Midlar til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket
Tilskotsordninga skal leggje til rette for regional næringsutvikling med mål om å styrkje verdiskapinga i landbruket.
Kven kan søkje
Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar som er registrerte i Einingsregisteret, kan søkje.
Føretak kan søkje dersom tiltaket har som føremål å fremje fellesgode som er knytte til næringsutvikling. Her er det også krav om at føretaket må vere registrert i Einingsregisteret.
Kva du kan søkje midlar til
Du kan søkje midlar til tilretteleggingstiltak som bidreg til utvikling av konvensjonell eller økologisk drift i landbruket eller til utvikling av andre landbruksbaserte næringar.
Slik søkjer du
Meir informasjon om tilskotsordninga, faglege prioriteringar, søknadsfristar, krav til søknad m.m. finn du på Regionalforvaltning.no eller nettsidene til fylkeskommunen. Søknader skal sendast til fylkeskommunen i din region.
Har du generelle førespurnader om ordninga, ta kontak med Landbruksdirektoratet;
- Ann-Kathrin Billing, Telefon: 416 00 603.
- Tobias Høyvik, Telefon: 78 60 60 00