Søke om kvotar for kosherslakta og halalslakta kjøt
Gjeld søknad om kvotar for kosherslakta kjøt og halalslakta kjøt.
Husk Søknadsfristen
Kven kan søke?
Berre registrerte trussamfunn kan søke om kvote og berre trussamfunnet sjølv, eller heileigde selskap av trussamfunnet, kan stå for importen. Om prosessen:
Om prosessen:
Før du søker
Kva du kan søke om
- Del av kvote for kosherslakta kjøt
- Del av kvote for halalslakta kjøt
Kvotenamn | Varenummer i tolltariffen | Mengde (tonn) | Tollavgiftssats (kr/kg) |
Kosherslakta kjøt | Kap. 2 og 16 | 15 | Blir berekna årleg for kvar enkelt vare |
Halalslakta kjøt | Kap. 2 og 16 | 150 | Blir berekna årleg for kvar enkelt vare |
Vilkår
- Kvoteordninga gjeld rett til redusert tollavgiftssats, for ei gitt mengd varer, innanfor ein gitt tidsperiode.
- Kvotane omfattar halalkjøt og kosherkjøt som er slakta etter religiøse tradisjonar, der slaktemetoden ikkje er tillate i Noreg.
- Det skal bli søkt om ei bestemt mengd av ei gitt vare. Du må oppgi mengda du ønsker av kvoten når du sender inn søknad.
- Kvotane blir fordelt etter innkommande søknader i det elektroniske søknadssystemet. Landbruksdirektoratet kan fastsette minimums- og maksimumsdel av heile tollkvota ein kvotesøkar kan få tildelt per søknad, og også totalt per kvoteår.
- Viss den totale mengda det blir søkt om overstig tollkvota, blir mengda forholdsmessig avkorta mellom søkarane.
Dette bør du førebu
- Når du søker om del av kvota for kosherslakta eller halalslakta kjøt må du oppgi kva mengd du ønsker av ein angitt vare. Dette må du difor ha klart før du søker.
Utfylling av søknad
For å søke om ein del av kvota må du først søke opp den aktuelle kvota inne i søknadssystemet. Trykk på kvota og deretter trykk på «Søk om kvoteandel».
Søknaden må sendes via det elektroniske søknadssystemet. Vi tar ikkje imot søknader på e-post.
Behandling av søknaden
Mottak
Landbruksdirektoratet får søknaden og behandlar den etter søknadsfristen har gått ut. Vi sjekkar opplysningane og ved behov kan vi be om meir informasjon.
Behandling
Landbruksdirektoratet behandlar søknaden og gjer vedtak.
Svar på søknaden
Du får beskjed på e-post om at søknaden er ferdig behandla. Du må logge inn i søknadssystemet for å sjå sjølve vedtaket.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Klagen blir sendt til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka viss ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.
Les meir om retten til å klage i forvaltningslova kapittel VI. Du kan også be om å få sjå dokumenta i saka, jf. Forvaltningslova §§ 18 til 19.
Klagefrist: 3 veker.
Viktige datoar
Søknadsfrist:
15. oktober året før kvoten er gyldig