Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Tilskot til tiltak i beiteområde

Gjeld tilskot til tiltak som bidreg til å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda.

Kven kan søkje?

Lag, foreiningar og føretak som driv næringsmessig beitedrift, kan søkje. Enkeltføretak kan søkje når det på grunn av naturgjevne eller driftsmessige forhold ikkje ligg til rette for samarbeid.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje tilskot til

Tilskot til planleggings- og tilretteleggingstiltak
Gjeld prosjekt som rettar seg mot organisering og tilrettelegging av utmarksbeita for god og effektiv beitebruk.

Dette kan vere

  • planlegging og prosjektering av faste installasjonar
  • ny organisering av beitelag og utmarksbeiteområde
  • prosjektretta arbeid for stimulering til auka beitebruk og rasjonell utnytting av beita
  • tidsavgrensa utprøving av nytt utstyr som kan bidra til effektiv og god beitebruk
  • utarbeiding av planar (beitebruksplan, tiltaksplan, beredskapsplan mv.) for utmarksbeite
  • vegetasjonskartlegging


Tilskot til investeringar som er knytte til utmarksbeita
Gjeld investeringar i faste installasjonar og anna utstyr som er knytt til beitebruk som fremjar beitebruken i eit område.

Dette kan vere

  • sperregjerde som hindrar beitedyr i å kome ut av beiteområdet (sperregjerde kan også tene til å avgrense beiteområdet mot veg, jernbane, tettbygde område og samanhengande jordbruksområde)
  • ferister, godkjent fabrikat eller bygde etter standardteikningar
  • bruer dimensjonerte for føring av beitedyr. Dersom bruene er kraftigare dimensjonerte, kan kostnadsoverslaget eller tilskotsdelen reduserast tilsvarande
  • gjetarhytter på inntil 20 m², med kvadratmeterpris som svarar til gjennomsnittleg kostnad for hytter av enkel standard i det aktuelle området
  • sanke- og skiljeanlegg
  • anlegg, rydding og utbetring av driftevegar
  • saltsteinsautomatar
  • transportprammar
  • elektronisk overvakingsutstyr (radiobjøller, lammenodar, merkeavlesarar, findmysheep m.m.)

Kort om ordninga

  • Føremålet med ordninga er å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda.
  • Næringsmessig beitedrift vil normalt innebere at dyra går minst 5 veker på beite, og at meir enn halvparten av medlemmene i lag eller foreining har rett til produksjonstilskot.
  • Enkeltføretak må ha rett til produksjonstilskot.
  • Søknad om tilskot sender du til den kommunen som er mest påverka av tiltaket.

Dette bør du førebu

Til søknaden kan det vere behov for å leggje ved kart, budsjett og andre vedlegg. Vi tilrår at du har dette klart når du registrerer søknaden.

Utfylling av søknad

Skjema

Gå til skjemaet Tilskot til tiltak i beiteområde via Altinnfor å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.      

Hugs å sjekke søknadsfristen hos kommunen. 

I skjemaet skal du registrere

  • kven som søkjer
  • kontonummer
  • opplysningar om beitedyr og beiteområde som er påverka av tiltaket
  • opplysningar om tiltaket
  • kostnadsoverslag
  • finansieringsplan

 I tillegg kan det vere krav om å leggje ved vedlegg

  • kart med innteikna tiltak dersom søknaden gjeld fast installasjon i beiteområde
  • kopi av avtalar/løyve
  • planar som gjeld for beitebruken i området (tiltaksplan, områdeplan, beitebruksplan m.m.) 
  • andre relevante vedlegg

Dersom du ikkje kan søkje digitalt, kan du bruke skjemaet Søknad om tilskot til tiltak i beiteområde (LDIR-431) for å sende søknad på e-post eller i vanleg post.

Sende søknad

Når du trykkjer på “«Send skjema» blir søknaden automatisk send til kommunen. Du får stadfesting på at søknaden er registrert i innboksen din i Altinn.

Dersom du brukar papirskjema, skal du sende dette saman med vedlegg på e-post eller i vanleg post til kommunen.

Fleire kommunar som blir påverka

Dersom eit tiltak vil strekkje seg over to eller fleire kommunar, skal søknaden sendast til den kommunen som er mest påverka av tiltaket.

Behandling av søknaden

Mottak

Kommunen tek imot søknaden og kontrollerer opplysningane du har sendt inn. Ved behov for meir informasjon blir du beden om å ettersende dette.  

Dersom søknaden inneheld feil eller manglar, kan han bli avvist. Søknader som blir sende etter fristen, blir avviste.

Behandling

Kommunen behandlar søknaden og gjer vedtak.

Kontroll

Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.

Svar og utbetaling

Svar

Du får svar på søknaden i innboksen din i Altinn. Du får også varsel på mobil og e-post som du har registrert under
kontaktinformasjon i søknaden.  

Dersom det blir endringar i kontaktinformasjon, skal du endre dette i Altinn.

Utbetaling

Får du tilskot, blir pengane betalte ut først etter at du har gjennomført tiltaket. Du må sende sluttrekneskap og be om utbetaling. Det er kommunen som betalar ut pengane.

Dersom kostnadene til gjennomføring av investeringstiltaket og/eller planleggings- og tilretteleggingsprosjektet blir lågare enn godkjent kostnadsoverslag, blir tilskotet redusert tilsvarande. 

Det kan gjerast utbetalingar på bakgrunn av dokumentasjon, etter kvart som delar av prosjektet eller tiltaket blir utført. Dette må spesielt godkjennast av kommunen. Minst 25 prosent av vil tilskotet blir halde tilbake til arbeidet er fullført og sluttrekneskapen er godkjend.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Klaga sender du til kommunen. Statsforvaltaren vil behandle klagesaka dersom ikkje kommunen gjer om vedtaket.

Klagefrist: 3 veker.

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.

Viktige datoar

Søknadsfrist:

kommunen fastset søknadsfrist

Treng du hjelp?

Kontakt kommune din

Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk