Til hovedinnhold

Melde status om foredlings- eller formeiringsbesetning

Driv du foredlings- eller formeiringsbesetning og ønskjer å utrangere fleire avlspurker enn andre produsentar, må du sende melding om status.

Kven skal melde?

Produsentar som driv foredlings- eller formeiringsbesetningar, skal melde.

Om prosessen:

Før du melder

Kva du skal melde om

Dersom du ønskjer å utrangere fleire avlspurker enn andre produsentar, må du melde status som foredlings- eller formeiringsbesetning.

Kort om ordninga

  • Dei ulike besetningstypane har ulike konsesjonsgrenser for utrangering av avlspurker. For foredlings- og formeiringsbesetningar er grensene høgare enn dei er for ordinære bruksbesetningar.
  • For å kunne utrangere fleire avlspurker enn bruksbesetningane, er det viktig at du som driv foredlings- eller formeiringsbesetning melder frå om statusen til besetninga.
  • Send meldinga til Landbruksdirektoratet, eventuelt til Fylkesmannen dersom du samtidig søkjer om mellombels konsesjon for utrangering av avlspurker.
  • Du vil så bli oppført i registeret til direktoratet over foredlings- og formeiringsbesetningar.

Dette bør du førebu 

Til meldinga skal du leggje ved kopi av kopi av avtale med avlsorganisasjon, eller kopi av avtale med avlsorganisasjon og slakteri. Vi tilrår at du har dette klart når du registrerer meldinga.

Utfylling av melding

Skjema

Bruk skjema Melding om status som foredlings- eller formeiringsbesetning (LDIR-818), for å melde.   

Hugs meldefristen som er i løpet av 2020. 

Dersom besetninga di blir foredlings- eller formeiringsbesetning seinare enn dette, må du melde frå innan utgangen av det året besetninga di får status som foredlings- eller formeiringsbesetning.

I skjemaet skal du registrere  

  • kven som melder
  • om meldinga gjeld foredlingsbesetning eller formeiringsbesetning    

 I tillegg skal du leggje ved vedlegg:

  • foredlingsbesetningar skal leggje ved kopi av avtale med einavlsorganisasjon
  • formeiringsbesetningar skal leggje ved kopi av avtale med avlsorganisasjon og slaktaren

Sende melding

Send meldinga med vedlegg til Landbruksdirektoratet på e-post til postmottak@landbruksdirektoratet.no, eller til Landbruksdirektoratet, Postboks 1450 Vika, N-0116 Oslo.

Landbruksdirektoratet har fått meldinga, får du stadfesting på e-post eller som brev i posten.

Dersom du søkjer om mellombels konsesjon i samband med overgangsperioden som gjeld i 2020–2024, sender du meldinga om status saman med søknaden om mellombels konsesjon.

Behandling av melding

Mottak

Når direktoratet har fått meldinga og kontrollert at opplysningane stemmer, vil opplysningane bli lagde inn i registeret til direktoratet over foredlings- og formeiringsbesetningar. Du vil få ein e-post med stadfesting på dette. Dersom meldinga blir send inn saman med søknad om mellombels konsesjon, vil statsforvaltaren sende meldinga vidare til direktoratet når konsesjonssøknaden er behandla.

Kontroll 

Alle svine- og fjørfeprodusentar kan bli tekne ut til kontroll, uavhengig av besetningstype. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen.

Erstatningskrav dersom du produserer for mykje

Ved produksjon over den konsesjonsfrie grensa eller innvilga konsesjon, må du betale erstatning for det talet på dyr som er produserte ulovleg. Det er likevel mogleg å overstige den konsesjonsfrie grensa, eller den innvilga konsesjonen med inntil 15 prosent eitt år, mot tilsvarande reduksjon i produksjon det påfølgjande året. Dette gjeld frå det året produksjonen går over den konsesjonsfrie grensa eller innvilga konsesjon. Dersom du produserer meir enn 15 prosent over grensa eitt år, må du betale erstatning for den prosentdelen som overstig 15 prosent.

Viktige datoar

Meldingsfrist:

i løpet av 2020, eventuelt i løpet av det året besetninga di endrar status til foredlings- eller formeiringsbesetning

Treng du hjelp?

Ta kontakt med Landbruksdirektoratet

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk