Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Tilskot ved produksjonssvikt

Gjeld tilskot ved vesentleg svikt i planteproduksjon på grunn av klimatiske forhold. Viktig informasjon: Melding om skade er ikkje søknad - for å søkje om tilskot bruk eget søknadsskjema til høgre.

Hugs Søknadsfristen

Kven kan søkje?

Jordbruksføretak med vesentleg produksjonssvikt kan søkje om tilskot. Før du søkjer må du ha meldt frå om svikten til kommunen. Meir informasjon finn du under «Meld frå til kommunen» under pkt. 1 «Før du søkjer» under.

Om prosessen:

Før du søkjer

Meld frå til kommunen

Det er eit vilkår for å kunne motta tilskot ved produksjonssvikt at du har gitt kommunen melding om skade. Meldingen skal gis så snart skaden har oppstått eller vil kunne oppstå, slik at kommunen skal ha mulighet til å kontrollere arealet på eit tidspunkt der klimaskaden kan påvises.

Melding om skade gjøres elektronisk via Altinn Dersom du har skade i flere ulike vekstgruppar, må det leveres ein egen melding for kvar av vekstgruppane. Meldingen blir sendt til kommunen hvor driftssenteret for foretaket ditt ligg, og du vil motta kvittering for innsendt melding.

Dersom kommunen ønsker å foreta ein stedlig kontroll i forbindelse med meldingen, vil du bli kontaktet.

OBS: Ein melding om skade er ikkje ein søknad. Søknadsfristen for tilskot ved produksjonssvikt er 31.10. i skadeåret, og ein søknad om tilskot sendes via eget søknadsskjema.

Kva du kan søkje tilskot for

Du kan søkje tilskot for

  • produksjonssvikt for bær
  • produksjonssvikt for frukt
  • produksjonssvikt for grønsaker
  • produksjonssvikt for korn og anna frø til modning
  • produksjonssvikt for poteter
  • produksjonssvikt for grovfôr i føretak med husdyr
  • produksjonssvikt for grovfôr i salsproduksjon

Du kan ikkje få tilskot for

  • produksjonssvikt som har opphav i sjukdommar, skadedyr og ugras, sjølv om førekomsten kan knytast til klimatiske forhold
  • produksjonssvikt som kjem av ei driftsform som ikkje er fagleg forsvarleg
  • produksjonssvikt som kjem av forhold som kan kontrollerast ved aktiv bruk av førebyggjande tiltak
  • indirekte klimatisk skade, til dømes dårleg pollinering, som gjev låge avlingar, eller sterk vind, som gjev mykje nedfallsfrukt. Jordskred blir i utgangspunktet ikkje rekna som direkte klimatisk skade.  

Kort om ordninga

  • Berre skadar som skriv seg frå klimatiske forhold, kan gis tilskot for.
  • Avlinga i skadeåret må vere mindre enn 70 prosent av gjennomsnittsavlinga for vekstgruppa for å utløyse grunnlaget for tilskot. Det vil seie at det er ein eigen risiko på 30 prosent.
  • Produksjonssvikten må ha ein klimatisk årsak det ikkje er mogleg å sikre seg mot.
  • Tilskot føreset at det er godt dokumentert at det er ein klimatisk skade som er årsak til produksjonssvikten.
  • Tilskot føreset at føretaket har drive på ein fagleg forsvarleg måte og gjort det som ein normalt kan rekne med for å førebyggje tap. Dette inkluderer, men er ikkje avgrensa til, at art og sort skal vere tilpassa normale klimatiske forhold, at arealet skal vere godt drenert, og at avlinga må bli hausta.
  • Tilskot kan gis til føretak som 
    • har hatt svikt i plante- eller honningproduksjon på bakgrunn av klimatiske forhold 
    • på skadetidspunktet oppfyller vilkåra for å kunne få produksjonstilskot
    • ikkje kan få dekt tapet gjennom ei allment tilgjengeleg forsikringsordning eller på anna måte
    • utan ugrunna opphald har gjeve melding til kommunen om at skade har oppstått, eller vil kunne oppstå

Dette bør du førebu

Du må kunne dokumentere årsakssamanhengen mellom skaden og klimatiske forhold. I tillegg må du gjere ei vurdering av om heile produksjonssvikten kjem av klimatiske forhold eller om delar av denne kjem av dyrkningstekniske eller andre ikkje-klimatiske forhold.  

Om det er første gong du søkjar, tilrår vi at du startar på søknaden i god tid før fristen. 

Forskotsutbetaling

Ved store tap og likviditetsproblem kan du søkje om forskotsutbetaling. Ved store tap og likviditetsproblem kan du søkja om forskotsutbetaling. Dette vert gjort via det ordinære søknadsskjemaet i Altinn. Manglande opplysningar og dokumentasjon må ettersendast så raskt dette ligg føre. Avgjerd om eventuell forskotutbetaling blir gjord av statsforvaltar.

Utfylling av søknad

Skjema

For produksjonssvikt innan planteproduksjon går du til skjema Tilskot ved produksjonssvikt.

Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn

Har du spørsmål om søknaden, ta kontakt med kommunen.

I søknaden skal du registrere

  • oppgi kven som søkjer
  • forklar skade og skadeårsak 
  • forklar førebygjande og tapsbegrensende tiltak
  • anslå andelen av skaden som skyldas klimatiske forhold (klimaprosent)
  • oppgje avling og areal i skadeår og gjennomsnittsperiode
  • last opp dokumentasjon som stadfestar opplysningane i søknaden

Du skal legge ved dokumentasjon på 

  • skade og skadeårsak
  • avling i skadeår og gjennomsnittsperiode (gjennomsnittsperiode gjeld ikkje vekstgruppe grovfôr i foretak med husdyr)

God dokumentasjon kan vera ei stadfesting på klimautfordringar frå kommunen eller eit profesjonelt fagmiljø. Annan god dokumentasjon vil til dømes vera skadeomfang i heile område eller meteorologiske data. Bilete kan gi god tilleggsinformasjon.  

Naudsynt dokumentasjon som ikkje ligg føre på søknadstidspunkt, kan ettersendast digitalt etter at søknaden er sendt inn.

Sende søknad

Når du vel å senda inn søknaden, blir send denne til kommunen for gjennomgang og uttale. Ved digital søknad får du ei kvittering i innboksen din i Altinn.trykkjar “Send skjema” blir send søknaden automatisk til kommunen. Når du søkjer digitalt får du stadfesting i «Landbruksføretaket mitt» i Altinn.  

Viss du vel å brukebrukar papirskjema, send søknaden til kommunen på e-post eller i vanleg post. Om du får stadfesting på at søknaden er motteken, du har sendt inn på e-post/post, avheng av rutinar hos kvar enkelt kommune. 

Lenker til papirskjema:

Behandling av søknaden

Mottak

Når kommunen har fått søknaden, går dei gjennom sjekkar dei opplysningane du har sendt innoppgitt før dei sender søknaden til statsforvaltaren. Kommunen skal ha høve til å kontrollera årsaka til skaden (klimavilkårsbunden årsak). Viss dekommunen har behov for meir informasjon, kan dei be om dette.

Behandling

Det er statsforvaltaren som behandlar søknaden og gjer vedtak.

Kontroll

Søknaden kan bli teken ut til stadleg kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gi nødvendige opplysningar og hjelpa til med å gjennomføra denne. Kontrollar kan gjera at saksbehandlinga tek lenger tid.

Svar og utbetaling

Svar

Du får svar på søknaden i din innboks i Altinn.

Utbetaling

Får du innvilga tilskot, blir pengane automatisk overførtutbetalt til kontoen din innan ei veke så fort etter at vedtaket er fatta. Det er Landbruksdirektoratet som utbetaler pengane.

Høve til førehandsbetaling

Ved store tap og likviditetsproblem kan det utbetalast eit forskot på inntil 50 prosent av forventa tilskot.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Klaga sender du til kommune som vidaresender klaga til statsforvaltaren. Dersom statsforvaltaren ikkje omgjer vedtaket, vil klaga sendas vidare til behandling hos Landbruksdirektoratet.

Klagefrista er 3 veker. 

Tilbakebetaling og avkorting

Viss det skulle skje at du får utbetalt meir i tilskot enn du har rett til, kan for mykje utbetalt tilskot krevjast betalt tilbake. Kravet kan motregnes i andre offentlege tilskot du får i landbruksverksemda di. Viss du sjølv, med vilje eller ved grov aktløyse, har forårsaka feilen, kan heile eller delar av tilskotet blir avkorta. Me kan i tillegg krevja forseinkingsrenter.

Viktige datoer

Meldefrist

Melding om at skade har oppstått eller vil kunne oppstå, skal gis kommunen så snart som mulig.

Søknadsfrist:

31. oktober det året avlingssvikten oppstod

Treng du hjelp?

Kontakt kommunen din

Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk