Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Melde om hogst i vernskog

For hogst i vernskog gjeld regionale og lokale reglar om meldeplikt. Dersom du ønskjer å gjere hogst i vernskog i eit område med meldeplikt, må du sende melding før du set i gang med hogsten.

Kven må melde?

Det er vanleg at hogst i vernskog skal meldast til kommunen før ein set i gang med hogsten. Statsforvaltaren bestemmer om skog skal vere vernskog, grensene for vernskogen, behandling i vernskogen og om det skal vere meldeplikt (lokal forskrift). Alle fylke unnateke Oslo, har vernskog, medan i Nordland og Troms og Finnmark er nesten all skog vernskog.

Om prosessen:

Før du melder

Kort om ordninga

  • Vernskog er skog som er viktig som vern mot naturfarar, gjev vern mot vêr og vind for annan skog eller skog opp mot fjellet, ut mot havet eller langt mot nord som har vanskeleg for å forynge seg.
  • For hogst i vernskog må du halde deg til regionale og lokale reglar og meldeplikt.
  • Du må søkje til fristar som er fastsette av kommunen der skogen ligg, og du må opplyse om kvar, kor mykje og på kva måte du skal hogge, og korleis du vil sikre forynging etterpå.
  • Du må halde deg til dei reglane for kva type godkjenning du må ha før du set i gang med hogsten.
Utfylling av melding

Skjema

Du kan sende melding elektronisk på «skogfond på nett» med innlogging via Altinn. Meir informasjon fås gjennom å kontakte skogbruksansvarlige i kommunen.

Det pågår eit arbeid med å automatisere meldingene, samt å la andre på vegne av skogeier melde om hogst i vernskog. 

Sende melding

Send meldinga til kommunen der vernskogen ligg.

Behandling av melding

Behandling

Kommunen kan godkjenne hogst, gjere vedtak om hogstnekt eller setje vilkår for korleis hogsten skal utførast.

Kontroll

Meldinga kan bli teken ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.

Svar

Svar

Det står i dei lokale reglane kva måte du blir informert om at meldinga er godkjend, på.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Klaga sender du til kommunen. Statsforvaltaren vil behandle klagesaka dersom ikkje kommunen gjer om vedtaket.     

Klagefrist: 3 veker.

Omtrentleg tid for klagebehandling: 4 veker.   

Viktige datoar

Meldefrist:

ta kontakt med kommunen for informasjon om fristen

Når du får svar:

normalt 2 veker etter at meldinga er motteken

Treng du hjelp?

Kontakt kommunen din

Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk