Tilskot til Utvalde kulturlandskap i jordbruket
Til tiltak i Utvalde kulturlandskap i jordbruket som bidreg til å sikre verdiar knytt til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø, under dette langsiktig skjøtsel og drift.
Kven kan søke?
Privatpersonar og føretak kan søkje om tilskot.
Om prosessen:
Før du søker
Kva du kan søke tilskot til
Du kan søke tilskot for tiltak innanfor Utvalde kulturlandskap i jordbruket, slik desse områda er avgrensa i Naturbase.
Utlysing
Ved utlysinga skal kommunen opplyse om kva for tiltak ein kan få tilskot til.
Tiltak som det blir gjeve tilskot til, kan vere
- restaurering og skjøtsel av areal
- istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne
- tilrettelegging for ferdsel og friluftsliv
- formidling
- nødvendig planlegging av tiltak
- kartlegging og dokumentasjon av landskapsverdiar
- kartlegging og dokumentasjon av behov for skjøtsel og sikring av natur- og kulturminneverdiar
- andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga
For å finne meir informasjon om kva for areal og kva for typar tiltak som kan få tilskot, prioriteringar, satsar m.m. i det aktuelle Utvalde kulturlandskapet, kan du sjå forvaltningsplanen for området og utlysinga frå kommunen.
Kort om ordninga
- I Noreg finst det 51 Utvalde kulturlandskap i jordbruket.
- Frå 2009 er det årleg sett av midlar over jordbruksavtalen og over budsjettet til Klima- og miljødepartementet for å ta vare på desse unike områda.
- Tiltaket skal vere i tråd med føremålet med ordninga og bidra til å sikre verdiar knytt til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og / eller kulturmiljø, inkludert langsiktig skjøtsel og drift.
- Viss du ikkje sjølv eig eigedommen tiltaket skal gjennomførast på, må du ha skriftleg løyve frå grunneigaren og eventuelle påverka rettshavarar.
- Tiltak må gjennomførast innan 3 år frå tilskotet blei innvilga, med mindre kommunen gjev kortare frist, eller forlengjer fristen.
Dette bør du førebu
Å skrive ein søknad kan vere tidkrevjande. Som søkjar er det ditt ansvar å rekne ut tilstrekkeleg tid til å fullføre søknaden innan fristen. Vi tilrår å starte i god tid før søknadsfristen.
Sett deg inn i krava
Les utlysingsteksten og rettleiingsteksten i søknadsskjemaet nøye. Kommunen kan ha stilt fleire eller andre krav til innhaldet i søknaden ut frå lokale forhold.
Krava til ein søknad kan variere ut frå kva type tiltak du søkjer, til dømes om du søkjer tilskot til investering eller drift. For å finne meir informasjon om kva for areal og kva for typar tiltak som kan få tilskot, prioriteringar, satsar m.m. kan du sjå forvaltningsplanen det aktuelle området.
Det er ulike søknadsskjema for tilskot til eingongs-/ investeringstiltak og tilskot til drift/ årleg tiltak. I tillegg er det eit søknadsskjema som berre regional forvaltning og Landbruksdirektoratet skal nytta ved tilskot til felles tiltak.
Utfylling av søknad
Skjema
Søknader skal sendast inn digitalt med innlogging via ID-porten/Altinn.
Gå til skjemaet Utvalde kulturlandskap i jordbruket via Altinn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.
Har du spørsmål om søknaden, kan du ta kontakt med kommunen som har ansvaret for å behandle søknader i det aktuelle området.
Skildring av krav til søknaden finst i forskrifta, i utlysinga og i det digitale søknadsskjemaet med rettleiing. Krava til ein søknad kan variere ut frå kva type tiltak du søkjer om. Les derfor utlysingsteksten og rettleiingsteksten i søknadsskjemaet nøye.
For søknad om tilskot til eingongs-/investeringstiltak skal du i søknaden oppgi:
- kven som søkjer
- i kva for eit utvald kulturlandskap tiltaket skal gjennomførast i
- kvar tiltaket skal gjennomførast (legg ved kart)
- kva du har tenkt å gjere
- skildre området og tilstanden til bygningen/arealet eller kvar tiltaket skal gjennomførast
- skildre omfanget av og føremålet med tiltaket
- korleis skal tiltaket gjennomførast (arbeidsmetodar, materiale osv.)
- kven som skal utføra tiltaket
- grunngje korleis dette tiltaket er i tråd med føremålet med ordninga
- skildre noverande bruk og kva du har tenkt å bruke bygningen/arealet/objektet til etter at tiltaket er fullført
- framdriftsplan for tiltaket
- kostnadsoverslag
- overslaget skal omfatte totale kostnader for tiltaket du søkjer tilskot til – dette kan vere både materialkostnader, kjøp av tenester og arbeid
- oppgi beløp utan mva. viss tiltaket har frådragsrett for mva.
- viss du har eit detaljert pristilbod frå til dømes handverkar/entreprenør, bør dette også leggjast med
- finansieringsplan
- korleis du har tenkt å finansiere tiltaket
- søknadssum
- om du har eigendel, eigenkapital eller har tenkt å utføre noko av arbeidet sjølv (ved eigeninnsats, før opp sats/timar)
- om du har søkt eller fått anna finansering til dette tiltaket (til dømes frå Kulturminnefondet, Sparebankstiftelsen, SMIL, verkemiddel frå kulturminneforvaltninga eller naturforvaltninga eller liknande)
For søknad om tilskot til drift/årleg tiltak skal du i søknaden oppgi:
- kven som søkjer
- i kva for eit utvalt kulturlandskap skal tiltaket gjennomførast i
- kvar skal tiltaket gjennomførast (legg ved kart)
- kva du har tenkt å gjera
- beskriv området og tilstanden til bygningen/ arealet el. kvar tiltaket skal gjennomførast
- beskriva omfang av og formålet med tiltaket
- korleis skal tiltaket gjennomførast (arbeidsmetodar, materiale etc.)
- kven som skal utføra tiltaket
- grunngi korleis dette tiltaket er i tråd med formålet med ordninga
- beskriv noverande bruk og kva du har tenkt å bruka bygningen/arealet/ objektet til etter at tiltaket er fullført
- framdriftsplan for tiltaket
- grunnlag for berekning driftstilskot. Opplysningar om omfang av dyr på beite, type areal som skal skjøttast, setring, gjerding, ferdselstiltak med meir
Andre opplysningar i vedlegg, alle søknadstypar
- Tilleggsinformasjon om krav til vedlegg kan du også finne i utlysingsteksten frå kommunen. Alle vedlegg må sendast inn saman med søknaden.
- Dette kan vere relevante vedlegg:
- kart som viser kvar tiltaket skal gjennomførast
- bilete av arealet eller objektet før tiltaket blir sett i gang
- arbeidsteikningar som skildrar materiale og metodar
- skriftleg løyve for gjennomføring av tiltaket frå eigaren og eventuelle rettshavarar, dersom du sjølv ikkje er eigar av eigedommen der tiltaket skal gjennomførast
- skriftleg avtale om gjennomføring av fellestiltak med fleire andre aktørar
- fråsegner frå fagfolk om det planlagde tiltaket
- skjøtselsplanar og tilstandsregistreringar
- meir detaljert kostnadsoverslag (investeringstiltak)
- pristilbod frå leverandørar ol (investeringstiltak)
- stadfesting frå andre finansieringskjelder (investeringstiltak)
Merk! Kommunen kan setje fleire krav til innhaldet i søknaden.
Sende søknad
I søknadsskjemaet vel du mottakar av søknaden ved å velje namnet på det aktuelle Utvalde kulturlandskapet der tiltaket skal gjennomførast. Når du trykkjer «Send», blir søknaden automatisk send til den kommunen som har ansvaret for å behandle søknaden.
Stadfesting
Når kommunen har fått søknaden, får du ei stadfesting i Altinn, eller til Digipost. Det blir sendt eit varsel til kontaktinformasjonen som er ført opp i søknaden.
Behandling av søknaden
Mottak
Når kommunen har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Viss dei treng meir informasjon kan dei be om dette. Mangelfulle søknader kan avvisast.
Behandling
Kommunen behandlar søknaden og gjer endeleg vedtak. Kommunen skal vurdere om tiltaket er i tråd med regelverket og føremålet med ordninga. I behandlinga hentar kommunen inn nødvendig kunnskap om landbruk, natur og kulturminne.
Vurderingskriterium
- om kostnadene står i forhold til målet med tiltaket og den forventa effekten
- om tiltaket inngår i målretta og langsiktig arbeid som fremjar føremålet med tilskotsordninga
Kontroll
Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.
Svar, rapportering og utbetaling
Svar
Du får svar på søknaden i Altinn eller Digipost. Det blir sendt eit varsel til kontaktinformasjonen som er ført opp i søknaden. Du kan normalt forvente svar innan 12 veker etter søknadsfristen. Dersom du får innvilga tilskot, vil det i brevet stå kva krav som må oppfyllast for å få betalt ut tilskotet.
Utbetaling
Nærare krav til dokumentasjon og rapportering ved del- og sluttutbetaling er omtalt i tilskotsbrevet. For fleirårige og større prosjekt kan det vere aktuelt å be om utbetaling undervegs i prosjektperioden. For eittårige og mindre prosjekt skal oppmoding om utbetaling helst skje etter at prosjektet er avslutta. Delar av tilskot kan utbetalast etter kvart som du godtgjer framdrift i gjennomføringa av tiltaket og rapporteringa er godkjend.
Minst 25 prosent av tilskotet blir halde tilbake til tiltaket er gjennomført og ein sluttrapport og sluttrekneskap er godkjend.
Vilkåra for å få betalt ut tilskot må vere oppfylte for at utbetalingsførespurnaden kan sendast inn.
Du kan sende utbetalingsførespurnaden digitalt via Altinn på to ulike måtar:
- Logg deg inn i altinn.no
- Vel kven du skal representere (føretak eller privatperson). Vær oppmerksom på at du logger deg inn med samme rolle som i søknaden. Dvs. har du søkt og fått innvilga tilskot som foretak må du logge deg inn som foretak (organisasjonsnummer). Har du søkt som privatperson må du logge deg inn som privatperson (fødselsnummer)
- Vel «Alle skjema» og søk fram skjemaet som du skal registrere utbetalingsførespurnad for
- Vel «Start teneste» og eventuelt «Vidare»
- Klikk på den blå knappen «Registrer utbetalingsanmodning» under søknaden.
Når saksbehandlaren har behandla utbetalingsførespurnaden din, får du tilsendt svarbrevet i Altinn eller Digipost. Det blir sendt eit varsel til kontaktinformasjonen som er ført opp på søknaden.
Ein annan inngang til tenesta i Altinn er: Du kan gå på toppen av denne sida og trykk på knappen Loginn/skjema.
Sende rapport
Viss du får innvilga tilskot, skal du sende ein rapport om måloppnåing, og bruken av tilskotet saman med utbetalingsførespurnaden. Nærare krav til dokumentasjon og rapportering ved del- og sluttutbetaling er omtalt i tilskotsbrevet.
Landbruksdirektoratet har laga rapporteringsskjema som er obligatoriske å leggje ved den digitale utbetalingsførespurnaden for del- og sluttutbetaling:
Mal for rapporteringsskjema for tilskot til eingongs-/investeringstiltak
Mal for rapporteringsskjema for tilskot til drift / årleg tiltak
Kontroll
Kommunen, statsforvaltaren og Landbruksdirektoratet kan kontrollere at vilkåra for utbetaling av tilskotet er oppfylte, og gjennomføre stadleg kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen.
Klage
Du kan klage på vedtaket på søknaden. Klaga sender du til kommunen. Om ikkje kommunen gjer om vedtaket, blir klaga send til statsforvaltaren, som behandla klagesaka. Dersom klaga påverkar tiltak som er knytte til natur- og kulturminneforvaltninga, har forvaltninga høve til å uttale seg om saka før statsforvaltaren gjer endeleg vedtak.
Klagefrist: 3 veker.
Tilbakebetaling og omgjering
Tilskotet kan bli kravd tilbakebetalt eller vedtaket kan bli omgjort dersom det er gjort feil i utbetalinga, ved regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar.
Viktige datoar
Utlysing:
midlane blir lyste ut av kommunen
Søknadsfrist:
kommunen fastset søknadsfrist
Når du får svar på søknaden:
normalt innan 12 veker etter søknadsfristen
Rettleiing
Meir informasjon
Treng du hjelp?
Kontakt kommune din
Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.