Erstatning for kostnader til tiltak som følgje av radioaktivitet
Gjeld erstatning ved pålegg om nedfôring av besetninga før slakting, på grunn av radioaktivitet i storfe og småfe.
Kven kan søkje?
Eigarar av storfe eller småfe, som har beita i utmark og er pålagde nedfôring av dyra før slakt på grunn av radioaktivitet, kan søkje om erstatning.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje tilskot til
Du kan søkje erstatning for auka utgifter som resultat av nedfôring på grunn av radioaktivitet.
Ein kan få erstatning for desse utgiftene:
- ordinære nedfôringskostnader
- utgifter til samling av dyr
- erstatning for dyr som døyr under nedfôring
- kjøt som etter nedfôring framleis har for høge nivå av radioaktivitet ved slakt
Kort om ordninga
Verksemda må følgje ein godkjend nedfôringsplan og ha meldt dyra inn til slakting seinast ei veke etter at nedfôringsperioden er slutt.
- Nedfôringsplan og startdato for nedfôring må vere godkjent av kommunen før nedfôring blir sett i verk.
- Eigaren eller den som har ansvar for dyra, må ikkje sjølv forsettleg eller grovt aktlaust ha valda sjukdommen, utlegget eller tapet. Varslingsplikt og vedtak som er gjevne i eller i medhald av matlova, må vere følgde.
Dette bør du førebu
Til søknaden skal du leggje ved vedlegg. Vi tilrår å starte med dette i god tid før søknadsfristen.
Utfylling av søknad
Skjema
Gå til skjemaet Erstatningsordningane i landbruket via Altinn for å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn.
Hugs søknadsfristen, som er 6 månader etter pålagt overtid tiltak er gjennomført.
I skjemaet skal du registrere
- kven som søkjer
- tidspunkt for måling av radioaktivitet
- antall dyr transportert til måleplass
- pålagd nedfôringstid
- talet på nedfôra dyr sende til slakt
- talet på dyr, spesifisert etter type, kjønn og alder, kassert/ikkje godkjend til menneskeføde
- talet på dyr som har døydd etter nedfôring, spesifisert etter type, kjønn og alder
I tillegg skal du leggje ved vedlegg:
- Stadfesting frå Mattilsynet på dyr som er målt
- Attest frå landbruksforvaltninga i kommunen på tidspunktet for sankinga
- Vedtak om pålagd nedfôring frå Mattilsynet
- Godkjend nedfôringsplan frå kommunen
- Godkjend startdato for nedfôring frå kommunen
- Stadfesting frå kommunen på at pålagd nedfôringsopplegg er gjennomførd
- Dokumentasjon på avregning frå slakteri
- Dokumentasjon frå veterinær eller landbruksforvaltninga i kommunen på at dyret døde under nedfôring og dokumentasjon av vekt på kadaveret
Dersom du ikkje kan søkje digitalt, kan du bruke skjemaet Søknad om erstatning for nedfôringskostnader mv. som følgje av radioaktivitet (LDIR-279), for å sende søknad på e-post eller som brev i posten.
Sende søknad
Når du trykkjer på «Send inn», blir søknaden automatisk send til statsforvaltaren.
Dersom du brukar papirskjema, sender du dette saman med vedlegg på e-post eller i vanleg post til statsforvaltaren i fylket der verksemda ligg. Om du får stadfesting, er avhengig av rutinar hos kvar enkelt kommune.
Behandling av søknaden
Mottak
Når statsforvaltaren har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.
Behandling
Statsforvaltaren behandlar søknaden og gjer vedtak.
Kontroll
Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.
Svar og utbetaling
Svar
Du får svar på søknaden i innboksen din i Altinn. Har du sendt papirskjema, får du svar på e-post eller som brev i posten.
Utbetaling
Får du tilskot, blir pengane automatisk overførte til konto. Det er statsforvaltaren som betalar ut pengane.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Send klaga til statsforvaltaren. Landbruksdirektoratet vil behandle klagesaka dersom ikkje statsforvaltaren omgjer vedtaket.
Tilbakebetaling og avkorting
Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.
Viktige datoer
Søknadsfrist:
6 månader etter at det pålagde tiltaket er gjennomført og godkjent av Mattilsynet
Endre kontonummer
Du kan endre kontonummer ved å logge deg inn via Altinn.
Treng du hjelp?
Kontakt statsforvaltaren i ditt fylke
Statsforvaltaren kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.
Finn din Statsforvaltar