Tilskot til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar
Til utarbeiding av skogbruksplanar og ressursoversikter, og registrering av skog- og miljøinformasjon i samband med dette.
Kven kan søkje?
Skogeigaren kan søkje tilskot til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar. Ta kontakt med kommunen dersom du ønskjer å vite når neste skogbruksplanlegging skal gjerast i ditt distrikt.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje tilskot til
Etter «forskrift om tilskudd til skogbruksplanlegging med miljøregistrering» kan ein få tilskot til utarbeiding av skogbruksplanar og ressursoversikter, og registrering av skog- og miljøinformasjon i dette sambandet.
- Enkelttakst: Takst for ein enkelt skogeigedom. Kan vere aktuelt for større eigedommar.
- Fellestakst: Takst for fleire skogeigedommar som bestiller skogbruksplan innanfor eit geografisk avgrensa område.
- Områdetakst: Takst for alle, eller dei fleste, skogeigedommar innanfor eit geografisk avgrensa område, til dømes ein kommune.
- Deltaking på kurs i bruk av skogbruksplan/ressursoversikt, på inntil 50 prosent av kurskostnaden. Kursopplegget skal vere godkjent av statsforvaltaren.
Kort om skogbruksplanlegging
Statsforvaltaren utarbeider hovudplan for skogbruksplanlegginga i eige fylke.
Ein skogbruksplan inneheld areal-, miljø- og ressursoversikter for kvar enkelt eigedom, oversiktlege og lett lesbare kart, og høve til råd om korleis eigedommen bør drivast, både i økonomisk og miljømessig samanheng.
Kunnskap om ressursane på eigedommen er ein føresetnad for å vurdere og utnytte det økonomiske potensialet til eigedommen. Slik kunnskap gjev grunnlag for å planleggje og gjennomføre viktige tiltak i skogen, som tømmerdrift, ungskogpleie og vegbygging.
Vilkår for å ta imot tilskot
- Statsforvaltaren må ha godkjent at taksten kan inngå i hovudplanen for skogbruksplanlegging i fylket.
- Det må brukast godkjende standardar og takstmetodar som er vedtekne av Landbruksdirektoratet, jf. § 4 og § 6 i «forskrift om tilskudd til skogbruksplanlegging med miljøregistreringer». Dette gjeld dataformat, datadefinisjonar, utrekningsfunksjonar og innhald i planproduktet.
- Det må vere førehandsbestilt plan på minimum 50 prosent av arealet som inngår i takstområdet.
- Det må sendast digital kopi av data til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) etterpå, og dette blir lagra i ein eigen database.
- Data, instruksar og all dokumentasjon som er knytt til takst- og utrekningsmetodar må oppbevarast i minimum 5 år. Oppdragstakaren oppbevarer dette.
Vedtak om tildeling av tilskot etter denne forskrifta blir gjort av statsforvaltaren.
Dette bør du førebu
Bestillingsskjema for skogbruksplan, dersom du søkjer tilskot til områdetakst og fellestakst.
Utfylling av søknad
Skjema
Gå til Skogfondssystemet via Altinn for å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Difi.
Søknadsfrist: Ta kontakt med statsforvaltaren eller den skogbruksansvarlege i kommunen din.
Dersom du ikkje har høve til å søkje digitalt, kan du bruke skjemaet Søknad om tilskot til skogbruksplanlegging med miljøregistrering (LDIR-927) for å sende søknad på e-post eller i vanleg post.
I skjemaet skal du registrere
- personopplysningar om søkjaren
- kontonummer
- aksept av vilkår
Sende søknad
Dersom du søkjer tilskot til områdetakst eller fellestakst, er det vanleg å sende søknaden, saman med bestillingsskjema for skogbruksplan. Send søknaden til statsforvaltaren der eigedommen ligg. Når du søkjer digitalt, skjer dette automatisk.
Dersom du søkjer digitalt, får du stadfesting i innboksen din i Altinn. Om du får stadfesting på søknaden du har sendt, på e-post eller i brev, er avhengig av rutinane hos kvar enkelt statsforvaltar/kommune.
Behandling av søknaden
Mottak
Når statsforvaltaren har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.
Behandling
Statsforvaltaren behandlar søknaden og gjer vedtak. Dei reknar eventuelt ut tilskot basert på netto kostnad, utan meirverdiavgift.
Kontroll
Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.
Svar og utbetaling
Svar
Du får svar på søknaden på e-post eller i vanleg post, normalt 2–3 veker etter at søknaden er motteken. Dersom du har søkt digitalt, får du svar i innboksen din i Altinn.
Utbetaling
Det innvilga tilskotet blir utbetalt av statsforvaltaren etter skriftleg oppmoding frå tilskotsmottakaren og når prosjektet/tiltaket har fått godkjent sluttrekneskap.
For å dekkje kostnader utover eit eventuelt tilskot, kan du bruke inneståande på skogfondet. For å gjere dette går du til innbetaling og utbetaling i Skogfond eller fyller inn skjemaet Utbetaling frå skogfond til diverse føremål (LDIR-907), og sender det til kommunen der eigedommen ligg.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Send klaga til statsforvaltaren. Landbruksdirektoratet vil behandle klagesaka dersom ikkje statsforvaltaren omgjer vedtaket.
Tilbakebetaling og avkorting
Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.
Viktige datoar
Søknadsfrist:
Ta kontakt med statsforvaltaren eller den skogbruksansvarlege i din kommune.
Når du får svar:
normalt ved prosjektets avslutning
Rettleiing
Treng du hjelp?
Kontakt kommunen din
Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.