Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Tilskot ved svikt i honningproduksjon

Gjeld tilskot ved vesentleg svikt i honningproduksjon på grunn av klimatiske forhold. Viktig informasjon: Melding om skade er ikkje søknad - for å søkje om tilskot bruk eget søknadsskjema til høgre.

Hugs søknadsfristen

Kven kan søkje?

Føretak som driv honningproduksjon, kan søkje tilskot.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje erstatning for

Du kan søkje erstatning for svikt i honningproduksjon på grunn av klimatiske forhold.

Kort om ordninga

  • Svikten i honningproduksjonen må vere vesentleg og kome av klimatiske forhold det ikkje er mogleg å sikre seg mot, til dømes redusert blomstring og/eller dårleg flyvêr.
  • Redusert produksjon på grunn av til dømes sjukdom eller oppsplitting av bifolk blir ikkje dekt.
  • Produksjonen må vere mindre enn 70 prosent av gjennomsnittsproduksjonen per bikube for å løyse ut grunnlag for erstatning. Søkjaren må sjølv dekkje ein eigenrisiko på 30 prosent av gjennomsnittsproduksjonen.
  • Forholdet må meldast til kommunen så raskt som mogleg (utan ugrunna opphald).
  • Føretaket må ha drive på ein fagleg forsvarleg måte og gjort det ein normalt kan forvente, for å førebyggje tap.
  • Føretaket må leggje til rette for sterke bifolk, førebyggje sjukdom og ha ei tilpassa sjukdoms-/parasittbehandling.
  • Føretaket må på skadetidspunktet ha rett til produksjonstilskot.

Meld frå til kommunen

Det er ein føresetnad for å kunne motta tilskot ved svikt i honningproduksjon at du har gjeve kommunen melding om skade. Meldinga sendast inn så snart du er klar over forholdet. Du kan ikkje vente til slynging for å slå fast skadeomfanget.

Melding om skade gjer du elektronisk via Altinn

Meldinga vert sendt til kommunen der driftssenteret for foretaket ditt ligg, og du vil motta kvittering for innsendt melding.

Dersom kommunen ønskjer å foreta ein stadlig kontroll i samband med meldinga, vil du bli kontakta.

OBS: Ei melding om skade er ikkje ein søknad. Søknadsfristen for tilskot ved svikt i honningproduksjon er 31.10. i skadeåret, og ein søknad om tilskot sendes via eige søknadsskjema.

Utfylling av søknad

Skjema

Gå til skjemaet Tilskot ved svikt i honningproduksjon via Altinn for å søkje. Bruk MinID eller BankID for å logge inn. Du finn meir informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn

Hugs søknadsfristen 31. oktober det året avlingssvikten oppstod.

I skjemaet skal du registrere

  • kven som søkjer
  • driftssenteret til føretaket
  • skildring av klimaforholda og skadeårsaker i produksjonssesongen, korleis dette har påverka honningmengda og prosentvis overslag over produksjonssvikten som kjem av klimatiske forhold
  • opplysningar om honningproduksjonen
  • dårlegaste år i gjennomsnittsperioden
  • eventuelle merknader

Når du søkjer digitalt, er ein del av opplysningane dine fylte inn på førehand, og du får rettleiing undervegs i skjemaet.

Dersom du ikkje kan søkje digitalt, kan du bruke skjemaet Søknad om erstatning for svikt i honningproduksjon (LDIR-261) for å sende søknad på e-post eller i vanleg post. Søknaden må signerast av deg som søkjar, og av rekneskapsføraren.

Sende søknad

Når du trykkjer på “«Send skjema» blir søknaden automatisk send til kommunen. Når du søkjer digitalt, får du stadfesting i «Mitt landbruksføretak» i Altinn.

Dersom du brukar papirskjema, sender du søknaden til kommunen på e-post eller i vanleg post. Om du får stadfesting på søknaden du har sendt inn på e-post/post, er avhengig av rutinar hos kvar enkelt kommune. 

Behandling av søknaden

Mottak

Når kommunen har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.

Behandling

Statsforvaltaren behandlar søknaden og gjer vedtak.     

Erstatning blir rekna ut basert på gjennomsnittsproduksjon ut frå dokumentert honningproduksjon i kilo per bikube i produksjon dei tre siste åra før skadeåret. Frå gjennomsnittsproduksjonen blir det trekt 30 prosent eigenrisiko, talet på kilo honning som er produsert i skadeåret, og produksjonssvikt som ikkje er klimarelatert. Summen blir multiplisert med erstatningssatsen for honning.

For føretak i etablerings- eller nedbyggingsfasen

Dersom føretaket er i ein etablerings- eller nedbyggingsfase, kan gjennomsnittsproduksjonen fastsetjast med utgangspunkt i produksjonsnivået hos samanliknbare føretak i området. Det er statsforvaltaren som gjer denne utrekninga.

Kontroll

Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.

Svar og utbetaling

Svar

Du får svar på søknaden i «Mitt landbruksføretak» i Altinn. Dersom du har sendt papirsøknad, får du svar i e-post eller i vanleg post. 

Sjekk status på søknaden

Du kan når som helst gå til «Mitt landbruksføretak» i Altinn for å sjå status for søknaden.

Utbetaling

Får du erstatning, blir pengane automatisk overførte til konto. Det er Landbruksdirektoratet som utbetalar pengane.       

Det blir ikkje utbetalt erstatning under 5 000 kroner og over 750 000 kroner.   

Klage

Du kan klage på vedtaket. Klaga sender du til kommunen. Statsforvaltaren vil behandle klagesaka dersom ikkje kommunen gjer om vedtaket.

Klagefrist: 3 veker.  

Omtrentleg tid for klagebehandling: 3 månader.  

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte erstatninga.    

Heile eller delar av erstatninga kan også bli avkorta dersom føretaket ikkje har drive på ein fagleg forsvarleg måte og gjort det som normalt kan forventast for å førebyggje tap.

Viktige datoar

Frist for melde frå til kommunen:

så fort du blir klar over forholdet

Søknadsfrist:

31. oktober det året avlingssvikten oppstod

Treng du hjelp?

Kontakt kommunen din

Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk