Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Tilskot til gjødsling av skog som klimatiltak

Gjeld tilskot til kalkhaldig gjødsling av skog som klimatiltak.

Hugs Søknadsfristen

Logg inn/skjema

Kven kan søkje?

Skogeigaren kan søkje tilskot til gjødsling av skog som klimatiltak på eigedommen sin.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje tilskot til

Du kan søkje tilskot til gjødsling av skog med nitrogengjødsel.

Kort om ordninga

  • Dei gjødsla areala må kartfestast digitalt.
  • Det kan gjødslast på eigna areal på vegetasjonstypane blokkebærskog, bærlyngskog, blåbærskog, småbregneskog, storbregneskog og på torvmark med etablert forynging.
  • Gjødsling skal gjerast i produksjonsskog med mindre enn 20 prosent lauv på furudominerte areal med bonitet F8 til F17, og grandominerte areal på bonitet G8 til G20.
  • Bestanden bør ha optimal tettleik og ikkje vere fleirsjikta.
  • Lavartar bør utgjere mindre enn 50 % av marksjiktet.
  • Hogstklasse IV (4) blir prioritert.
  • Vekstbestand av furu i tidleg hogstklasse fem kan gjødslast dersom dei ikkje er planlagde å bli hogne før om lag 10 år.
  • Tre av sein hogstklasse kan gjødslast nokre år etter at eventuelle tynningar er avslutta.
  • Det blir gjeve inntil 40 prosent tilskot av dokumenterte kostnader til gjødsling.

Miljøkrav

  • Dei miljøverdiane som er førte opp i rapporten «Målrettet gjødsling av skog som klimatiltak», skal på førehand sjekkast ut mot offentlege miljødatabasar og takast omsyn til når gjødslinga blir utført.
  • Det skal gjødslast med kalkhaldig gjødsel.
  • Gjødslinga må utførast slik at ho ikkje påverkar verdifulle miljøførekomstar i nærleiken av dei gjødsla areala. Det skal setjast av ei gjødselfri sone på 10–15 meter.
  • Det blir avsett ei gjødselfri sone på minst 25 meter i nedstraums retning mot innsjøar, elvar og bekker med heilårs vassføring.
  • Gjødsling med nitrogen skal ikkje skje før snøsmeltinga er ferdig. Elles blir gjødseltidspunktet tilpassa slik at risiko for næringslekkasje blir minst mogleg.
  • Det skal normalt gjødslast med inntil 15 kg nitrogen per dekar.
  • På gjødsla areal vil tilveksten auke i ein periode på 6 til 10 år og hogst skal normalt utsetjast i om lag 10 år til gjødselverknaden er avslutta.

Dette bør du førebu

Nødvendig dokumentasjon skal følgje med søknaden om tilskot. Det er krav om kartfesting. Kopi av faktura for utført arbeid, kjøp av gjødsel m.m. er vedlegg som skal følgje med søknaden. Vi tilrår at du har dette klart når du registrerer søknaden.

Utfylling av søknad

Skjema

Gå til Skogfondssystemet via Altinn for å søkje tilskot. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.  

Hugs søknadsfristen 15. september.

Dersom du ikkje har høve til å søkje digitalt, kan du bruke skjemaet Utbetaling frå skogfond og søknad om tilskot til grøfting og gjødsling (LDIR-910) for å sende søknad på e-post eller som brev.

Dette skal du registrere

Det går fram, anten du legg inn søknaden digitalt eller på skjema, kva for opplysningar som er påkravde for at søknaden skal kunne leverast fullstendig.

  • Opplysningane som skal vere med i søknaden, er
  • grunnopplysningar (namn, adresse, bankkonto m.m.)
  • informasjon om tiltaket (bonitet, mengd, areal, kostnad m.m.)
  • geografisk plassering og merknader (med kartfesting)
  • aksept av søkjevilkår (elektronisk signering eller underskrift)

Det er eit krav om kartfesting. Om du søkjer digitalt, kan kartfestinga også gjerast digitalt. Elles skal kart leggjast ved søknaden. Om det er gjødsla med helikopter, vil kartfestinga normalt liggje føre derfrå (GPS).

Dokumentasjon på kostnader, slik som kopi av fakturaer, skal leggjast ved søknaden.

Sende søknad

Søknaden om tilskot til gjødsling av skog som klimatiltak blir send inn når arbeidet er fullført og oversikt over kostnadene ligg føre.

Send søknad med vedlegg til kommunen din. Dersom du søkjer digitalt, blir søknaden din automatisk send til rett kommune.     

Dersom du søkjer digitalt, får du stadfesting i innboksen din i Altinn. Om du får stadfesting på søknaden du har sendt, på e-post eller i brev, er avhengig av rutinar i kvar enkelt kommune.

Behandling av søknaden

Mottak

Når kommunen har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon, kan dei be om dette.

Behandling

Kommunen behandlar søknaden og gjer vedtak.

Kontroll

Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid enn normalt.

Svar og utbetaling

Svar

Du får svar på søknaden i e-post eller i brev i posten. Dersom du har søkt digitalt, får du svar i innboksen din i Altinn.

Med mindre du har fått beskjed om noko anna, skal du normalt få svar i løpet av 4 veker.

Utbetaling

Beløpet som er godkjent for utbetaling frå skogfondkontoen din, går fram av svaret på søknaden. Utbetalinga og overføringa til bankkontoen din, skjer gjerne nokre dagar etter at du har fått svar på søknaden. Tilskotet blir godskrive skogfondkontoen din etter søknadsomgangen (15. september).

Klage

Du kan klage på vedtaket. Klaga sender du til kommunen. Statsforvaltaren vil behandle klagesaka dersom ikkje kommunen gjer om vedtaket.          

Klagefrist: 3 veker.

Med mindre du har fått beskjed om noko anna, skal du normalt få svar på klaga i løpet av 4 veker.

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.

Viktige datoar

Søknadsfrist:

15. september

Når du får svar:

Med mindre du har fått beskjed om noko anna, skal du normalt få svar i løpet av 4 veker.

Treng du hjelp?

Kontakt kommunen din

Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk