Kjøp av grunnkvote frå staten
Det vil ikkje vere kjøpsomgang frå staten i 2025. Grunnen er at kvote selt til staten skal brukast til rekrutteringskvote i Troms og Finnmark.
Hugs søknadsfristen
Kven kan søkje?
Du kan søkje om å kjøpe grunnkvote kumjølk frå staten viss du eig ein landbrukseigedom med grunnkvote, eller har kjøpt minst 30 000 liter grunnkvote kumjølk privat i omsetningsrunden same år.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva kan du søkje om
Du kan søkje om å kjøpe grunnkvote for kumjølk frå staten.
Kort om ordninga
- Søknadsfrist: 1 oktober (søknaden vert normalt opna i byrjinga av august).
- Kjøpet gjeld frå 1. januar året etter.
- Du kan ikkje både selje grunnkvote og søkje om å kjøpe grunnkvote frå staten same år.
- Du kan ikkje kjøpe kvote som gjer at grunnkvota på eigedomen din overstig 700 000 liter kumjølk. Viss du allereie har meir grunnkvote enn dette, er det difor ikkje hensiktsmessig å søkje.
- Pris per liter er kr 4,00 + mva.
- Kor mykje du får tilbod om, vil avhenge av:
- Mengda kvote som er tilgjengeleg for sal i din region
- Kor mange som ynskjer å kjøpe grunnkvote frå staten
- Kor mykje kvote som er på eigedomen din frå før av
- Tilgjengeleg kvote innanfor kvar produksjonsregion vert fordelt likt mellom kjøparane, avgrensa til mengda kvar søkjer har bedt om.
Utfylling av søknad
Logg inn på tenesta Kvoteordninga for mjølk via Altinn for å søkje. Rettleiing for innlogging finn du på Altinn sine nettsider.
- I søknaden fyller du ut kor mange liter grunnkvote du ynskjer å kjøpe.
- Du kan også oppgi kva for føretak som skal disponere den kjøpte kvoten.
- Når søknaden er sendt, får du ei kvittering i din innboks i Altinn.
Behandling av søknaden
Landbruksdirektoratet behandlar søknadar om kjøp etter at alle søknader om sal av grunnkvote er ferdigbehandla. Det er fordi mengda kvote staten kan selje ut, er avhengig av kor mange liter som er selt til staten i din region.
Svar og betaling
Svar
I midten av oktober får du vedtaksbrev og faktura frå Landbruksdirektoratet.
Betaling
Betalingsfristen er 26. oktober.
Heile beløpet må betalast innan fristen, og det er ikkje mogleg å dele opp betalingen. Vi gir heller ikkje utsetjing av betaling. Viss betalinga ikkje er motteke innan fristen, fell tilbodet om kjøp bort.
Viktige datoar
Søknadsfrist:
Søknadsfrist er 1. oktober
Når du får svar:
I midten av oktober
Betalingsfrist:
26. oktober
Endre kontonummer
Du kan endre kontonummer ved å logge deg inn via Altinn.
Treng du hjelp?
Sjå spørsmål og svar for ordninga
Send e-post til melkekvoter@landbruksdirektoratet.no eller ta kontakt med sentralbordet og be om å få prate med ein saksbehandlar i Seksjon pristilskudd og produksjonsregulering.