Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Rapportere direktesal av egg

Har du selt egg utanom eit registrert eggpakkeri? Då skal du rapportere dette, betale omsetnings- og forskingsavgift, og nokre kan søkje om distriktstilskot.

Hugs søknadsfristen

Logg inn/skjema

Kven dette gjeld

Føretak som har eggproduksjon frå meir enn 50 høner og har selt egg utanom registrerte eggpakkeri, skal rapportere salet og betale avgifter. Føretak i nokre fylke får distriktstilskot.

Om prosessen:

Før du rapporterer

Kort om ordninga

  • Føretak som har selt egg utanom registrert eggpakkeri, skal rapportere salet. Dette gjeld føretak som har eggproduksjon frå meir enn 50 høner. Inkluderer sal av egg direkte til forbrukar, butikk, kafé, hotell eller liknande, og til pakkeri som ikkje er registrerte.
  • Føretak skal betale omsetnings- og forskingsavgift for egg som er omsette direkte.
  • Føretak i Vestland, Møre og Romsdal, Nordland og Troms og Finnmark får distriktstilskot for egg som er omsette direkte. Tilskotet blir trekt frå avgiftene.

Registrerte eggpakkeri

  • Den Stolte Hane AS
  • Jonas H. Meling AS
  • Toten Eggpakkeri AS
  • Rias Pakkeri AS
  • Nortura SA med avdeling Heimdal, avdeling Hå og avdeling Rakkestad.

Dette bør du førebu

Du bør ha ei oversikt frå rekneskapen som viser kor mange kilo egg som er omsette direkte fordelt på 1. og 2. halvår.  Det kan vere nødvendig med dokumentasjon av til dømes sjukdom i flokken eller tekniske problem.

Utfylling av rapport

Skjema

Du får e-post med lenkje til digitalt rapporteringsskjema. Bruk av dette skjemaet krev innlogging via ID-porten. 

Rapporteringsfrist: Før 1. juni året etter at salet fann stad. 

Dersom du ikkje får e-post med rapporteringsskjema, skal du likevel rapportere.  Du kan bruke lenkja til skjemaet som ligg øvst på denne sida. 

I skjemaet skal du registrere  

  • opplysningar om føretaket, namn, organisasjonsnummer og kommunenummer 
  • informasjon om direktesal og leveransar fordelt på 1. og 2. halvår. Dersom du ikkje har hatt direktesal av egg, skal du fylle ut 0 og sende inn skjemaet. 
  • forhold som har hatt innverknad på eggproduksjonen, til dømes førtidsslakting, sjukdom og driftsmessige problem  

Sende rapport

Send inn skjemaet ved å trykkje på Send-knappen. Du må svare på alle spørsmål som er merkte med *, før du kan sende inn. Du vil få ei kvittering på at skjemaet er sendt inn. 

Behandling av rapporten

Mottak

Når Landbruksdirektoratet har fått rapporten, sjekkar vi opplysningane du har sendt inn. Ved behov kan direktoratet be om meir informasjon.

Behandling  

Landbruksdirektoratet behandlar rapporten og gjer vedtak for tilskot. Direktoratet reknar ut omsetnings- og forskingsavgift, og eventuelt distriktstilskot. 

Kontroll  

Rapporten kan bli teken ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.

Faktura og innbetaling

Faktura

Du får faktura på omsetnings- og forskingsavgift på e-post eller som brev i posten.

Dersom du har fått distriktstilskot, blir avgiftene motrekna mot tilskotet. Dette vil seie at du ikkje får faktura dersom tilskotet er større enn avgiftene.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Send klaga til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka dersom ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.

Klagefrist: 3 veker.

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte distriktstilskot, og korrigere avgifter.

Viktige datoar

Når du får e-post

Rapporteringsfrist:

året etter at salet fann stad

Treng du hjelp?

Ta kontakt med Ekaterina Gavenas i Landbruksdirektoratet.

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk