Tilskot til tidlegpensjon
Tidlegpensjon skal bidra til å lette generasjonsovergangar i jordbruket for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk.
Kven kan søkje?
Ein jordbrukar som har fylt 62 år, og som har drive jordbruk i minst 15 år, kan få einbrukarpensjon. Ein brukar som har fylt 62 år, kan saman med ein ektefelle/sambuar som har fylt 57 år, få tobrukarpensjon. Det blir stilt krav til inntekt i ein referanseperiode på fem år. Dette gjeld både næringsinntekt frå jordbruksføretaket og anna inntekt. Landbrukseigedommen må vere overdregen til ein ny eigar, og den nye eigaren kan ikkje vere ektefellen/sambuaren.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje om
Du kan søkje om
- einbrukarpensjon
- tobrukarpensjon
Per 1.1.2023 er satsen 105 200 kroner i året for einbrukarpensjon og 168 320 kroner i året for tobrukarpensjon. Tilskotet betalast ut månadleg til brukar fyller 67 år, men maksimalt fem år.
I tidlegpensjonsperioden kan ein som hovudregel ikkje få overgang frå einbrukar- til tobrukarpensjon eller omvendt.
Du kan sende fullstendig søknad når krava i ordninga er oppfylte, eller du kan sende ein førehandssøknad før alle krava er oppfylte, for å få ei førehandstilsegn som vil vere gyldig i seks månader.
Kort om ordninga
Overdraging
For å ha rett på tidlegpensjon kan brukaren og/eller ektefellen/sambuaren til vedkomande ikkje lenger eige eller forpakte ein landbrukseigedom. Dei kan heller ikkje drive eller ha næringsinntekt frå jordbruk/gartneri eller skogbruk. Det er heller ikkje mogleg å vere innehavar av, deltakar i, aksjonær i eller elles ha næringsinteresser i føretak som driv slik verksemd.
År i næringa
- For å ha krav på tidlegpensjon må brukaren på overdragings- eller oppseiingstidspunktet anten
- ha drive jordbruk/gartneri sjølv i minst 15 år, eller
- ha leigd ut til landbruksdrift i perioden, slik at den samla perioden for eiga drift eller utleige utgjer minst 15 år
- For å ha krav på tobrukarpensjon må i tillegg ektefellen/sambuaren ved overdragings- eller oppseiingstidspunktet ha budd og arbeidd på landbrukseigedommen dei siste 5 åra.
Aldersgrenser
- Jordbrukarar som har fylt 62 år, kan få einbrukarpensjon. For å få tobrukarpensjon må i tillegg ektefellen/sambuaren ha fylt 57 år.
- Retten til tidlegpensjon fell bort for brukaren og ektefellen/sambuaren ved utgangen av den månaden brukaren fyller 67 år.
- Dersom ektefellen/sambuaren er eldre enn brukaren, fell retten til ektefellen/sambuaren bort ved utgangen av den månaden denne fyller 67 år, medan brukaren held fram med sin tobrukardel fram til fylte 67 år.
- Dersom brukaren går ut av ordninga før fylte 67 år, kan ektefellen/sambuaren halde fram med sin tobrukardel til utgangen av den månaden brukaren fyller 67 år.
Referanseinntekt
- Referanseinntekt er gjennomsnittleg næringsinntekt frå jordbruk/gartneri og skogbruk i ein referanseperiode på fem år. Referanseperioden er fem samanhengande år, der siste år er to år tilbake i tid i forhold til søknadsåret.
- Den samla referanseinntekta til brukaren og ektefellen/sambuaren må minst vere 90 000 kroner. Gjennomsnittleg næringsinntekt i referanseperioden frå jordbruk/gartneri må utgjere minst 25 prosent av samla referanseinntekt.
Inntektstype
- For einbrukarpensjon: Referanseinntekta til brukaren må utgjere minst 67 prosent av den samla inntekta til brukaren, eller den samla referanseinntekta til brukaren og ektefellen/sambuaren må utgjere minst 50 prosent av den samla inntekta deira.
- For tobrukarpensjon: Ektefellen/sambuaren må ha mindre enn 100 000 kroner i anna inntekt, og den samla referanseinntekta til brukaren og ektefellen/sambuaren må utgjere minst 50 prosent av den samla inntekta deira.
- Samla inntekt er summen av referanseinntekt og anna inntekt.
Deling av tobrukarpensjon
- Tobrukarpensjon blir delt likt mellom brukaren og ektefellen/sambuaren. Same fordeling blir ført vidare ved skilsmisse/samlivsbrot.
- Dersom brukaren eller ektefellen/sambuaren som får tobrukarpensjon, døyr i tidlegpensjonsperioden, går den attlevande parten over på einbrukarpensjon.
Dette bør du førebu
Til søknaden skal du leggje ved utskrift av grunnlag for skatt for dei 5 åra i referanseperioden. Vi tilrår at du har dette klart når du registrerer søknaden.
Du finn meir informasjon om reglane for tidlegpensjon under «Kommentarar til regelverket for tidlegpensjon til jordbrukarar».
Utfylling av søknad
Skjema
Bruk skjemaet Søknad om tidlegpensjon til jordbrukarar (LDIR-108) for å søkje.
Søknadsfrist: kontinuerleg.
Dersom du ønskjer å få ei førehandstilsegn, kan du tidlegast sende søknad 6 månader før du oppfyller alderskrava.
I skjemaet skal du registrere
- grunnopplysningar
- om søknaden gjeld einbrukarpensjon eller tobrukarpensjon
- om søknaden er ein fullstendig søknad eller førehandssøknad
- opplysningar om inntekta til brukaren
- namn og fødselsnummer på eventuell ektefelle/sambuar
For tobrukarpensjon, i tillegg
- opplysningar om inntekta til ektefelle/sambuar
I tillegg skal du leggje ved vedlegg:
- utskrift av grunnlag for skatt for dei 5 åra i referanseperioden
- eventuell søknad om dispensasjon
Sende søknad
Søknadsskjemaet skal sendast til Statsforvaltaren.
Sidan søknadsskjemaet inneheld sensitive opplysningar, skal du av tryggleikskrav ikkje sende skjemaet som et vedlegg til ein e-post.
Bruk i staden "Sikker melding til Statsforvalteren", som krev innlogging med minID, BankID osb. Her kan du laste opp søknadsskjemaet som vedlegg. Alternativt kan du sende søknadsskjemaet som vanleg post.
Behandling av søknaden
Mottak
Når statsforvaltaren har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.
Behandling
Statsforvaltaren behandlar søknaden og gjer vedtak.
Kontroll
Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.
Svar og utbetaling
Svar
Du får svar på søknaden i e-post eller i brev i posten.
Førehandstilsegn
Brukaren og ektefellen/sambuaren kan krevje å få eit førebels svar på om dei har krav på tidlegpensjon. Førehandstilsegna er gyldig i 6 månader frå ho er komen fram til søkjaren.
Utbetaling
Tidlegpensjon blir rekna frå og med den månaden krava i ordninga er oppfylte og søknaden med all nødvendig dokumentasjon har kome statsforvaltaren i hende. Tidlegpensjon blir betalt ut per månad.
Får du tidlegpensjon, blir pengane automatisk overførte til konto. Det er Landbruksdirektoratet som utbetalar pengane.
Endre kontonummer
Dersom du vil endre kontonummer for utbetalinga, må du varsle Landbruksdirektoratet ved å sende e-post eller brev om dette. Hugs å opplyse om at det gjeld tidlegpensjon til jordbrukarar.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Send klaga til statsforvaltaren. Landbruksdirektoratet vil behandle klagesaka dersom ikkje statsforvaltaren omgjer vedtaket.
Klagefrist: 3 veker.
Tilbakebetaling og avkorting
Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tidlegpensjonen.
Viktige datoar
Søknadsfrist: kontinuerleg
Dersom du ønskjer å få ei førehandstilsegn, kan du sende søknad 6 månader før du oppfyller krava.
Treng du hjelp?
Kontakt Statsforvaltaren i ditt fylke
Statsforvaltaren kan gje råd og rettleiing om pliktene og rettane dine.
Finn din Statsforvaltar