Tilskot til drift av beitelag (OBB)
Til organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak som er knytte til utmarksbeite. Ordninga gjeld for sau, geit og storfe som beitar i utmark.
Husk Søknadsfristen
Kven kan søkje?
Det er mogleg å registrere søknad og levere etter fristen, men då vil tilskotet bli redusert med 1 000 kr for kvar dag inntil 14 dagar etter utløpet av fristen.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje tilskot til
Beitelaget kan få tilskot til drift, altså til beiteslepp, tilsyn og sanking av dyr. Tilskotet skal gå til å fremje den organiserte beitebruken gjennom fellestiltak. Det er ikkje mogleg å fordele tilskotet på dei enkelte medlemmene i beitelaget.
Sjå også ordninga tilskot til tiltak i beiteområde.
Kort om ordninga
Føremålet med ordninga er å leggje til rette for ei meir rasjonell utnytting av utmarka og redusere tap av dyr på beite. Tilskotet blir målt ut per dyr som er sleppt på utmarksbeite.
Ordninga er ein del av regionale miljøprogram, men har eige søknadsskjema.
Dette bør du førebu
I søknaden skal du registrere talet på dyr som er sleppte og sanka, og alle medlemmer med organisasjonsnummer og beiteområde. Du bør ha dette klart når du registrerer søknaden. Dersom laget søkte tilskot i fjor, ligg medlemmene med organisasjonsnummer og beiteområde ferdig utfylt.
Utfylling av søknad
Skjema
Gå til skjemaet Søknad om tilskot til organisert beitebruk via Altinn, for å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.
Hugs søknadsfristen 15. november.
I skjemaet skal du registrere
I Altinn må du velje kva for eit føretak du skal søkje for, og deretter vel du fylket og kommunen der beitelaget er registrert.
Inne i skjemaet skal du registrere
- kontaktinformasjon for beitelaget
- kontonummer, dersom det ikkje eksisterer frå før (du kan også endre kontonummer)
- eventuelle endringar i beiteområdet
- For kvar medlem skal dette fyllast ut:
- organisasjonsnummer
- beiteområde
- talet på dyr som er sleppte og sanka
- informasjon om tilsyn, beiteslepp og sanking
- melding frå beitelaget om beitelagsaktiviteten
Det er ingen krav om vedlegg til denne søknaden, men statsforvaltaren i ditt fylke kan stille eigne krav til rapportering. Sjå rettleiingsheftet for regionale miljøprogram frå statsforvaltaren. Du kan leggje ved vedlegg om du har behov for det.
Sende søknad
Når du trykkjer på «Send inn» i søknadsskjemaet, blir søknaden send til kommunen automatisk.
Du får stadfesting på at søknaden er send, i sjølve søknadsskjemaet (kvittering) og i «Min meldingsboks» i Altinn.
Behandling av søknaden
Mottak
Når kommunen har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.
Behandling
Kommunen behandlar søknaden og gjer vedtak om tilskot.
Kontroll
Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Beitelaget pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.
Svar og utbetaling
Svar
Det er kommunen som behandlar søknadene og gjer vedtak om tilskot. Svaret på søknaden din blir sendt til meldingsboksen din i Altinn i forkant av utbetalinga, vanlegvis i midten av mars det komande året.
Utbetaling
Får du tilskot, blir pengane automatisk overførte til kontoen din. Hovudutbetalingane for søknader som blei sende i 2025, blir utførte 12.03.2026 og dei næraste følgande dagane. Det er Landbruksdirektoratet som betalar ut pengane. Søknadar som ikkje var ferdig behandla til hovudutbetalinga, blir betalt ut etter kvart som kommunane gjer vedtak.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Klaga sender du til kommunen. Statsforvaltaren vil behandle klagesaka dersom ikkje kommunen gjer om vedtaket.
Klagefrist: 3 veker.
Tilbakebetaling og avkorting
Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan forvaltninga krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.
Viktige datoar
Søknadsfrist:
15. november
Når du får svar:
i midten av mars
Treng du hjelp?
Kontakt din kommune
Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.