Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Tilskot til veterinærreiser

Gjeld tilskot til veterinærreiser for å jamne ut skilnader i veterinærkostnadene til husdyrprodusentane.

Kven kan søkje?

Føretak som er registrerte i Einingsregisteret som tilbydarar av veterinærtenester, kan søkje tilskot.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje tilskot til

Du kan søkje tilskot

  • for reiste kilometer og for dokumenterbare utgifter på reisa til bompengar, parkering og liknande
  • for dokumenterte utgifter til kommersiell transportteneste, og for tida du er på reise med slik transport inkludert nødvendig ventetid

Kort om ordninga

Tilskotet skal brukast til å jamne ut skilnader i veterinærkostnadene til husdyrprodusentane.

Vilkår

  • Reisa må vere gjord i samband med veterinærtenester på husdyrslag som gjev husdyrprodusenten sitt jordbruksføretak rett til avløysartilskot.
  • Reiseutgifter må vere nødvendige.

Det blir ikkje gjeve tilskot til

  • overnatting og forpleiing
  • reise i samband med embryoinnlegging på andre dyreslag enn storfe
  • reise i samband med matproduksjon, mattryggleik m.m. som fell inn under matlova

Dette bør du førebu

  • Du må registrere alle besøk på reisa i Dyrehelseportalen hos Animalia før du kan registrere og sende inn opplysningar om ei reise.
  • Dersom du overfører besøksopplysningar elektronisk frå journalsystemet ditt til Dyrehelseportalen, må du vente med å registrere reiseopplysningar til du har overført alle besøka på reisene frå journalsystemet til Dyrehelseportalen.
  • Dersom du har brukt kommersiell transportteneste som for eksempel leigd skyssbåt på reisa, må du vente med å sende inn reiseopplysningar til du har fått eventuelle fakturaer for dei.
  • Dersom du skal søkje om dispensasjon, må du sende søknad om dette til statsforvaltaren og vente til du får svar, før du sender inn reiseopplysningar i Dyrehelseportalen.

Dispensasjon

  • Ein kan få dispensasjon frå regelen om at det er avstanden frå næraste veterinærføretak som skal leggjast til grunn for utrekning av tilskot for reiser som er gjorde utanfor den veterinære vakttenesta.
  • I særlege tilfelle kan ein få dispensasjon frå søknadsfristen.
  • Hvis det ellers ikkje vil vere mogleg å gjennomføre veterinærtenesta på ein forsvarleg måte, kan det i særskilde tilfelle gjevast dispensasjon frå reglane for berekning av tilskot ved bruk av kommersiell transportteneste.

Søknader om dispensasjon skal du sende til statsforvaltaren i brevpost eller e-post.

Utfylling av søknad

Skjema

Skjema for å søkje tilskot finn du ved å logge deg inn i Dyrehelseportalen hos Animalia og velje menypunkta «Registrer» og «Reiser».

Hugs å sende inn reiseopplysningane seinast 90 dagar etter at reisa du søkjer om tilskot for, blei gjennomført.

I skjemaet skal du registrere

Skjemarettleiinga fortel deg kva for opplysningar du skal sende inn. Dette vil i hovudsak vere opplysningar om   

  • alle semin- og helsebesøk på reisa
  • datoen då reisa starta
  • utgangs- og endepunkt for reisa
  • behandlingsstad for besøk
  • strekningar med andre framkomstmiddel enn eige køyretøy
  • reise- og ventetid med kommersiell transportteneste
  • reisekostnader
  • namn på veterinærføretaket du søkjer på vegner av
  • om reisa er gjord som ledd i den veterinære, kommunale vakttenesta utanom ordinær arbeidstid 

I tillegg skal du laste opp 

  • kvittering/faktura for bruk av anna kommersiell transportteneste enn ferje 

Sende søknad

Du registrerer éi reise om gongen. Når du trykkjer «Godkjenn og send», blir reiseopplysningane send til statsforvaltaren i fylket der første besøk på reisa ligg.

Behandling av søknaden

Mottak

Når statsforvaltaren har fått søknaden, kan dei sjekke opplysningane du har sendt inn, nærare. Dersom dei treng meir informasjon, kan dei be deg om dette.

Behandling

Som hovudregel blir søknadene behandla automatisk hos statsforvaltaren månaden etter at reisene blei sende inn. Nokre søknader blir plukka ut til manuell behandling, anten via maskinelle kontrollar i løysinga eller av statsforvaltaren. Manuell behandling kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.

Meir informasjon om korleis tilskotet blir rekna ut, finn du i utrekningsrettleiinga for tilskot til veterinærreiser

Kontroll

Søknaden kan bli teken ut til kontroll. Du pliktar å gje alle opplysningar og all dokumentasjonen som er relevant for tilskotet, og som statsforvaltaren eller Landbruksdirektoratet treng for å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.

Svar og utbetaling

Svar

Du får vanlegvis svar på søknaden innan utgangen av månaden etter innsending. Du vil få melding på mobiltelefon eller e-post når vedtaksbrevet er lagt i innboksen til veterinærføretaket i Altinn.

Utbetaling

Tilskotet blir overført til kontoen til veterinærføretaket innan ei veke etter at vedtaket er gjort.

Klage

Du kan klage på vedtaket dersom du meiner det er feil. Send klaga til statsforvaltaren. Landbruksdirektoratet vil behandle klagesaka dersom ikkje statsforvaltaren gjer om vedtaket.     

Klagefrist: 3 veker etter at du fekk vedtaket.

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom du har fått utbetalt for mykje tilskot fordi du har brote regelverket eller har gjeve feil opplysningar, kan du bli nøydd til å betale tilbake tilskot.

Viktige datoar

Søknadsfrist:

90 dagar etter at reisa du søkjer om tilskot for, blei gjennomført

Når du får svar:

innan 2 månader etter at du sender inn søknaden

Treng du hjelp?

Kontakt Statsforvaltaren i ditt fylke

Statsforvaltaren kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Finn din Statsforvaltar

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk