Regionalt miljøtilskot i jordbruket (RMP)
Søknadsfristen er 15. oktober. Det er mogleg å søke frå 15. september 2025.
Kven kan søkje?
Ordninga gjeld tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Du kan søkje dersom du har gjort bestemte miljøtiltak på areala du disponerer i søknadsåret. Føretaket ditt må drive vanleg jordbruksproduksjon på éin eller fleire landbrukseigedommar og vere registrert i Einingsregisteret.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje tilskot til
Kvart fylke har eit eige miljøprogram med eit utval miljøtiltak du kan få tilskot for å utføre. Tiltaka blir bestemte ut frå kva statsforvaltaren ser på som dei største miljøutfordringane i ditt fylke.
Tiltaka er innanfor desse hovudområda:
- redusere forureining til vatn og luft
- ta vare på kulturlandskap og kulturminne
- leggje til rette for friluftsliv
- ta vare på biologisk mangfald
Du finn meir informasjon om kva for tiltak du kan søkje tilskot for i rettleiinga frå statsforvaltaren.
Kort om ordninga
- Regionale miljøprogram (RMP) skal stimulere til auka miljøinnsats i jordbruket utover det som er mogleg gjennom nasjonale ordningar. Kvart fylke har eit eige miljøprogram som dekkjer ei rekkje miljøtema: Kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, friluftsliv, avrenning til vatn, utslepp til luft, plantevern, jord og jordhelse, og miljøavtale og klimarådgjeving.
- Tilskota blir betalte ut direkte til bønder/føretak som oppfyller vilkåra for dei ulike tiltaka. Statsforvaltaren i fylka får tildelt ei økonomisk ramme gjennom jordbruksoppgjeret og avgjer sjølv kva for tiltak og tiltaksklassar som skal inngå i det regionale miljøprogrammet. Statsforvaltaren set også tilskotssatsane.
Dette bør du førebu
Før du søkjer, må du vite kva slags tiltak du kan få tilskot for i ditt fylke, og forsikre deg om at du oppfyller vilkåra. Dette finn du i rettleiingsheftet frå statsforvaltaren i ditt fylke. Du kan eventuelt kontakte kommunen din for å få informasjon om kva du kan søkje tilskot for. Kommunen kan kan også hjelpe deg med søknaden. Om det er første gong du søkjer, tilrår vi at du startar på søknaden i god tid før fristen.
Utfylling av søknad
Skjema
Gå til skjemaet Søknad om regionalt miljøtilskot via Altinn for å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn.
Søknadsfristen er 15. oktober. Søknadar om regionalt miljøtilskot som er levert innan søknadsfristen kan endrast fram til og med 29. oktober, utan reduksjon i tilskotet.
I skjemaet skal du registrere
I Altinn må du velje kva for eit føretak du skal søkje for, og deretter vel du det fylket der du utfører tiltaka dine. Utfører du tiltak i fleire fylke, sender du éin søknad per fylke.
Inne i skjemaet skal du registrere
- kontaktinformasjon
- kontonummer, dersom det ikkje eksisterer frå før (du kan også endre kontonummer)
- tiltaka du søkjer tilskot for, skal teiknast inn geografisk på eit kart
- eventuelle miljøtiltak som ikkje er eigna for å teikne i kart
- om du har gjødslingsplan og plantevernjournal
- eventuell melding til saksbehandlaren
Det er ingen generelle krav om vedlegg til denne søknaden, men statsforvaltaren kan ha det som krav for enkelte tiltak.
Kontakt kommunen dersom du treng hjelp med søknaden.
Sende skjema
Når du klikkar «Send inn», vert søknaden automatisk sendt til den kommunen som skal behandle søknaden. Du får ei stadfesting på at søknaden er sendt i sjølve søknadsskjemaet (kvittering) og i «Innboks» i Altinn. Du bør sjekke at du har fått denne kvitteringa for å forsikre deg om at søknaden er sendt inn.
Dersom du ikkje har moglegheit å søke digitalt, kan du søke på papir. Du finn søknadsskjema på Statsforvaltaren sine nettsider. Kart med tiltaka må leggast ved søknaden. Lever/send søknaden til kommunen.
Behandling av søknaden
Mottak
Elektroniske søknader blir sende automatisk til kommunen der driftssenteret ditt ligg.
Kontroll
Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.
Svar og utbetaling
Svar
Du får vanlegvis svar på søknaden i midten av mars det påfølgjande året. Svar på søknaden din blir sendt til meldingsboksen din i Altinn, og eit eventuelt tilskot blir betalt ut samtidig.
Det er kommunen som behandlar søknadene og gjer vedtak om tilskot etter dei regionale forskriftene.
Utbetaling
Får du tilskot, blir pengane automatisk overførte til kontoen din. Hovudutbetalingane for søknader som blei sende i 2025, blir utførte 12.03.2026 og dei næraste følgande dagane. Det er Landbruksdirektoratet som betalar ut pengane. Søknadar som ikkje var ferdig behandla til hovudutbetalinga, blir betalt ut etter kvart som kommunane gjer vedtak.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Klaga sender du til kommunen. Statsforvaltaren vil behandle klagesaka dersom ikkje kommunen gjer om vedtaket.
Klagefrist: 3 veker frå vedtaket blei motteke.
Tilbakebetaling og avkorting
Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan forvaltninga krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.
Viktige datoar
Søknadsfrist:
Søknadsfristen er 15. oktober. Det er mogleg å søke frå 15. september 2025.
Når du får svar
I mars 2026
Endre kontonummer
Du kan endre kontonummer ved å logge deg inn via Altinn.
Treng du hjelp?
Kontakt kommunen din
Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.