Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Refusjonskrav for utbetaling frå skogfond

Ønskjer du utbetaling av midlar frå skogfondkontoen din? Her finn du praktisk informasjon om korleis du går fram.

Kven kan registrere refusjonskrav

Skogeigaren kan registrere refusjonskrav for å få midlar ut frå eigen skogfondkonto.

Om prosessen:

Før du registrerer

Kva for refusjonskrav du kan registrere

Du kan registrere krav om 

  • utbetaling frå skogfond til diverse føremål 
  • utbetaling frå skogfond til udekte investeringar  
  • utbetaling frå skogfond og søknad om tilskot til skogkultur 
  • utbetaling frå skogfond og søknad om tilskot til grøfting og gjødsling 

Sjå også meir utfyllande informasjon om kva som kan dekkjast og ikkje dekkjast med midlar frå fondet. 

Kort om ordninga

  • Skogfond er ei lovpålagd fondssparing, som skal sikre at skogeigaren har midlar til å finansiere investeringar i eigen skog. 
  • Når skogeigaren sel tømmer og biobrensel, trekkjer den som kjøper, pengar til fondet frå oppgjeret og set pengane inn på skogfondkontoen. 
  • Ved småsal direkte frå garden må skogeigaren sjølv rapportere salet og betale inn til skogfondkontoen sin.   
  • Alle skogeigarar skal ha sin eigen skogfondkonto. 
  • Pengane på skogfondkontoen følgjer skogeigedommen og høyrer til skogeigaren.    
  • Det er skogeigaren sjølv som må registrere refusjonskravet.  
  • Refusjonskrav skal først registrerast etter at tiltaket er gjennomført og investeringa er betalt. 

Dette bør du førebu

For å registrere refusjonskrav digitalt må du vere registrert som brukar i  Skogfondsystemet. Dersom du ikkje har tilgang til systemet, må du registrere deg som ny brukar.  

Til søknaden skal du leggje ved vedlegg som dokumenterer investeringstiltaka du har gjennomført. Vi tilrår at du har dette klart når du registrerer refusjonskravet.      

Sjekke eigen saldo 

Når du er registrert som brukar, kan du også sjekke saldo på eiga fondssparing ved å logge inn i Skogfondssystemet via Altinn.  

Under menyvalet «Statistikk og historikk» finn du lenkje til «Kontoutskrift». Der ser du saldoen på fondet, og du kan hente kontoutskrift for tidlegare år.   

Registrere refusjonskrav

Skjema

Gå til Skogfondssystemet via Altinn for å registrere refusjonskravet. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn. 

Registrer refusjonskravet under menypunktet «Skogfond og tilskot til skogkultur».  

I skjemaet skal du registrere

Sjekk allereie registrerte opplysningar og rett opp i eventuelle feil om 

  • kven som søkjer 
  • kontonummer 
  • Du skal også registrere 
  • type utbetaling 
  • informasjon om tiltaket  
  • geografisk plassering og eventuelle merknader  

I tillegg skal du leggje ved vedlegg som dokumenterer investeringstiltaka du har gjennomført. Last opp dokumentasjonen som vedlegg.  

Kva for kostnader du skal registrere  

Alle tiltak du søkjer refusjon for, skal du registrere med totale kostnader. Dersom du ikkje har nok midlar på skogfondskontoen din, vil kostnadene bli refunderte så langt det er dekning på skogfondskontoen din. Dersom du ikkje ønskjer at alle kostnadene skal refunderast, må du bruke merknadsfeltet til å skrive kva beløp du ønskjer dekt med skogfond.  

Fleire tiltak i same refusjonskrav  

Når du registrerer fleire tiltak i same refusjonskrav, må du føre opp plassering for kvart enkelt tiltak. Teikn inn aktuelle tiltaksområde på eit eigna kart, og bruk hovudkodane frå tiltakslista som referanse til dei enkelte områda. Du kan også referere til bestandsnummer frå siste skogbruksplan på eigedommen.  

Sende skjema

Når du trykkjer på «Send skjema» blir refusjonskravet automatisk sendt til kommunen din. Du får stadfesting på at skjemaet er sendt, på skjermen og i innboksen din i Altinn.  

Om du ikkje har høve til å registrere kravet digitalt, kan du bruke eit av desse skjemaa:   

 Send skjemaet med vedlegg til kommunen din på e-post eller i vanleg post.

Behandling av kravet

Mottak

Når kommunen har fått refusjonskravet, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon, kan dei be om dette.

Behandling

Kommunen behandlar refusjonskravet, gjer vedtak og legg det godkjende beløpet til godkjenning i systemet. 

Behandlinga 

  • om refusjonskravet gjeld tiltak som kan dekkjast av skogfond 
  • sjå til at tiltaket er fagleg, økonomisk og økologisk forsvarleg og i samsvar med føresegner i og i medhald av skogbrukslova.
Svar og utbetaling

Svar

Du får svar på refusjonskravet i innboksen din i Altinn. Dersom du har sendt papirsøknad, får du svar i e-post eller som brev i posten.

Utbetaling

Får du godkjent refusjonen, blir pengane automatisk overførte til konto. Det er statsforvaltaren som betalar ut pengane.

Klage

Du kan klage på vedtaket. Klaga sender du til kommunen. Statsforvaltaren vil behandle klagesaka dersom ikkje kommunen gjer om vedtaket.         

Klagefrist: 3 veker

Viktige datoar

Frist:

Etter at tiltaket er gjennomført og investeringa betalt, og seinast eit år frå utgangen av det kalenderåret investeringa blei gjennomført.

Treng du hjelp?

Kontakt kommunen din

Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk