Be om utbetaling for skogsveganlegg
Skal du sende oppmoding om utbetaling av tilskot til skogsveganlegg? Då må du registrere rekneskapssamandrag.
Kven kan be om utbetaling?
Ein skogeigar/byggherre som har fått tildelt tilskot til skogveganlegg kan be om utbetaling ved å registrere rekneskapssamandrag.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan be om
Du kan be om
- delutbetaling
- sluttutbetaling
Kort om ordninga
- Rekneskapssamandraget skal brukast for utbetaling av kostnader og eventuelt tilskot for nybygging og ombygging av skogsveganlegg.
Dette bør du førebu
Til rekneskapssamandraget skal du leggje ved ei rekneskapsbok med nummererte vedlegg av fakturaer/kvitteringar. Vi tilrår at du har dette klart når du fyller ut rekneskapssamandraget.
Utfylling av søknad
Skjema
Bruk skjemaet Rekneskapssamandrag for skogsveganlegg (LDIR-904).
I skjemaet skal du registrere
- punkt 1: grunnopplysningar
- punkt 2: arbeid/kostnadsart
I tillegg skal du leggje ved:
- Rekneskapsdagbok med nummererte vedlegg av fakturaer/kvitteringar.
Du kan ikkje ta med utgifter til mellom anna vedlikehald, renter for lån av anleggskapital og innkjøp av maskiner.
Merk! Det er kommunen som fyller inn punkt 3: revisjon og tilvising av tilskot.
Sende rekneskapssamandrag
Send rekneskapssamandraget til kommunen på e-post eller i vanleg post.
Behandling av rekneskapssamandraget
Mottak
Når kommunen har fått rekneskapssamandraget sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.
Behandling
Rekneskapen blir revidert av den skogbruksansvarlege og/eller revisoren i kommunen. Kommunen sender godkjende utgifter og eventuelt tilskot til Landbruksdirektoratet for utbetaling.
Kontroll
Du kan bli teken ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.
Utbetaling
Utbetaling
Dersom oppmodinga blir godkjend, blir pengane automatisk overførte til konto. Det er Landbruksdirektoratet som utbetalar pengane.
Tilbakebetaling og avkorting
Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.
Viktige datoar
Registreringsfrist:
fristen er ført opp i vedtaksbrevet om nybygging/ombygging av skogsveg
Relaterte ordningar
Treng du hjelp?
Kontakt kommune din
Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.