Til hovedinnhold

Kompensasjon for lågare årleg alderspensjon for pelsdyroppdrettarar

Gjeld kompensasjon for pelsdyroppdrettarar som er fødde 1. februar 1963 eller tidlegare, og som tek ut alderspensjon etter fylte 62 år og før fylte 67 år.

Hugs søknadsfristen

Kven kan søkje?

Pelsdyroppdrettarar kan søkje tilskot.     

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje om

Du kan søkje om kompensasjon for lågare årleg alderspensjon som følgje av uttak av alderspensjon etter fylte 62 år, men før fylte 67 år. 

Kort om ordninga         

  • Kompensasjon blir gjeve til pelsdyroppdrettarar som heldt pelsdyr for pelsdyrproduksjon 15. januar 2018. 
  • Kompensasjon kan bli gitt til pelsdyroppdrettarar som 15. januar 2018 hadde opphald i pelsdyrhaldet etter pelsing i andre halvår 2015 eller seinare på grunn av at dei deltok i eit organisert opplegg for sanering av smittsam dyresjukdom, og som disponerte eit intakt anlegg for hald av pelsdyr med sikte på å ta opp att produksjonen. 
  • Pelsdyrproduksjonen må vere avslutta på vedtakstidspunktet. Produksjonen blir rekna som avslutta når det ikkje lenger blir halde levande pelsdyr i pelsdyrverksemda.
  • Du må vere fødd 1. februar 1963 eller tidlegare. 
  • Du må ta ut alderspensjon etter fylte 62 år, men før fylte 67 år. 
  • Løns- og næringsinntekta di kan ikkje overstige to gonger grunnbeløpet etter folketrygdlova § 1-4. 

Dette bør du førebu

Til søknaden skal du leggje ved dokumentasjon på

  • at du får alderspensjon 
  • den samla løns- og næringsinntekta di 
  • dokumentasjon på anna pensjonsgivende inntekt

Vi tilrår å starte med dette i god tid før søknadsfristen.      

Utfylling av søknad

Skjema

Bruk skjemaet Søknad om kompensasjon for lågare årleg
alderspensjon for pelsdyroppdrettarar (LDIR-290 B)
, for å søkje.   

Hugs søknadsfristen 31. august. 

I skjemaet skal du registrere       

  • kven som søkjer 
  • kontonummer 
  • opplysningar om pelsdyrproduksjonen 
  • opplysningar om eigedom og eigarskap 
  • kva du søkjer kompensasjon for 
  • eventuelle kommentarar 

 I tillegg skal du leggje ved   

  • dokumentasjon på opphald i pelsdyrhaldet per 15. januar 2018 
  • dokumentasjon på eventuelt aktivitetsforbod etter dyrevelferdslova 
  • dokumentasjon på at du får alderspensjon 
  • dokumentasjon på løns- og næringsinntekta di 
  • dokumentasjon på anna pensjonsgivende inntekt

Sende søknad

Send søknaden med vedlegg til statsforvaltaren i fylket ditt på e-post eller i post.

Behandling av søknad

Mottak    

Når statsforvaltaren har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette. 

Behandling        

Statsforvaltaren behandlar søknaden og gjer vedtak.

Kontroll 

Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.

Svar og utbetaling

Svar  

Du får svar på e-post eller som brev i posten.

Utbetaling  

Får du kompensasjon, må du sende oppmoding og nødvendig dokumentasjon til statsforvaltaren kvart år i perioden du har fått innvilga kompensasjon. Kompensasjonen blir betalt ut etterskotsvis og i samsvar med føresetnadene i vedtaksbrevet.  

Bruk skjemaet Oppmoding om utbetaling av kompensasjon for
lågare årleg alderspensjon for pelsdyroppdrettarar (LDIR-290)
, og send skjemaet på e-post eller i post til statsforvaltaren i fylket ditt.  

Klage 

Du kan klage på vedtaket. Send klaga til statsforvaltaren. Landbruksdirektoratet vil behandle klagesaka dersom ikkje statsforvaltaren omgjer vedtaket.    

Klagefrist: 3 veker. 

Tilbakebetaling og avkorting 

Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.    

Viktige datoar

Søknadsfrist:

Treng du hjelp?

Kontakt statsforvaltaren i ditt fylke

Statsforvaltaren kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Finn din statsforvaltar

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk