Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Erstatning etter pålegg om destruksjon av planter

Gjeld erstatning etter offentleg pålegg om å destruere planter for å nedkjempe planteskadegjerarar.

Kven kan søkje?

Føretak som har krav på produksjonstilskot eller skal levere årsoppgåve etter lov om merverdiavgift, kan søkje om erstatning. For skogbruk gjeld erstatningsordninga for verksemder som har krav på tilskot i etter forskrift om miljøtiltak mv. i skogbruket.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje erstatning for

Du kan søkje erstatning for

  • planter eller plantedelar etter forskrift om planter og tiltak mot planteskadegjørere
  • utgifter til gjennomføring av pålagde tiltak for å fjerne moglege smittestoff 

Kort om ordninga

Ordninga gjeld verksemder som har krav på produksjonstilskot, eller som skal levere årsoppgåve etter lov om merverdiavgift.

For skogbruk gjeld ordninga verksemder som har krav på tilskot etter forskrift om miljøtiltak mv. i skogbruket.

Det er eit krav at eigaren eller den som har ansvar for plantene mv., ikkje sjølv forsettleg eller grovt aktlaust har valda sjukdommen, utlegget eller tapet. Varslingsplikt og vedtak som er gjevne i eller i medhald av matlova, må vere følgde.

Dette bør du førebu

Til søknaden skal du leggje ved kopi av pålegg, stadfesting på gjennomføring av pålegget og spesifisert dokumentasjon over tap og utgifter ved gjennomføring. Vi tilrår at du har dette klart til du registrerer søknaden.

Utfylling av søknad

Skjema

Gå til skjemaet Erstatningsordningane i landbruket via Altinn for å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn. 

Hugs søknadsfrist 6 månader etter at det pålagde tiltaket er gjennomført og godkjent av Mattilsynet.

I skjemaet skal du registrere

  • kven som søkjer
  • opplysningar om driftssenteret   

I tillegg skal du leggje ved vedlegg: 

  • påleggsbrev med tilhøyrande saneringsplan godkjent av Mattilsynet på heilt eller delvis gjennomført pålegg frå Mattilsynet
  • kostnadsoppgåve for materiell til gjennomføring av pålagde tiltak, spesifisert på tiltak 1)
  • kostnadsoppgåve for leigd arbeid frå andre føretak til gjennomføring av pålagde tiltak, spesifisert på tiltak 1)
  • arbeidslister over eige arbeid og arbeid der søkjaren er arbeidsgjevaren, spesifisert på tiltak 1) 
  • oppgåve over verdi på påleggstidspunktet for lausøyre, maskiner og reiskapar som søkjaren er pålagd å destruere
  • tap av planter (opplysningar blir henta frå næringsoppgåver, omsetningsledd, rekneskapstal e.l.)

1) Bygningsmessige tiltak skal ikkje reknast ut i vedlegg. For desse postane skal statsforvaltaren utføre verdiutrekninga. Bygningsmessige tiltak er meir omfattande tiltak enn måling og anna overflatebehandling.  

Dersom du ikkje kan søkje digitalt, kan du bruke skjemaet Søknad om erstatning etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon (LDIR-278) for å sende søknaden på e-post eller som brev i posten.  

Sende søknad

Send søknaden med vedlegg til statsforvaltaren. Dersom du søkjer elektronisk, skjer dette automatisk.     

Om du får stadfesting på søknaden du har sendt inn, er avhengig av rutinar hos kvar enkelt kommune.

Behandling av søknaden

Mottak

Når statsforvaltaren har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.

Behandling

Statsforvaltaren behandlar søknaden og gjer vedtak.

Kontroll

Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.

Svar og utbetaling

Svar

Du får svar på søknaden i innboksen din i Altinn. Dersom du har sendt papirsøknad, får du stadfesting på e-post eller i vanleg post.

Utbetaling

Får du tilskot, blir pengane automatisk overførte til konto. Det er Landbruksdirektoratet som utbetalar pengane.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Send klaga til Landbruksdirektoratet. Det er Landbruksdirektoratet som behandlar klagesaker.  

Vedtak som er gjorde av Landbruksdirektoratet, kan klagast inn til Landbruks- og matdepartementet.

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.

Viktige datoer

Søknadsfrist:

6 månader etter at det pålagde tiltaket er gjennomført og godkjent av Mattilsynet

Treng du hjelp?

Ta kontakt med Jonas Hovd i Landbruksdirektoratet

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk