Tilskot til sending av sæd og inseminering av storfe og svin
Gjeld tilskot for utjamning av inseminasjons- og distribusjonskostnader.
Kven kan søkje?
Distributørar av sæd frå ein godkjend avlsorganisasjon, kan søkje tilskot.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje tilskot til
Du kan søkje tilskot til å jamne ut eigendelen til produsentane ved sending av sæd og inseminering av storfe og svin.
Kort om ordninga
Tilskotet skal bidra til at eigendelen til storfe- og svineprodusentar ved inseminering og sending av sæd kan haldast på same nivå i heile landet.
- Føretaket du søkjer for, må
- ha som føremål å distribuere sæd frå ein godkjend avlsstasjon i Noreg eller sæd frå godkjend utanlandsk avlsorganisasjon/selskap frå importlager i Noreg
- ha ei landsdekkjande distribusjons- og inseminasjonsteneste
- kunne dokumentere at det blir gjeve eit likeverdig tilbod til alle brukarar innanfor kvart fylke, og føre oversikt over kva for dyr som er inseminerte med kva for sæd
- Insemineringa skal utførast av veterinær, seminteknikar, eller eigar/røktar med løyve frå Mattilsynet for eigarinseminasjon.
- Ved inseminasjonsreise gjennomført av veterinær kan ikkje distributørane bruke tilskotsmidlane til å godtgjere reiseutgifter for meir enn 40 km av reiselengda.
- Tilskotet kan ikkje overdragast til eige eller pant.
Dispensasjon
I særlege tilfelle kan Landbruksdirektoratet gje dispensasjon frå krava for å få tilskot. Vi tilrår at du søkjer om dispensasjon og ventar til du får svar, før du utarbeider og sender søknad om tilskot.
Utfylling av søknad
Skjema
Det finst ikkje eit eige skjema for å søkje om tilskot til sending av sæd og inseminering av storfe og svin. For å søkje må du sende eit eige søknadsbrev i fritekst.
Hugs søknadsfristen 1. oktober for det komande kalenderåret.
Søknaden skal innehalde
- namn og kontaktopplysningar til søkjaren
- kontonummer til søkjaren
- søknadssum
- skildring av verksemda du søkjer tilskot til
I tillegg skal du leggje ved
- rekneskap for fjoråret som viser kostnadene innanfor kvart enkelt område som blir betent av høvesvis veterinær, seminteknikar eller eigar/røktar. Dersom du til dømes søkjer om tilskot for 2022, skal du leggje ved rekneskap for 2020. Rekneskapen og oppgåver må vere attestert av statsautorisert revisor.
- Dokumentasjon på kor mykje tilskotsmidlar distributøren har brukt på å jamne ut eigendelen til produsentane i kvart enkelt fylke i forhold til det rimelegaste fylket søkjaren opererer i.
- Statistikk som viser talet på førstegangsinsemineringar og insemineringar som er gjennomførte av veterinær eller seminteknikar, og talet på selde sæddosar til eigarinseminering per fylke.
- Prognose for talet på inseminasjonar per fylke fordelt på gjennomføring av veterinær eller seminteknikar, og talet på selde sæddosar for bruk til eigarinseminasjon for søknadsåret.
- Prognose for kor mykje tilskotsmidlar det er behov for dersom eigendelen skal kunne setjast lik dei faktiske inseminasjons- og distribusjonskostnadene i det rimelegaste området distributøren opererer.
Sende søknad
Send søknaden med vedlegg til Landbruksdirektoratet på e-post til postmottak@landbruksdirektoratet.no, eller til Landbruksdirektoratet, Postboks 1450 Vika, N-0116 Oslo.
Nå Landbruksdirektoratet har fått søknaden, får du stadfesting på e-post eller som brev i posten.
Behandling av søknaden
Mottak
Når Landbruksdirektoratet har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Ved behov kan direktoratet be om meir informasjon.
Behandling
Landbruksdirektoratet behandlar søknaden og gjer vedtak.
Tilskotsmidlane blir fordelte forholdsmessig mellom søkjarane. Dette blir gjort på bakgrunn av kva for eit tilskotsbeløp distributørane måtte ha fått dersom dei skulle sett eigendelen til produsentane i heile landet lik dei faktiske inseminasjons- og distribusjonskostnadene i det rimelegaste fylket distributøren opererer i.
Kontroll
Søknaden kan bli teken ut til kontroll. Ved kontroll pliktar distributøren å opne for innsyn i verksemda og gje Landbruksdirektoratet nødvendige opplysningar for å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.
Svar og utbetaling
Svar
Du får svar på søknaden i e-post eller i brev i posten, normalt innan ein månad etter søknadsfristen.
Utbetaling
Får du tilskot, betalar Landbruksdirektoratet ut pengane i to omgangar med halvparten av summen i kvar omgang.
Utbetaling første termin: 1. mars
Utbetaling andre termin: 1. september
Klage
Du kan klage på vedtaket. Send klaga til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka dersom ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.
Klagefristen er 3 veker etter at du fekk vedtaket.
Tilbakebetaling og avkorting
Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.
Dersom du ikkje brukar opp det utbetalte beløpet i løpet av kalenderåret det er tildelt for, blir det attståande beløpet trekt frå første utbetaling året etter.
Viktige datoar
Søknadsfrist:
1. oktober
Når du får svar:
normalt innan ein månad etter søknadsfristen
Utbetaling første termin:
1. mars
Utbetaling andre termin:
1. september