Søkje om husdyrkonsesjon ved leige og overtaking
Gjeld husdyrkonsesjon ved leige eller overtaking av anlegg med tidlegare innvilga konsesjon for svine- eller fjørfeproduksjon.
Kven kan søkje?
Produsentar som tek over eller leiger anlegg med konsesjon for svine- eller fjørfeproduksjon, kan søkje.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje om
Du kan søkje om
- rett til å produsere eit bestemt tal på svin eller fjørfe, utover den konsesjonsfrie grensa
- rett til å produsere eit bestemt tal på svin eller fjørfe over den konsesjonsfrie grensa, til dømes ved sjukdom i besetninga eller ved brann (dette blir berre gjeve i særtilfelle)
Kort om ordninga
- Ein husdyrkonsesjon høyrer alltid til ein fysisk eller juridisk person og eit fastsett gards- og bruksnummer.
- Ved leige eller overtaking av eigedom med innvilga konsesjon for svine- eller fjørfeproduksjon, må den som skal ta over eller leige egendomma søkje om husdyrkonsesjon.
- Konsesjonen fell vekk dersom det ikkje har vore ervervsmessig produksjon av svin eller fjørfe på det gards- og bruksnummeret konsesjonen høyrer til, dei siste 10 åra.
Utfylling av søknad
Skjema
Bruk skjemaet «Søknad om konsesjon ved leige eller overtaking av anlegg med konsesjonsregulert produksjon» for å søkje:
Søknadsfrist: kontinuerleg.
Søknaden må vere behandla av statsforvaltaren før du tek over det aktuelle anlegget.
I skjemaet skal du registrere
- kven som søkjer
- om søknaden gjeld leige av konsesjon eller overtaking av konsesjon
- opplysningar om noverande konsesjonshavar
Sende søknad
Send søknaden med vedlegg post eller på e-post til kommunen.
Om du får stadfesting på søknaden du har sendt inn, er avhengig av rutinar hos kvar enkelt kommune.
Behandling av søknaden
Mottak
Når kommunen har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Om dei treng meir informasjon, kan dei be om det.
Behandling
Kommunen lagar ei innstilling og sender søknaden til statsforvaltaren. Statsforvaltaren behandlar saka og gjer vedtak.
Kontroll
Alle produsentar som produserer svin eller fjørfe, kan bli tekne ut til kontroll, uavhengig av om dei har søkt om konsesjon eller ikkje. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.
Svar på søknad
Svar
Du får svar på søknaden i e-post eller i brev i posten.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Send klaga til statsforvaltaren. Landbruksdirektoratet vil behandle klagesaka dersom ikkje statsforvaltaren omgjer vedtaket.
Klagefrist: 3 veker.
Erstatningskrav dersom du produserer for mykje
Ved produksjon over den konsesjonsfrie grensa eller innvilga konsesjon, må du betale erstatning for det talet på dyr som er produserte ulovleg. Det er likevel mogleg å overstige den konsesjonsfrie grensa, eller den innvilga konsesjonen med inntil 15 prosent eitt år, mot tilsvarande reduksjon i produksjon det påfølgjande året. Dette gjeld frå det året produksjonen går over den konsesjonsfrie grensa eller innvilga konsesjon. Dersom du produserer meir enn 15 prosent over grensa eitt år, må du betale erstatning for den prosentdelen som overstig 15 prosent.
Viktige datoar
Søknadsfrist:
kontinuerleg. Søknaden må vere behandla av statsforvaltaren før du tek over det aktuelle anlegget.
Treng du hjelp?
Kontakt Statsforvaltaren i ditt fylke
Statsforvalteaen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettigheter.
Finn din Statsforvaltar