Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Tilskot til skogkultur

Gjeld tilskot til ulike skogkulturtiltak (t.d. forynging, ungskogpleie, grøfting osv.)

Kven kan søkje?

Skogeigaren kan søkje om tilskot til skogkultur på eigedommen sin.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje tilskot til

Kommunane fastset det enkelte år kva for driftsopplegg i skogbruket kommunen kan gje tilskot til.

Dei tiltaka som det er vanlegast å gje tilskot til, er 

  • ungskogpleie 
  • klargjering av mark

Tilskot til planting er først og fremst vanleg i kystfylka.

Elles kan ein få tilskot til 

  • gjødsling
  • grøfting
  • andre kvalitetsfremjande skogkulturtiltak 

Kva for tiltak ein gjev tilskot til, og tilskotssatsane, kan variere mellom kommunane, mellom fylka og mellom landsdeler.

Det blir ikkje gjeve tilskot til bruk av kjemiske midlar, kjøp av utstyr eller til tiltak som ved uttak av virke gjev overskot.

Kort om ordninga

  • Tiltak skal bidra til å stimulere utvikling av kvalitetsskog.
  • Kommunen fastset søknadsfristar og nærare retningslinjer for tilskot til skogkultur. På same måten kan kommunen setje vilkår for tilskotet i kvar enkelt sak.
  • Vi føreset at skogeigaren har gjort seg kjend med dei reglane og retningslinjene som gjeld for tilskotsordninga. Kommunen gjev nødvendig rettleiing ved behov for dette.
Utfylling av søknad

Skjema

Gå til Skogfondssystemet via Altinn for å søkje tilskot. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn. Registrer søknaden under «Skogfond og tilskot til skogkultur».     

Søknadsfristen er normalt rundt 1. desember kvart år. Det er kommunen som fastset søknadsfristen.

Dersom du ikkje har høve til å søkje digitalt, kan du bruke skjemaet Utbetaling frå skogfond og søknad om tilskot til skogkultur (LDIR-909) for å sende søknad på e-post eller som brev. For grøfting og gjødsling gjeld Utbetaling frå skogfond og søknad om tilskot til grøfting og gjødsling (LDIR-910).

Dette skal du registrere

Det går fram, anten du legg inn søknaden på nett eller på skjema, kva for opplysningar som er påkravde for at søknaden skal kunne leverast fullstendig.

Opplysningane som skal vere med i søknaden, er

  • grunnopplysningar (namn, adresse, bankkonto m.m.).
  • informasjon om tiltaket (bonitet, tal, areal, kostnad m.m.)
  • geografisk plassering og merknader (bestandsnummer eller kartkopi)
  • aksept av søkjevilkår (elektronisk signering eller underskrift)

Før opp plasseringa av kvart enkelt tiltak, anten ved å teikne inn tiltaksområda på eit eigna kart eller ved å referere til bestandsnummer frå siste skogbruksplan på eigedommen. Bruk hovudkodar frå tiltakslista som referanse til dei enkelte områda.

Dokumentasjon på kostnader, slik som kopi av fakturaer, skal leggjast ved søknaden.

Sende søknad

Søknaden om tilskot til skogkultur blir send inn når arbeidet er fullført og oversikt over kostnadene ligg føre.

Send søknad med vedlegg til kommunen din. Dersom du søkjer digitalt, blir søknaden din automatisk send til rett kommune.      

Dersom du søkjer digitalt, får du stadfesting i innboksen din i Altinn. Om du får stadfesting på søknaden du har sendt, på e-post eller i brev, er avhengig av rutinar i kvar enkelt kommune.

Behandling av søknaden

Mottak

Når kommunen har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon, kan dei be om dette.

Behandling

Kommunen behandlar søknaden og gjer vedtak.

Kontroll

Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid enn normalt.

Svar og utbetaling

Svar

Du får svar på søknaden i e-post eller i brev i posten. Dersom du har søkt digitalt, får du svar i innboksen din i Altinn. Med mindre du har fått beskjed om noko anna, skal du normalt få svar i løpet av 4 veker.

Utbetaling

Beløpet som er godkjent for utbetaling, går fram av svaret på søknaden. Utbetalinga og overføringa til bankkontoen din, skjer gjerne nokre dagar etter at du har fått svar på søknaden.

Klage

Du kan klage på vedtaket frå kommunen. Klaga sender du til kommunen. Statsforvaltaren vil behandle klagesaka dersom ikkje kommunen gjer om vedtaket.        

Klagefrist: 3 veker.

Med mindre du har fått beskjed om noko anna, skal du normalt få svar på klaga i løpet av 4 veker.

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan forvaltninga krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.

Viktige datoar

Søknadsfrist:

vanlegvis rundt 1. desember, men dette blir fastsett av kommunen for kvart enkelt år

Treng du hjelp?

Kontakt kommunen din

Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk