Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Erstatning etter pålegg om nedslakting

Gjeld erstatning for dyr som er pålagde nedslakta, og dekning av kostnader for andre pålagde saneringstiltak.

Kven kan søkje?

Eigar av husdyr som har fått pålegg om nedslakting av dyr etter påvising av smittsam sjukdom, kan søkje om erstatning.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje erstatning for

Du kan søkje erstatning for

  • husdyr som er pålagde nedslakta
  • kostnader ved å gjennomføre pålagde smittetiltak
  • produksjonstap ved utbrot av MRSA
  • kostnader til å utarbeide saneringsplan ved utbrot av MRSA 

Kort om ordninga

  • Erstatningsordninga skal redusere den økonomiske belastninga ved ulike mottiltak mot dyresjukdommar og smittestoff.
  • Dyr som er pålagde nedslakta blir erstatta med standardiserte satsar.
  • Hus og innreiing m.m. som er pålagt destruert, blir erstatta med verdien på påleggstidspunktet.
  • Eige arbeid blir erstatta etter lønstrinn 48.
  • Nødvendige utgifter til gjennomføring av pålagde tiltak blir dekte etter dokumentasjon.
  • Ein kan få erstatning når tapet ikkje blir dekt gjennom forsikringane til dyreeigaren.
  • Dyreeigaren skal reetablere besetninga til tilsvarande drift som før nedslakting.
  • Eigaren eller den som har ansvar for dyra, må ikkje sjølv forsettleg eller grovt aktlaust ha valda sjukdommen, utlegget eller tapet. Varslingsplikt og vedtak som er gjevne i eller i medhald av matlova, må vere følgde.  

Dette bør du førebu

Ordninga har to skjema, eitt for erstatning etter pålagd nedslakting, og eitt for erstatning av produksjonstap ved utbrot av MRSA. Til kvar av søknadene skal du leggje ved vedlegg. Vi tilrår at du har denne dokumentasjonen klar når du registrerer søknaden.

Utfylling av søknad

Ordninga har to skjema, eitt for erstatning etter pålagd nedslakting, og eitt for erstatning av produksjonstap ved utbrot av MRSA.

Skjema for erstatning etter pålagd nedslakting

Gå til skjemaet «Erstatningsordningane i landbruket» via Altinn, for å søkje om erstatning for husdyr som er pålagde å bli nedslakta og dekning av kostnader til pålagde saneringstiltak. Her blir du beden om å logge inn. Bruk skjema for kompensasjon for produksjonstap ved MRSA. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn

Hugs søknadsfrist 6 månader etter at det pålagde tiltaket er gjennomført og godkjent av Mattilsynet. 

I skjemaet skal du registrere

  • kven som søkjer
  • kontonummer
  • opplysningar om driftssenter
  • kva du søkjer erstatning for
    • kostnader til bruk av eigne eller innleigde maskiner og utstyr
    • kostnader til leigd arbeid
    • kostnader til eige arbeid
    • lausøyre, bygningar, maskiner, reiskapar som er pålagde å bli destruerte
    • dyr som er pålagde å bli nedslakta
    • eventuelle merknader og tilleggsopplysningar

I tillegg skal du leggje ved vedlegg: 

  • vedtak om pålagd sanering frå Mattilsynet
  • stadfesting frå Mattilsynet om at pålegget er gjennomført
  • dokumentasjon på utgifter i samband med utarbeiding av saneringsplan
  • oversikt over timeforbruk ved eige arbeid (Mal timeliste og bruk av egne maskiner)
  • dokumentasjon på kostnader til leigd arbeid og maskiner
  • dokumentasjon på talet på dyr og alderen deira
  • dokumentasjon på slakteoppgjer i samband med nedslaktinga
  • oversikt over den tiltenkte bruken av dyra ved gjenteken påvising av smitte
  • stadfesting på at drifta skal reetablerast

Dersom du ikkje kan søkje digitalt, kan du bruke skjemaet Søknad om erstatning etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon (LDIR-278) for å sende søknaden på e-post.

Skjema for erstatning ved utbrot av MRSA

Bruk skjemaet Søknad om kompensasjon for produksjonstap etter pålegg om nedslakting av svinebesetning grunna påvising av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA) (LDIR-281) for å søkje om erstatning for produksjonstap. 

Hugs søknadsfrist 6 månader etter at den pålagde nedslaktinga er gjennomført. 

I skjemaet skal du registrere

  • kven som søkjer
  • kontonummer
  • opplysningar om driftssenter
  • kva du søkjer kompensasjon for
  • kompensasjon ved første gongs påvist smitte
    • livdyr (eldre enn 18 veker)
  • kompensasjon ved gjenteken påvist smitte
    • livdyr
    • slaktegris
    • smågris
  • kompensasjon ved pålagd opphaldsperiode
    • livdyr (eldre enn 18 veker)
    • slaktegris
    • smågris
  • eventuelle merknader og tilleggsopplysningar

 I tillegg skal du leggje ved vedlegg: 

  • vedtak om pålagd sanering frå Mattilsynet
  • stadfesting frå Mattilsynet om at pålegget er gjennomført
  • dokumentasjon på talet på dyr og alderen deira 
  • oversikt over den tiltenkte bruken av dyra ved gjenteken påvising av smitte eller ved pålegg om opphaldsperiode
  • stadfesting på at drifta skal reetablerast

Sende søknad

Send søknaden med vedlegg til statsforvaltaren på e-post, eller per post.    

Om du får stadfesting på søknaden du har sendt inn, er avhengig av rutinar hos kvar enkelt kommune. 

Behandling av søknaden

Mottak

Når statsforvaltaren har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.       

Behandling

Statsforvaltaren behandlar søknaden og gjer vedtak.

Kontroll

Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.

Svar og utbetaling

Svar

For søknad om erstatning etter pålagd nedslakting får du svar i innboksen din i Altinn. 

For søknad om erstatning ved utbrot av MRSA, får du svar i e-post eller i brev i posten. 

Utbetaling

Får du tilskot, blir pengane automatisk overførte til konto. Det er Landbruksdirektoratet som betalar ut pengane.    

Utrekna kompensasjon under kroner 1 000 blir ikkje utbetalt.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Send klaga til statsforvaltaren. Landbruksdirektoratet vil behandle klagesaka dersom ikkje statsforvaltaren omgjer vedtaket.

Landbruksdirektoratet kan i særlege tilfelle dispensere frå søknadsfristen. Send søknaden om dispensasjon til statsforvaltaren. Klage på dispensasjonsvedtak blir behandla av Landbruksdirektoratet. 

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.

Viktige datoer

Søknadsfrist for erstatning etter pålagd nedslakting:

6 månader etter at det pålagde tiltaket er gjennomført og godkjent av Mattilsynet

Søknadsfrist for erstatning ved utbrot av MRSA:

6 månader etter at den pålagde nedslaktinga er gjennomført

Treng du hjelp?

Kontakt statsforvaltaren i ditt fylke

Statsforvaltaren kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Finn din statsforvaltar

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk