Middel til forsking og utvikling innan reindrift
Gjeld middel frå Utviklingsfondet for reindrifta til prosjekt som bidreg til ny næringsretta kunnskap, og som er brukbar og etterspurd av reindriftsnæringa, forvaltninga, politikarar og samfunnet.
Husk Søknadsfristen
Kven kan søkje?
Universitet, høgskular, institutt eller andre FoU-organisasjonar, helst i forpliktande samarbeid med reindriftsnæringa, kan søkje.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje midlar til
Du kan søkje midlar til følgjande:
- Forskingsprosjekt som varer i inntil 2 år. Gjeld prosjekt som er retta inn mot primært anvend forsking av original karakter som blir utført for å skaffe til vegar ny kunnskap, retta inn mot praktiske mål og bruksområde.
- Utviklingsprosjekt som varer i inntil 2 år. Gjeld prosjekt der ein tek i bruk eksisterande kunnskap frå forsking (eventuelt også praktisk erfaring), som er retta inn mot å framstille nye eller vesentleg forbetra produkt, prosessar eller innretningar.
- Formidlingsprosjekt som varer i inntil 1 år. Gjeld prosjekt som er retta inn mot å formidle kunnskap til reindriftsutøvarar og forvaltning, som er erverva gjennom FoU-prosjekt.
Prioriteringar i 2021/2022
Dette har avtalepartane blitt einige om å prioritere i 2021/2022:
- tilleggsfôring
- påverknad frå klimaendringane på reindrifta og moglege strategiar for klimatilpassing
- overvaking av beiteområde
- sikring av areala i reidrifta
- utvikling av det interne sjølvstyret i reindrifta
- rovvilt og påverknad på reindrifta frå rovviltforvaltninga
Kort om ordninga
- Ordninga skal bidra til å skaffe til vegar ny kunnskap til bestemte praktiske mål eller bruksområde, eller bruke eksisterande kunnskap frå forsking og/eller praktisk erfaring, og vere innretta mot å framstille nye eller vesentleg forbetra materiale, prosessar og produkt.
- Prosjekta skal bidra til å formidle forskingsresultat til relevante brukargrupper, helst innanfor reindriftsnæringa.
- Prosjektansvarleg (søkjarinstitusjonen) skal som hovudregel vere ein norsk FoU-institusjon med ein namngjeven administrativt ansvarleg.
- Prosjektansvarleg må kunne dokumentere relevant kompetanse for oppgåva.
- Prosjektleiaren må ha ei institusjonell tilknyting til søkjarinstitusjonen og ha dokumenterbar erfaring og kompetanse innanfor det reindriftsfaglege FoU-feltet.
- Prosjekt kan gjennomførast i eitt eller fleire FoU-miljø, under fagleg leiing av eitt FoU-miljø.
- Prosjektet må ha ein høg forskingsetisk standard og ta omsyn til konsekvensar for naturmiljøet.
- Dersom reindriftsnæringa ikkje er involvert i prosjektet, må du grunngje dette i søknaden.
Kva du bør førebu
Søknaden skal innehalde ei utfyllande prosjektskildring. Vi tilrår at du startar på denne i god tid før søknadsfristen.
Obligatoriske vedlegg til søknaden
- prosjektskildring med budsjett og finansiering
- CV for prosjektleiaren og eventuelt andre sentrale medarbeidarar
- samarbeidserklæring eller intensjonsavtale frå andre aktørar som skal delta i prosjektet
Du skal ikkje sende med andre vedlegg. Det er berre dei som er lista opp ovanfor, som blir tekne med i vurderinga av søknaden. Søknaden og prosjektskildringa skal vere på norsk.
Finansieringskjelde
Midlane er finansierte av Utviklingsfondet for reindrifta.
Utfylling av søknad
Søknaden skal innehalde
- kven som søkjer
- kva du søkjer midlar til
- prosjektskildring som inkluderer
- problemstilling/FoU-utfordring
- kunnskapsstatus og tidlegare utført arbeid (før opp referansar)
- hovudmål, delmål (mål skal vere moglege å etterprøve)
- vurdering av kva nytte prosjektet har for reindriftsnæringa, og korleis ein kan bruke resultata vidare
- arbeidsskildring/gjennomføring (gjennomføring av aktivitetar i prosjektet og metodebruk, gjerne i samband med delmåla)
- leveransar (definer alle leveransar og set opp fristar for levering)
- organisering (ansvarleg organisasjon og samarbeidande miljø, prosjektleiar, prosjektgruppe)
- tidsplan/milepålar
- handlingsplan
- budsjett og finansiering
- oversikt over kostnadsbruk per år for kvar deltakar
- spesifisere ressursbruk på kvar enkelt arbeidspakke/delaktivitet i prosjektet
- totalt prosjektbudsjett, inkludert kor mykje RUF finansierer
- eventuelle andre finansieringskjelder og totalsum for prosjektet
- formidling, formidlingsarenaer
- (Eventuelle andre krav vil bli opplyste i utlysinga. Dersom reindriftsnæringa ikkje er involvert i prosjektet, må du grunngje dette.)
Ved søknad om å finansiere FoU-prosjekt med eit visst forskingsmessig innhald ønskjer vi forslag på 2–5 fagekspertar som du reknar som habile til å vurdere søknaden.
- I tillegg skal du leggje ved obligatoriske vedlegg
- prosjektskildring med budsjett og finansiering
- CV for prosjektleiaren og eventuelt andre sentrale medarbeidarar
- samarbeidserklæring eller intensjonsavtale frå andre aktørar som skal delta i prosjektet
Alle obligatoriske vedlegg må vere med. Du skal ikkje sende med andre vedlegg. Det er berre dei som er lista opp ovanfor, som blir tekne med i vurderinga av søknaden. Søknaden og prosjektskildringa skal vere på norsk.
Fleirårige prosjekt
Dersom du har fått midlar til eit fleirårig prosjekt, må du søkje om tilskot for det påfølgjande året når midlane blir lyste ut. Du må også sende med ein framdriftsrapport som orienterer om utviklinga i prosjektet og eventuelle avvik.
Sende søknad
Send søknaden med vedlegg til Landbruksdirektoratet på e-post til postmottak@landbruksdirektoratet.no, eller til Landbruksdirektoratet, Postboks 1450 Vika, 0116 Oslo.
Når Landbruksdirektoratet har fått søknaden, får du stadfesting på e-post eller som brev i posten.
Behandling av søknaden
Mottak
Når Landbruksdirektoratet har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Det er berre opplysningar som er sende inn innan fristen, som blir tekne med i vurderinga. Dersom søknaden inneheld feil eller manglar, kan han bli avvist.
Behandling
Landbruksdirektoratet førebur ei styrebehandling av søknaden. Søknaden blir så vurdert av uavhengige fagekspertar. Dette blir organisert av Noregs forskingsråd. Landbruksdirektoratet innstiller vidare forslag til vedtak, som blir sendt til Utviklingsfondet for reindrifta. Det er Utviklingsfondet for reindrifta som gjer endeleg vedtak.
Vurderingskriterium
- dokumentkvalitet
- nyheitsgrad og relevans for reindriftsnæringa
- vitskapleg kvalitet
- kompetansen til prosjektleiaren og prosjektgruppa
- gjennomføringsplan og ressursbehov
- nasjonal (og internasjonal) kompetansebygging
- brukarmedverknad frå reindriftsnæringa
- formidlings- og kommunikasjonsplan
- relevans basert på utlysinga
- vurdering frå fagekspertar
Kontroll
Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.
Svar og utbetaling
Svar
Du får svar på søknaden i e-post eller i brev i posten.
I tillegg annonserer Landbruksdirektoratet kven som har fått tilskot, på nettsidene sine.
Du må stadfeste
80 prosent av midlane kan betalast ut forskotsvis. Dei resterande 20 prosentane blir haldne tilbake til sluttrapporten for prosjektet er godkjend av Landbruksdirektoratet. For å få pengane utbetalt, må du sende ei utbetalingsoppmoding. Det er Landbruksdirektoratet som utbetalar pengane.
Prosjektrekneskap
Dersom du får midlar, må du føre prosjektrekneskap over finansiering og kostnader. Prosjektet skal berre belastast med kostnader som er nødvendige, direkte knytte til gjennomføringa og i samsvar med budsjettet.
Rekneskapen skal gje uttrykk for den totale verksemda i prosjektet, også verksemd som blir finansiert av andre enn Utviklingsfondet for reindrifta. Rekneskapen skal førast på ein måte som gjer at det enkelt kan samanliknast med budsjettet som blei sendt inn med søknaden.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Send klaga til Landbruksdirektoratet. Landbruks- og matdepartementet vil behandle klagesaka dersom ikkje Landbruksdirektoratet gjer om vedtaket.
Tilbakebetaling og avkorting
Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.
Heile eller delar av støtta kan også bli redusert eller kravd tilbakebetalt dersom vesentlege føresetnader for støtta viser seg å ikkje vere oppfylte.
Viktige datoar
Utlysing:
Mai 2025
Søknadsfrist:
15. september