Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Kjøpe tollkvote på auksjon

Gjeld rett til redusert tollavgiftssats for ein gitt mengd vare innanfor ein gitt tidsperiode. For å delta må du først registrere deg.

Kven kan delta på auksjon

Føretak som er registrert i Einingsregisteret kan søke om å delta på auksjon for kjøp av tollkvote. Berre føretak som blir godkjent, kan delta på auksjonane.

Om prosessen:

Før du startar

Kva auksjonen gjeld

  • Kjøp av rett til redusert tollavgiftssats for ein gitt mengd vare (kvote), i ein gitt tidsperiode.
  • Tollkvoten kan gjelde eitt eller fleire varenummer.
  • Nokon tollkvotar gjeld import frå alle land, medan andre gjeld bestemde land eller område.
  • Dei fleste kvotar har ein gyldigheitsperiode frå 1. januar til 31. desember, medan til dømes kornkvotane gjeld frå 1. september til 31. august. Gyldigheitsperiodane for frukt-, grønt- og bærkvotane avheng ofte av norsk sesong.

Auksjon, søknad eller «førstemann til mølla»

Landbruksdirektoratet fordeler tollkvotar både ved auksjon og etter søknad. I tillegg fordeler tollstyresmaktene enkelte kvotar for kjøtt og plantar. Desse blir gitt automatisk ved fortolling etter «førstemann til mølla»-prinsippet.

Sjå oversikt over kvotar og om dei blir fordelt etter auksjon, søknad eller førstemann til mølla.

Kort om ordninga

  • Alle som vil delta på auksjon, må være påmeld til kvar auksjonsrunde, i forkant av auksjonen og føretaket må være kredittverdig.
  • For å delta på ein auksjon må du delta på vegner av eit føretak. Privatpersonar kan ikkje delta.
  • Bodgivar innanfor kvotane for svingelfrø, engrappfrø, raigrasfrø og haustrug til såformål må være registrert som såvareforretning hos Mattilsynet.
  • Bodgivar innanfor kvotane for eplesaft/-konsentrat frå EU og EFTA må bruke råvarene til omarbeiding.
  • Før auksjonen kan Landbruksdirektoratet fastsette ein minimums- og maksimumsdel av tollkvoten som éin bodgivar kan legge inn bod på i ein auksjon.
  • Dersom ein kvote ikkje blir fullt fordelt ved ein auksjon kan restkvantum bli fordelt ved andre auksjonsrundar eller ein tilleggsauksjon.
  • Kvotane er omsettelege. Det betyr at det er mogleg å kjøpe kvote av andre som har fått tildelt kvote.
  • I tillegg gjeld reglar for å gje bod.

Dette bør du førebu

For å delta på ein auksjon må du melde deg på i forkant av kvar auksjonsrunde. Vi tilrår at du deltar på ein testauksjon, så du er trygg på korleis det fungerer når auksjonen først blir gjennomført.

Meld deg på som deltakar

Skjema

For å melde deg på til auksjon, gå til Tollavgiftsnedsettelser ved import av landbruksvarer og tilskudd til norsk produksjon av bearbeidede landbruksvarer (RÅK-varer) via Altinn, for å registrere deg. Her blir du bedd om å logge deg inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn.

I søknadssystemet går du til «tollkvoter» og deretter «auksjonsplan». Der kan du melde deg på og finne detaljert informasjon om auksjonstidspunkt for dei ulike kvotane.

I skjemaet skal du registrere

  • Ved påmelding må du stadfeste at du ikkje skal samarbeide med andre aktørar under auksjonane.
  • Du må oppgi ein kontaktperson som vi vil kontakte ved behov under ein auksjonsrunde.
  • Du kan melde på ein eller fleire personar til å delta i ein auksjonsrunde for føretaket ditt. Du må oppgi personnummer (11 siffer) til dei aktuelle personane.
  • Påmeldinga skal skje i vår elektroniske løysing via Altinn. Du som søker må ha rolla «Primærnæring og næringsmidler» i Altinn.

Påmelding må bli gjort i forkant av kvar auksjonsrunde. Siste frist for å melde seg på til kvar auksjonsrunde står i auksjonsplanen og blir varsla om i vårt nyheitsbrev under «frister».

Sende skjema

Når du har fylt inn alle opplysningane, send inn søknad om påmelding.

Når Landbruksdirektoratet har motteken søknaden, får du ei bekrefting på e-post.

Kredittvurdering før kvar auksjon

Føretak som skal delta på auksjon må vere kredittverdige. I forkant av kvar auksjonsrunde gjennomfører Landbruksdirektoratet ei kredittvurdering av alle føretak som har registrert seg som auksjonsdeltakarar innan fristen.

Føretak som ikkje blir vurdert kredittverdige vil bli bedd om å stille bankgaranti for å kunne delta i auksjonsrunden. Landbruksdirektoratet sender brev med frist for innsending av bankgaranti. Føretaket kan ikkje by for meir enn garantibeløpet på auksjonsrunden. Landbruksdirektoratet må ha fått bankgarantien innan fastsett frist og den må ha ein gyldigheit på minst 3 månader etter auksjonen.

Mal for bankgaranti finn du her

Delta på auksjon

Gi bod på auksjon

Landbruksdirektoratet har ei eiga løysing for å halde auksjonar som er tilgjengeleg på ei eiga nettside. Der finn du informasjon om kva for auksjonar som går føre seg, kva for bod du har gitt og historisk fordeling av kvotar etter auksjon.

For å legge inn bod må du logge inn. Du loggar på ved å trykke på «logg inn» øvst i høgre hjørne av nettlesaren. Du må da logge inn med ID-porten.

Detaljerte reglar for å gi bod og beskriving av korleis du gir bod finn du i vår veileder for auksjonsløsning for tollkvoter.

På hovudsida i auksjonsløysinga kan du gå inn på den kvoten du er interessert i for å gi bod.

Det kan også bli halde testauksjonar i løpet av året dersom det er stor etterspørsel etter dette, eller viss det er mange nye aktørar som skal delta på auksjonen.

Betaling og uttak

Betaling

Dersom du får tildelt ein importkvote, får du ein faktura kort tid etter at alle auksjonar i same auksjonsrunde er avslutta.

Betalingsfrist: 14 dagar rekna frå fakturadato.

Tollavgiftssatsen blir først kravd inn når importen finn stad, saman med andre avgifter knytt til import. Det er tolletaten som krev inn tollsatsen.

Uttak

For å gjere uttak på kvote du har fått tildelt på auksjon, må du søke om dette.

Gå til skjema Tollavgiftsnedsettelser ved import av landbruksvarer og tilskudd til norsk produksjon av bearbeidede landbruksvarer (RÅK-varer), for å søke.

I systemet finn du oversikt over alle kvotane, mengdene og løyva til føretaket.

Sal av kvotedel

Dersom du ønsker å selje ein kvotedel du har fått tildelt på auksjon, kan du først gjere dette etter at fakturaen er betalt.

For å overføre ein kvote til eit anna føretak, gå til registrere salg av tollkvote.

Når kvoten er overført frå seljar til kjøpar, kan kjøpar søke om uttak av kvoten.

Kontroll

For å kunne kontrollere at vilkåra som er sett i forskrift om fordeling av tollkvotar for landbruksvarer blir overhalde, kan Landbruksdirektoratet krevje å få tilsendt dokument og vareprøvar, og foreta stadleg kontroll hos kvoteeigar.

Kvoteeigar pliktar å yte bistand ved slik kontroll.

Klage

Du kan klage på enkeltvedtak fatta etter forskrift om fordeling av tollkvotar for landbruksvarer. Klagen blir sendt til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka viss ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.

Klagefrist: 3 veker.

Brot på føresegn

Ved brot på føresegnene kan heile eller delar av kvotedelen bli trekt tilbake og/eller kvoteeigar kan miste tilgang til å bli tildelt kvotedelar i inntil tre år.

Påmeldingsfristar

Auksjonsdato 4-6. november 2025

Hovedrunden. Kjøttvarer, utenlands bearbeiding, ost m.m.

Auksjonsdato 18. november 2025

Korn

Auksjonsdato 10. desember 2025

Eplesaft- og konsentrat

Auksjonsdato 29. januar 2026

Frukt, bær og ufordelte mengder

Treng du hjelp dagen før eller under ein auksjon?

Ring auksjonstelefonen på 909 54 424.

For andre spørsmål

Ta kontakt med Landbruksdirektoratet

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk