Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Erstatning ved opphaldsperiode

Føretak som får pålegg om å slakte ned husdyr, eller som frivillig slaktar ned fordi dei har fått restriksjonar mot å sende småfe på fellesbeite, kan få pålegg om opphaldsperiode og søkje erstatning.

Kven kan søkje?

Føretak som driv husdyrproduksjon, kan søkje erstatning.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje erstatning for

Du kan søkje erstatning for tap i opphaldsperioden for

  • husdyrtilskot
  • areal- og kulturlandskapstilskot
  • tilskot til dyr på utmarksbeite
  • tilskot til dyr på beite

Kort om ordninga

  • Erstatninga gjeld føretak som får pålegg om å slakte ned husdyr, eller som frivillig slaktar ned fordi dei har fått restriksjonar mot å sende småfe på fellesbeite, og som har fått pålegg om ein opphaldsperiode.
  • Ein kan få erstatning i opphaldsperioden frå og med 12 månader og inntil 3 år etter pålegg om opphaldsperiode.
  • Søkjaren må etablere tilsvarande drift etter opphaldsperioden.
  • Ein får ikkje erstatning for tapt tilskot etter at verksemda har starta opp drift etter ein opphaldsperiode.

Dette bør du førebu

Til søknaden skal du leggje ved vedlegg. Vi tilrår at du har dette klart når du registrerer søknaden.

Utfylling av søknad

Skjema

Gå til skjemaet Erstatningsordningane i landbruket via Altinn for å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn

Hugs søknadsfristen som er 6 månader etter at pålagde tiltak er gjennomførte og godkjende av Mattilsynet.

I skjemaet skal du registrere

  • kven som søkjer
  • erstatning for tap av tilskot i ein pålagd opphaldsperiode
  • eventuelle merknader og tilleggsopplysningar
  • aksept av vilkår

I tillegg skal du leggje ved relevante vedlegg

  • stadfesting frå Mattilsynet på heilt eller delvis gjennomført pålegg om nedslakting
  • vedtak frå Mattilsynet om pålagd opphaldsperiode
  • oversikt over dyr som er pålagde å bli slakta ned, spesifisert på alder, kjønn og om dei er drektige

Sende søknad

Når du trykkjer «Send skjema», blir søknaden automatisk send til statsforvaltaren. Du får stadfesting på at søknaden er registrert, i innboksen din i Altinn.

Dersom du brukar papirskjema, sender du dette saman med vedlegg på e-post eller i vanleg post til statsforvaltaren i fylket der verksemda ligg.  Om du får stadfesting, er avhengig av rutinar hos kvar enkelt statsforvaltar.

Behandling av søknaden

Mottak

Når statsforvaltaren har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.

Behandling

Statsforvaltaren behandlar søknaden og gjer vedtak.

Kontroll

Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.

Svar og utbetaling

Svar

Du får svar på søknaden i innboksen din i Altinn. Har du sendt papirskjema, får du svar på e-post eller som brev i posten.

Utbetaling

Får du tilskot, blir pengane automatisk overførte til konto. Det kan også gjerast vedtak om delutbetaling etter dokumenterte utgifter eller tap.

Det er Landbruksdirektoratet som betalar ut pengane.       

Klage

Du kan klage på vedtaket. Send klaga til statsforvaltaren. Landbruksdirektoratet vil behandle klagesaka dersom ikkje statsforvaltaren omgjer vedtaket. 

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.

Viktige datoar

Søknadsfrist:

6 månader etter at det pålagde tiltaket er gjennomført og godkjent av Mattilsynet

Treng du hjelp?

Kontakt statsforvaltaren i ditt fylke

Statsforvaltaren kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Finn din statsforvaltar

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk