Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Erstatning ved frivillig nedslakting av småfe

Gjeld erstatning ved pålagde beiterestriksjonar på grunn av skrapesjuke eller CAE/mædi/visna når ein frivillig slaktar ned besetninga.

Kven kan søkje?

Føretak som har fått vedtak om beiterestriksjonar av Mattilsynet, og som frivillig slaktar ned besetninga, kan søkje om økonomisk erstatning.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje erstatning for

Du kan søkje erstatning for

  • nedslakta småfe etter standardiserte satsar
  • materiellkostnader som følgje av pålad sanering

Kort om ordninga

  • Ordninga gjeld føretak som er pålagde restriksjonar mot å sende småfebesetning på fellesbeite på grunn av skrapesjuke eller CAE/mædi/visna, og som frivillig slaktar ned besetninga.
  • Heile besetninga må slaktast ned innan 6 månader etter at restriksjonane er pålagde.
  • Fjøs, innreiing og utstyr må desinfiserast i samsvar med pålegg frå Mattilsynet.  

Dette bør du førebu

Til søknaden skal du leggje ved vedlegg. Vi tilrår at du har dette klart når du registrerer søknaden.

Utfylling av søknad

Skjema

Gå til skjemaet Erstatningsordningane i landbruket via Altinn for å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finninformasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn

Hugs å søkje seinast 6 månader etter at det pålagde tiltaket er gjennomført og godkjent av Mattilsynet.

I skjemaet skal du registrere

  • kven som søkjer
  • kontonummer
  • opplysningar om driftssenteret
  • kva erstatninga gjeld
  • eventuelle merknader og tilleggsopplysningar

I tillegg skal du leggje ved vedlegg:

  • brev med pålagde saneringstiltak frå Mattilsynet
  • stadfesting frå Mattilsynet på at tiltaka er gjennomførtet
  • avrekningsoppgåve fra slakteriet over slakta dyr
  • dokumentasjon over utgifter til tiltak ein kan få erstatning for

Dersom du ikkje kan søkje digitalt, kan du bruke skjemaet Søknad om erstatning etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon (LDIR-278) for å sende søknad på e-post eller i vanleg post.

Sende søknad

Når du trykkjer «Send skjema», blir søknaden automatisk send til statsforvaltaren. Du får stadfesting på at søknaden er registrert i innboksen din i Altinn.

Dersom du brukar papirskjema, sender du dette saman med vedlegg på e-post eller i vanleg post til statsforvaltaren. Om du får stadfesting, er avhengig av rutinar hos kvar enkelt statsforvaltar.  

Behandling av søknaden

Mottak

Når statsforvaltaren har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.

Behandling

Statsforvaltaren behandlar søknaden og gjer vedtak.

Kontroll

Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.

Svar og utbetaling

Svar

Du får svar på søknaden i innboksen din i Altinn. Har du sendt papirskjema, får du svar på e-post eller som brev i posten.

Utbetaling

Får du erstatning, blir pengane automatisk overførte til konto. Det er Landbruksdirektoratet som utbetalar pengane.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Send klaga til statsforvaltaren. Landbruksdirektoratet vil behandle klagesaka dersom ikkje statsforvaltaren omgjer vedtaket.

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.

Viktige datoar

Søknadsfrist:

seinast 6 måneder etter vedtak om pålegg

Treng du hjelp?

Kontakt statsforvaltaren i ditt fylke

Statsforvaltaren kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Finn din statsforvaltar

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk