Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Midlar til fjellandbruk

Til tiltak som bidreg til å styrkje grunnlaget for berekraftig verdiskaping i fjellandbruket. Gjeld Innlandet, Vestfold og Telemark, Trøndelag, og Oslo og Viken.

Kven kan søkje

Organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan innanfor landbruket, kan søkje.

Kva du kan søkje midlar til  

Du kan søkje midlar til 

  • tiltak som betrar lønsemda innanfor tradisjonelt landbruk, utan å leggje vekt på auka produksjon
  • utgreiings-/utviklingstiltak, agronomi, beite, hausting, nye planter, klimatilpassing m.m.
  • satsing på unge bønder / nye bønder: fagsamlingar, møteplassar, nettverk m.m. 
  • skape / halde oppe god fagkompetanse, fagmiljø og møteplassar
  • betre utnytting av utmarksbeiteressursane 

Gjeld tiltak i Innlandet, Vestfold og Telemark, Trøndelag, og Oslo og Viken. 

Slik søkjer du 

Ta kontakt med statsforvaltaren i din region for meir informasjon.

Kontakt Statsforvaltaren i Troms og Finnmark 

Statsforvaltaren kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, rettar og plikter. 

Landbruks- og matdepartementet 

Har det nasjonale fagansvaret for denne ordninga. 

Landbruksdirektoratet 

Er driftsansvarlege for fagsystemet Agros, for søknadar, vedtaksbrev m.m. 

Kontaktperson: Ann-Kathrin Billing

Fant du det du lette etter?