lege ubrukt i over 30 år, reknast også som nydyrking.
- Nydyrking av myr er forbode. Det kan søkjast om dispensasjon frå forbodet. Kommunen kan i særlege tilfelle gi dispensasjon, viss eitt av tre alternative vilkår er oppfylt.
- Nydyrking skal skje på ein måte som tek omsyn til natur- og kulturlandskap, inkludert biologisk mangfald, kulturminne og landskapsbiletet, samtidig som det skal leggjast vekt på å sikre driftsmessig gode løysingar.
- Nydyrkingsarealet kan ikkje liggje i kantsona mot vassdrag. Då må det setjast igjen ein vegetasjonssone på minst seks meter mot vassdraget.
Utfylling av søknad
Skjema
Frå 2025 er det ei digital søknadsløysing for nydyrking. Søknaden blir behandla digitalt av kommunen. Nødvendig rettleiing for søknadsprosessen finst i søknadsløysinga. Hugs å søkje i god tid før du set i gang med tiltaket. Du må ha godkjenning av planen for nydyrking før du lovleg kan setje i gang.
I det digitale søknadsskjemaet skal du registrere
- Kommune og fylke
- Kven som søkjer og andre grunnopplysningar
- Opplysningar om eigedommen og nydyrkingstiltaket
- Dato og underskrift I tillegg skal du leggje ved
- Kart i farge (f.eks. frå Gardskart) som viser det planlagde nydyrkingsarealet, tilkomsten til nydyrkingsarealet, eigedommen og området omkring
- Plan for grøfting av nydyrkingsarealet (med ei skildring av kvar stein/stubbar skal deponerast/dumpast)
- Viss relevant:
- Konsekvensutgreiing
- Skildring av planlagd drift av nydyrkingsarealet
- Kostnadsoverslag for nydyrkinga
- Kart over registrerte natur- og kulturlandskapsverdiar
Stadfesting
Du får stadfesting på at søknaden er sendt inn når du søkjer via Altinn. Viss kommunen ikkje fattar vedtak innan ein månad, skal kommunen sende deg eit brev om forventa saksbehandlingstid.
Behandling av søknaden
Mottak
Når kommunen har mottatt søknaden sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Viss dei har behov for meir informasjon kan dei be om dette. Alternativt kan ein mangelfull søknad avvisast, du må i så fall søkje på nytt. Krava til nydyrkingssøknad går fram av nydyrkingsforskrifta § 7. Den digitale søknadsløysinga opplyser løpande om kva som krevst av søknaden.
Behandling
Kommunen hentar inn nødvendige uttaler for å opplyse søknaden. Dette gjeld for eksempel frå:
- Regional kulturmyndigheit (Fylkeskommunen og/eller Sametinget)
- Statsforvaltaren
- Andre relevante instansar Desse etatane får ein frist på minimum 1 månad på å uttale seg.
Tilsyn
Når du har fått godkjent plan for nydyrking, kan kommunen føre tilsyn med at du overheld planen. Dette inneber også at du følgjer opp eventuelle vilkår som er sett til godkjenninga. Brot kan følgjast opp med pålegg om å reparere skade, heil eller delvis tilbaketrekking av godkjenning, eller tvangsgebyr. Når det er gitt dispensasjon frå forbodet mot nydyrking av myr, og nydyrkingstiltaket er gjennomført, skal grunneigar gi melding til kommunen. Kommunen skal gjennomføre ferdiggodkjenning av nydyrkingstiltaket, og registrere dette i KOSTRA (kommune-stat-rapportering).
Svar
Svar
Du får svar på søknaden i form av eit vedtaksbrev frå kommunen. Kommunens saksbehandlingstid varierer, ta kontakt med din kommune for å få svar på dette.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Klagen sendast til kommunen. Viss kommunen ikkje gjer om vedtaket sitt, sender dei klagen og saksdokumenta til Statsforvaltaren. Det er Statsforvaltaren som behandlar klagesaka, og fattar endeleg vedtak i klagesak.
Klagefristen er tre veker.
Viktige datoar
Søknadsfrist:
før tiltaket blir sett i gang
Rettleiing
Treng du hjelp?
Kontakt kommunen din
Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.