Kompensasjon ved beiterestriksjonar på grunn av rovvilt
Gjeld kompensasjon ved restriksjon i bruk av utmarksbeite på grunn av rovvilt.
Kven kan søkje?
Dyreeigarar som får vedtak om restriksjonar i bruk av utmarksbeite på grunn av rovvilt, kan søkje kompensasjon.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje kompensasjon for
Ved vedtak om restriksjonar i bruk av utmarksbeite på grunn av rovvilt, kan du søkje kompensasjon etter faste satsar for
- småfe
- storfe
For dyr på innmarksbeite eller anna inngjerda eller rovdyrsikra beite er kompensasjonen per dyr per dag avgrensa til
- 7 kroner for småfe
- 32 kroner for storfe
Kompensasjonen blir rekna ut innanfor desse rammene etter dei satsane som blir nytta til konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, i den aktuelle regionen.
Kort om ordninga
- Mattilsynet kan gje pålegg om beiterestriksjonar i utmark av omsyn til dyrevelferd.
- Kompensasjonsordninga skal bidra til å redusere utgiftene til dyreeigaren ved eit vedtak om restriksjonar i bruk av utmarksbeite på grunn av rovvilt.
- Det blir berre gjeve kompensasjon for vedtak frå Mattilsynet, som gjeld i beitesesongen. Beitesesongen er perioden mellom normal dato for beiteslepp og normal sankedato. Det er statsforvaltaren som bestemmer desse datoane.
- Det blir ikkje gjeve kompensasjon dersom dyreeigaren får dekt utgiftene til gjennomføring av tiltaket på annan måte. Dersom utgiftene til tiltaket delvis er dekte, blir det gjort tilsvarande fråtrekk ved utrekninga av kompensasjon.
Dette bør du førebu
Til søknaden skal du leggje ved kopi av vedtak frå Mattilsynet og nødvendig dokumentasjon. Vi tilrår at du har dette klart i god tid før søknadsfristen.
Utfylling av søknad
Søknad
Det finst ikkje eit eige skjema for å søkje kompensasjon på grunn av rovvilt. For å søkje må du derfor skrive eit søknadsbrev i fritekst.
Hugs søknadsfristen 31. oktober det året restriksjonen gjeld.
Søknaden skal innehalde
I søknadsbrevet skal du ha med informasjon om
- kven som søkjer
- kontaktinformasjon
- kontonummer
- talet på dyr som skal sleppast på eller er sanka frå det restriksjonslagde utmarksbeitet
- tidslengd på restriksjonsperioden
I tillegg skal du leggje ved kopi av vedtak frå Mattilsynet og nødvendig dokumentasjon.
Sende søknad
Søknaden sender du til statsforvaltaren i bustadsfylket ditt.
Behandling av søknaden
Mottak
Når statsforvaltaren har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.
Behandling
Statsforvaltaren behandlar søknaden og gjer vedtak. Kompensasjonen blir rekna ut etter dei satsane som blir nytta til konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, i den aktuelle regionen.
Kontroll
Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.
Svar og utbetaling
Svar
Du får svar på søknaden som brev i posten.
Utbetaling
Får du kompensasjon, blir pengane automatisk overførte til konto. Det er Landbruksdirektoratet som utbetalar pengane.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Send klaga til statsforvaltaren. Landbruksdirektoratet vil behandle klagesaka dersom ikkje statsforvaltaren omgjer vedtaket.
Tilbakebetaling og avkorting
Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.
Viktige datoar
Søknadsfrist:
31. oktober det året restriksjonen gjeld.
Endre kontonummer
Du kan endre kontonummer ved å logge deg inn via Altinn.
Treng du hjelp?
Kontakt statsforvaltaren i ditt fylke
Statsforvaltaren kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.
Finn din statsforvaltar