Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Tilskot til landbruksvikarverksemd

Avløysarlag kan søkje om tilskot til landbruksvikarverksemd.

Hugs søknadsfristen

Logg inn/skjema

Kven kan søkje?

Avløysarlag/landbrukstenester som er godkjende av statsforvaltaren, kan søkje om tilskot.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje tilskot til

Avløysarlag/landbrukstenester kan søkje tilskot til landbruksvikarverksemd.

Landbruksdirektoratet fordeler tilskotsmidlane / kor mang landbruksvikarårsverk ein kan få tilskot til, mellom fylka.

Tilskot til landbruksvikarordninga – fordeling mellom fylka i 2026
StatsforvaltarTalet på årsverk, ca.Tilskotsmidlar, beløp kr.
Oslo og Viken18,15 882
Innlandet36,711 928
Vestfold og Telemark11,03 574
Agder10,23 315
Rogaland25,08 128
Vestland39,012 674
Møre og Romsdal17,75 750
Trøndelag42,713 876
Nordland25,28 189
Troms og Finnmark14,74 776

Sats per årsverk: 325 000 kroner

Kort om ordninga

  • Avløysarlaget skal ved sjukdom og i krisesituasjonar tilby hjelp frå kvalifisert avløysar til føretak med husdyr- og planteproduksjon som fyller vilkåra for tilskot til avløysing ved sjukdom mv.
  • Plikta avløysarlaget har til å yte hjelp, er avgrensa til 14 dagar per tilfelle.
  • Dersom landbruksvikaren ikkje blir nytta i sjukdoms- eller krisesituasjonar, kan han eller ho brukast til anna avløysing.

Dette bør du førebu

Søknadsskjemaet inneheld felt for rapportering av landbruksvikarverksemda året før. Det krev litt førebuingar å finne alle opplysningane som skal fyllast ut. Vi tilrår å starte med dette i god tid før søknadsfristen.

Utfylling av søknad

Skjema

Gå til skjemaet Tilskudd til landbruksvikarvirksomhet via Altinnfor å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.      

Søknadsfrist: 1. februar

Frist for å rapportere om landbruksvikarverksemda: 1. februar året etter søknadsfristen.

Det er eigne felt i søknadsskjemaet for denne rapporteringa.    

I skjemaet skal du registrere

Søknadsopplysningar

  • kor mange medlemmer avløysarlaget har
  • tilskotsbeløp / talet på årsverk landbruksvikarar ein søkjer tilskot for
  • ansvarsområde

Opplysningar om landbruksvikarverksemda året før

  • inntekter frå landbruksvikarverksemda
  • kostnader som er knytte til landbruksvikarane
  • administrasjonskostnader
  • kor mange som utførte sjukdoms- eller kriseavløysing
  • kor mange timar det blei utført sjukdoms- eller kriseavløysing
  • kor mange føretak som fekk / ikkje fekk sjukdoms- eller kriseavløysing
  • pris
  • beredskap
  • ansvarsområde

Sende søknad eller rapport

Når du trykkjer «Send skjema», blir søknaden/rapporten send til statsforvaltaren automatisk. 

Du får stadfesting på at søknaden er registrert, i innboksen i Altinn.

Behandling av søknaden

Mottak

Når statsforvaltaren har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.

Behandling

Statsforvaltaren behandlar søknaden og gjer vedtak.

Statsforvaltaren behandlar søknaden og fordeler tilskotet blant avløysarlaga/landbrukstenestene i fylket.

Ved fordeling av årsverka legg statsforvaltaren mellom anna vekt på

  • husdyrtettleik
  • reiseavstand
  • kommunikasjon
  • landbruksvikarverksemda i avløysarlaget tidlegare år

Statsforvaltaren kan velje å halde tilbake tilskotsmidlar og dele dei ut mot slutten av året.

Kontroll

Som tilskotsmottakar kan avløysarlaget bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen.

Svar og utbetaling

Svar

De får svar på søknaden i innboksen i Altinn, normalt innan utgangen av mars.

Du må rapportere

Får de tildelt tilskot, må de både rapportere statistikkopplysningar om landbruksvikarveksemda og førebelse rekneskapstal.

Rapporteringsfrist: 1. februar året etter.

Utbetaling

Får de tilskot, blir pengane betalte ut i to omgangar.

  • første halvpart: februar/mars
  • andre utbetaling: juni/juli

Det er statsforvaltaren som betalar ut pengane.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Send klaga til statsforvaltaren. Landbruksdirektoratet vil behandle klagesaka dersom ikkje statsforvaltaren omgjer vedtaket.      

Klagefrist: 3 veker 

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan statsforvaltaren og Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling av for mykje utbetalt tilskot og/eller avkorte tilskotet. Det gjeld også dersom søknaden eller rapporteringa er send inn for seint.

Viktige datoar

Søknadsfrist:

1. februar

Frist for å rapportere om landbruksvikarverksemda:

1. februar året etter søknadsfristen.

Treng du hjelp?

Kontakt Statsforvaltaren i ditt fylke

Statsforvaltaren kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Finn din Statsforvaltar

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk