Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Beredskapslagring for såkorn

For såkornforretningar som skal søke om tilskot for overlagra sertifisert såkorn.

Kven kan søke?

Om prosessen:

Før du søker

Kva du kan søke tilskot til

Dykk kan søke tilskot for lagerbehaldninga av sertifisert såkorn per 30. juni ut over 5 % av den gjennomsnittlege omsetnaden av vårkorn til såvareforretninga dei siste tre kornsesongane inkl. søknadsåret. Tilskot blir ikkje utbetalt for lager ut over 25 % av grunnlaget for berekning.

Dette bør du førebu

  • Til søknaden skal du legge ved spesifisert oppgåve over såkorn på lager per 30. juni godkjent for sal til bruk i neste vekstsesong. Følgande informasjon skal komme fram:
    • art
    • sort
    • lagringsstad
  • Oppgåve over omsetnad dei siste tre kornsesongane, inkludert søknadsåret, spesifisert på
    • art
    • sort
Utfylling av søknad

Det er ikkje eit eige søknadsskjema for denne ordninga. Du søker i form av eit brev der du inkluderer dokumentasjon som spesifisert under punkt 1 og sender til postmottak@landbruksdirektoratet.no

HUGS! Søknadsfrist er 1. oktober.  

Behandling av søknaden

Mottak

Når Landbruksdirektoratet har motteken søknaden sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei har behov for meir informasjon kan dei be om dette.

Behandling

Landbruksdirektoratet behandlar søknaden og gjer vedtak.

Kvart år blir det sett ein sats per kg og ei budsjettramme for tilskotet i Jordbruksavtalen. Dersom totalt kvantum det blir søkt om tilseier at ein overskrid budsjettramma blir det utført eit likt prosentvis kutt for alle som har søkt. Behandling av søknad kan difor ikkje bli gjort før 1. oktober.

Kontroll

Såvareforretningar som får tilskot etter denne forskrifta pliktar å gi alle opplysningar som Landbruksdirektoratet treng for å kunne forvalte ordninga, inkludert rekneskap, korrespondanse og annan dokumentasjon. Landbruksdirektoratet kan krevje at opplysningane blir stadfesta av revisor.

Svar og utbetaling

Svar

Du får svar på søknaden i e-post eller som brev i posten, innan utgangen av same kalenderår som du har søkt.

Utbetaling

Får du tilskot, blir pengane automatisk overført til konto. Det er Landbruksdirektoratet som utbetalar pengane.

Klage

Du kan klage på vedtaket om tilskot. Klagen blir sendt til Landbruksdirektoratet. Dersom Landbruksdirektoratet ikkje finn grunn til å gjere om eige vedtak, så blir klagen sendt til Landbruks- og matdepartementet for behandling.

Klagefrist: 3 veker.

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom det er gjort feil i utbetalingar, ved regelbrot eller du har gitt feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.

Viktige datoer

Søknadsfrist:

1. oktober

Treng du hjelp?

Ta kontakt med saksbehandlar i Landbruksdirektoratet.

Mari Vengnes, tlf. 78 60 61 66.

 

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk