Til hovedinnhold
Denne siden eksisterer på bokmål

Tilskot til tettare skogplanting som klimatiltak

Gjeld tilskot til nyplanting, planting etter klargjering av mark og suppleringsplanting, etter hogst.

Kven kan søkje?

Skogeigaren kan søkje om tilskot til tettare planting på eigedommen sin.

Om prosessen:

Før du søkjer

Kva du kan søkje tilskot til

  • nyplanting
  • suppleringsplanting

Kort om ordninga

Generelle vilkår 

Vi føreset at skogeigaren har gjort seg kjend med dei reglane og retningslinjene som gjeld for tilskotsordninga. Kommunen gjev om nødvendig rettleiing.

Kommunen kan setje vilkår for tilskotet i kvar enkelt sak.

Nyplanting 

For nyplanting kan ein få inntil 30 prosent tilskot av medgåtte kostnader.

Ein kan få tilskot for inntil 50 planter/daa utover eit fastsett bonitetsavhengig minimumstal. 

Tabellen nedanfor viser minimum plantetal og intervall som løyser ut tilskot på ulike bonitetar. 

BonitetMinste plantetal og intervall som løyser ut tilskot 
26220 – 270
23220 – 270
20200 – 250
17180 – 230
14160 – 210
11130 – 180
8100 – 150


Suppleringsplanting

  • For suppleringsplanting kan det givast inntil 30 % tilskot av inntil 75 plantar per dekar. 
  • Det blir gitt tilskot til suppleringsplanting for å komme opp til eit minimums plantetal per dekar på dei ulike bonitetane.

Tilskot til suppleringsplanting etter denne ordningen kan bare gis der det er foretatt nyplanting (førstegangsplanting) først. Dette uavhengig av om det har vært en regulær nyplanting (førstegangsplanting) eller ein nyplanting (hjelpekultur/førstegangsplanting) for å komplettere en naturforyngelse. Dette gjeld også uavhengig av hogstform.

Der det ellers har vært lagt til rette for naturforyngelse av furu, kan det likevel gis tilskot til suppleringsplanting med furu for å komplettere den naturlige foryngelsen.

Tabellen nedanfor viser krav til minimum plantetal på ulike bonitetar. 

BonitetMinste plantetal/daa 
26220
23220
20200
17180
14160
11130
8100

Dette bør du førebu

Nødvendig dokumentasjon skal følgje med søknaden om tilskot. Det er krav om kartfesting. Kopi av faktura for kjøp av planter og utført arbeid er vedlegg som skal følgje med søknaden. Vi tilrår at du har dette klart når du registrerer søknaden.

Utfylling av søknad

Skjema

Gå til Skogfondssystemet via Altinn for å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.

Dersom du ikkje har høve til å søkje digitalt, kan du bruke skjemaet Utbetaling frå skogfond og søknad om tilskot til skogkultur (LDIR-909) for å sende søknad på e-post eller som brev.

Du søkjer om tilskot til tettare planting samtidig og på same måte, anten digitalt eller på skjema, som du søkjer om refusjon av skogfond eller vanleg tilskot til nyplanting og suppleringsplanting. Forutan kravet om kartfesting ved tettare planting, så skal søknaden innehalde dei same opplysningane. Skogfondsystemet reknar sjølv ut om tiltaket kvalifiserer for tilskot til tettare planting.

Dette skal du registrere

Det går fram, anten du legg inn søknaden på nett eller på skjema, kva for opplysningar som er påkravde for at søknaden skal kunne leverast fullstendig.

Opplysningane som skal vere med i søknaden, er

  • grunnopplysningar (namn, adresse, bankkonto m.m.)
  • informasjon om tiltaket (bonitet, tal, areal, kostnad m.m.)
  • geografisk plassering og merknader (med kartfesting)
  • aksept av søkjevilkår (elektronisk signering eller underskrift)

Det er eit krav om kartfesting. Om du søkjer digitalt, kan kartfestinga også gjerast digitalt. Elles skal kart leggjast ved søknaden.

Dokumentasjon på kostnader, slik som kopi av fakturaer, skal leggjast ved søknaden.

Sende søknad

Søknad om tilskot til tettare planting blir send inn når arbeidet er fullført og oversikt over kostnadene ligg føre.

Send søknad med vedlegg til kommunen din. Dersom du søkjer digitalt, blir søknaden din automatisk send til rett kommune.   

Dersom du søkjer digitalt, får du stadfesting i innboksen din i Altinn. Om du får stadfesting på søknaden du har sendt, på e-post eller i brev, er avhengig av rutinane i kvar enkelt kommune.

Behandling av søknaden

Mottak

Når kommunen har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon, kan dei be om dette.

Behandling

Kommunen behandlar søknaden og gjer vedtak.

Kontroll

Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid enn normalt.

Svar og utbetaling

Svar

Du får svar på søknaden i e-post eller i brev i posten. Dersom du har søkt digitalt, får du svar i innboksen din i Altinn.

Med mindre du har fått beskjed om noko anna, skal du normalt få svar i løpet av 4 veker.

Utbetaling

Beløpet som er godkjent for utbetaling frå skogfondkontoen din, går fram av svaret på søknaden. Utbetalinga og overføringa til bankkontoen din, skjer gjerne nokre dagar etter at du har fått svar på søknaden.

Klage

Du kan klage på vedtaket frå kommunen. Klaga sender du til kommunen. Statsforvaltaren vil behandle klagesaka dersom ikkje kommunen gjer om vedtaket.        

Klagefrist: 3 veker.

Med mindre du har fått beskjed om noko anna, skal du normalt få svar på klaga i løpet av 4 veker.

Etterkontroll

Dersom du får tilskot, kan du bli teken ut i etterkontroll. Det er først og fremst plantetal og tettleik som som blir kontrollert opp mot opplysningar i søknaden.

Tilbakebetaling og avkorting

Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan kommunen krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.  

Dersom totalt søknadsbeløp for godkjende søknader overstig den tilgjengelege tilskotsramma, kan også tilskotet bli avkorta.

Viktige datoar

Søknadsfrist:

25. november

Når du får svar:

Du vil normalt få svar i løpet av 4 veker.

Treng du hjelp?

Kontakt kommunen din

Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.

Fant du det du lette etter?

Til toppen AI-powered search

KI søk