Flytting av grunnkvote
Du kan flytte grunnkvote mellom landbrukseigedommar du eig innanfor same produksjonsregion. I den digitale løsninga må heile grunnkvoten flyttast.
Kven kan søkje?
Eigaren av fleire landbrukseigedommar innanfor same produksjonsregion kan flytte grunnkvote mellom dei.
Om prosessen:
Før du søkjer
Verdien på landbrukseigedommen blir redusert når ein grunnkvote blir flytta, derfor må medeigarar og dei som har tinglyste pengehefte i eigedommen (panthavarar) samtykkje til flyttinga. Den digitale søknadsløysinga hentar fram og viser eventuelle panthavarar og medeigarar frå grunnboka. Du kan velje om den enkelte panthavaren eller medeigaren skal samtykkje digitalt eller på papirskjema.
Dette bør du førebu
Digital samtykkjeførespurnad blir send automatisk til Altinn-innboksen til panthavaren eller medeigaren når du sender inn søknaden. Det er ein fordel om du på førehand har avklart om dei vil samtykkje, og om dei kan samtykkje digitalt.
Dersom panthavaren eller medeigaren skal samtykkje på papirskjema, må du bruke skjemaet som er fastsett av Landbruksdirektoratet, og ha eit skanna samtykke frå panthavaren eller medeigaren klart når du fyller ut den digitale søknaden.
Søknad
Logg inn på tjenesten kvoteordningen for melk via Altinn for å søkje om flytting. Du finner informasjon om hvordan du logger inn på nettsidene til Altinn.
Det er ingen søknadsfrist for flytting av grunnkvote. Du skal fylle ut eigedommane du flyttar mellom, og verknadsdato for flyttinga. Når du har sendt inn søknaden, får du ei kvittering i innboksen din i Altinn.
Det er ditt ansvar å følgje opp førespurnader om samtykke som er sende digitalt. Dersom Landbruksdirektoratet ikkje får svar på samtykkeførespurnadene, blir ikkje søknaden teken til behandling.
Viss du berre skal flytta delar av grunnkvoten, må du ta kontakt med oss.
Behandling og svar
Landbruksdirektoratet behandlar søknader om flytting av grunnkvote kontinuerleg, og sender ut vedtak til innboksen din i Altinn, eller i posten dersom du har reservert deg mot digital kommunikasjon med det offentlege. Eventuelle medeigarar på eigedommen vil også få eit vedtaksbrev.
Viktige datoar
Søknadsfrist:
Kontinuerleg
Treng du hjelp?
Sjå spørsmål og svar for ordninga
Send e-post til melkekvoter@landbruksdirektoratet.no eller ta kontakt med sentralbordet og be om å få prate med ein saksbehandlar i seksjon pristilskudd og produksjonsregulering.