Til hovedinnhold

Tilskot for å levere husdyrgjødsel til biogassanlegg

Gjeld tilskot til dekning av utgifter for levering av husdyrgjødsel til biogassproduksjon i sentraliserte anlegg og i gardsbaserte biogassanlegg.

Husk søknadsfristen

Logg inn/skjema

Kven kan søkje?

Jordbruksføretak som har husdyr og leverer husdyrgjødsel til biogassanlegg som er lokaliserte i Noreg, kan søkje om tilskot.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje tilskot til

Du kan søkje om tilskot for levering av husdyrgjødsel til sentraliserte anlegg og til gardsbaserte biogassanlegg.

Tilskotet blir rekna ut per tonn husdyrgjødsel du leverer til biogassanlegg, vekta for tøffstoffinnholdet i gjødsla. Ein føresetnad er at søkjaren har målingar av mengd og tørrstoffinnhald i gjødsla som blir levert. For mindre gardsbaserte biogassanlegg kan tilskotet reknast ut på grunnlag av dyretal, kombinert med ein eigen sats per dyreslag. All gjødsla frå aktuelle dyreslag i den omsøkte perioden må ha vore nytta i gardsanlegget, med unntak av gjødsel på beite.

Kort om ordninga

  • Føremålet med ordninga er å stimulere til at husdyrgjødsel blir levert til biogassanlegg.
  • Føretaket må
  • oppfylle grunnvilkåra i forskrift om produksjonstilskudd i jordbruket
  • kunne dokumentere at husdyrgjødsla blir levert til biogassanlegg, og at anlegget som får og behandlar gjødsla, produserer biogass
  • Føretak som disponerer jordbruksareal med planteproduksjon, må ha gjødslingsplan (jf. forskrift om gjødslingsplanlegging)

Dette bør du førebu

Ved levering av husdyrgjødsel til eksternt biogassanlegg er du ansvarleg for å skaffe opplysningar om mengda gjødsel som er levert til biogassanlegg og tørrstoffinnhald i gjødsla. Desse opplysningane skal du leggje ved som dokumentasjon til søknaden. Vi tilrår at du har dette klart før du registrerer søknaden.

Utfylling av søknad

Skjema

Gå til skjemaet Tilskot for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg via Altinn for å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.      

Hugs søknadsfristen 20. februar året etter at leveringa av husdyrgjødsel har funne stad.

Vel søknadsskjema

Vel rett søknadsskjema avhengig av om du søkjer på grunnlag av dokumentert leveranse eller dyretal. 

Fyll ut informasjon om deg som søkjar og opplysningar om biogassanlegget.

Søknad på grunnlag av dokumentert leveranse

Ved søknad om tilskot på grunnlag av dokumentert leveranse skal du leggje ved dokumentasjonen med partinummer, tørrstoffinnhald og tonn gjødsel for partia med husdyrgjødsel du har levert.

Søknad på grunnlag av dyretal

Ved søknad om tilskot på grunnlag av dyretal, skal du velje dyreslag og gjødselslag.

Sende søknad

Send søknaden ved å trykkje på «Send»-knappen når søknaden er ferdig utfylt. Når Landbruksdirektoratet har fått søknaden, får du stadfesting i innboksen din i Altinn. 

 

Behandling av søknaden

Mottak

Når Landbruksdirektoratet har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Ved behov kan direktoratet be om meir informasjon.

Behandling

Landbruksdirektoratet behandlar søknaden og gjer vedtak.

Svar og utbetaling

Svar

Du får svar på søknaden i innboksen din i Altinn, normalt 4–6 veker etter søknadsfristen. 

Utbetaling

Får du tilskot, blir pengane automatisk overførte til konto. Det er Landbruksdirektoratet som utbetalar pengane.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Send klaga til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka dersom ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.

Klagefrist: 3 veker.

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.

Viktige datoar

Søknadsfrist:

20. februar året etter at leveringa av husdyrgjødsel har funne stad

Når du får svar:

normalt 4–6 veker etter søknadsfristen

Treng du hjelp?

Ta kontakt med Landbruksdirektoratet

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk