Søkje om husdyrkonsesjon ved etablering av purkering
Gjeld søknad om husdyrkonsesjon når ein produsent med ei større besetning av avlspurker (eit nav) skal leige ut høgdrektige purker til mindre produsentar (satellittar).
Kven kan søkje?
Produsentar som ønskjer å etablere purkering, skal søkje. Konsesjonen blir gjeven til navet i purkeringen.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje om
Du kan søkje husdyrkonsesjon ved etablering av purkering. Ein eventuell konsesjon gjev deg løyve til å produsere svin over den konsesjonsfrie grensa.
Dette er ein purkering
Ein purkering er eit driftsopplegg der ein produsent med ei større besetning av avlspurker (eit nav) leiger ut høgdrektige purker til mindre produsentar (satellittar). Satellittane tek imot puljer med høgdrektige purker seinast 12 dagar før forventa grising. Purkene er i satellitten fram til grisungane blir vande av, før dei blir transporterte tilbake til navet. Grisungane blir verande hos satellitten.
Kort om ordninga
- Ein husdyrkonsesjon høyrer alltid til ein fysisk eller juridisk person og eit bestemt gards- og bruksnummer.
- Den som etablerer purkering eller forventar produksjon over den konsesjonsfrie grensa, må søkje konsesjon.
- All produksjon av konsesjonsregulerte dyreslag på ein eigedom skal reknast som samla. Dette vil seie at det ikkje er tillate å produsere meir enn 2100 konsesjonseiningar per eigedom dersom det ikkje er innvilga konsesjon.
- Det er ikkje tillate at eitt eller fleire føretak med konsesjonsregulert produksjon har eigarinteresser eller økonomiske interesser i produksjonen til kvarandre, dersom det samla produksjonsomfanget overstig den konsesjonsfrie grensa eller innvilga konsesjon.
Utfylling av søknad
Skjema
Bruk skjemaet Søknad om konsesjon ved etablering av purkering for å søkje.
Det er ingen søknadsfrist for å opprette ein purkering, men konsesjonen må vere innvilga før navet kan overstige konsesjonsgrensa.
I skjemaet skal du registrere
- kven som søkjer
- kva du søkjer konsesjon for
- organisering av purkeringen
- opplysningar om satellittane som inngår i purkeringen
- eventuelle tilleggsopplysningar
Sende søknad
Send søknaden med vedlegg til kommunen per post eller e-post.
Om du får stadfesting på søknaden du har sendt inn, er avhengig av rutinar hos kvar enkelt kommune.
Behandling av søknaden
Mottak
Når kommunen har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.
Behandling
Kommunen lagar ei innstilling og sender søknaden til statsforvaltaren. Statsforvaltaren behandlar søknaden og gjer vedtak.
Svar
Svar
Du får svar på søknaden i e-post eller i brev i posten.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Send klaga til statsforvaltaren. Landbruksdirektoratet vil behandle klagesaka dersom ikkje statsforvaltaren omgjer vedtaket.
Klagefrist: 3 veker.
Erstatningskrav dersom du produserer for mykje
Ved produksjon over den konsesjonsfrie grensa eller innvilga konsesjon, må du betale erstatning for det talet på dyr som er produserte ulovleg. Det er likevel mogleg å overstige den konsesjonsfrie grensa, eller den innvilga konsesjonen med inntil 15 prosent eitt år, mot tilsvarande reduksjon i produksjon det påfølgjande året. Dette gjeld frå det året produksjonen går over den konsesjonsfrie grensa eller innvilga konsesjon. Dersom du produserer meir enn 15 prosent over grensa eitt år, må du betale erstatning for den prosentdelen som overstig 15 prosent.
Viktige datoer
Søknadsfrist:
i god tid før du utvidar besetninga til å bli større enn konsesjonsgrensa
Treng du hjelp?
Kontakt statsforvaltaren i ditt fylke
Statsforvaltaren kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.
Finn din Statsforvaltar