Tilskot til vegbygging i skog
Gjeld tilskot til tiltak for nybygging av skogsvegar, eller ombygging av eksisterande skogsvegar.
Kven kan søkje?
Skogeigarar eller andre med fullmakt frå skogeigaren kan søkje tilskot.
Om prosessen:
Før du søkjer
Kva du kan søkje tilskot til
Kommunen fastset kvart enkelt år kva for skogsvegføremål ein kan få tilskot til i kommunen sin.
Dei tiltaka det er vanlegast å gje tilskot til, er
- nybygging av skogsbilvegar
- ombygging av eksisterande skogsbilvegar
I delar av landet er det også vanleg å gje tilskot til bygging av tyngre traktorvegar (vegklasse 7) som tener skogbruksføremål.
Kva for tiltak ein gjev tilskot til, og tilskotssatsane, kan variere mellom kommunane, fylka og landsdelane.
Kort om ordninga
- Det er berre skogdelen i ein landbruksveg som har rett på tilskot.
- Vegen må
- betre høvet til å utnytte skog- og utmarksressursane og skal brukast i tilknyting til drift og forvaltning av skogen
- bidra til ei god heilskapsløysing som gjev grunnlag for utnytting av skog- og utmarksressursane
- vere godkjend etter «forskrift om planlegging og godkjenning av veier til landbruksformål»
- byggjast i samsvar med gjeldande normalar for landbruksvegar med byggjeskildring, som er fastsette av Landbruks- og matdepartementet
- Det skal liggje føre ein byggjeplan som kommunen har godkjent før anleggsarbeidet blir sett i gang.
- Det er eit krav at vegen blir halden ved like til den standarden som han opphavleg blei bygd etter.
- Tilsette i landbruks- og miljøvernstyresmaktene må kunne nytte vegen avgiftsfritt i tenesta.
Utfylling av søknad
Skjema
Bruk skjemaet Søknad om tilskot til vegbygging (LDIR-903) for å søkje.
Søknadsfrist: kontinuerleg.
I skjemaet skal du registrere
- grunnopplysningar med år, fylke, kommune, vegnummer, vegnamn, kartreferanse, talet på interessentar, vegplanleggar, vegformann med adresse
- data for veg og dekningsområde
- spesifikasjon for kvar enkelt eigedom med kontonummer skogfond, eigar, balansekvantum, skogsareal, eigarpart av vegen og eventuelle vilkår
I tillegg skal du leggje ved ein byggjeplan som kommunen skal godkjenne, og som inkluderer
- stukken senterlinje
- kart
- eventuelt lengdeprofil
- eventuelle tverrprofil
- arbeidsskildring
- mengdeoversikt og kostnadsoverslag
- avtalar ved fellestiltak
Sende søknad
Send søknaden med vedlegg til den aktuelle kommunen på e-post eller som brev i posten.
Om du får stadfesting på søknaden du har sendt inn, er avhengig av rutinane i kvar enkelt kommune.
Behandling av søknaden
Mottak
Når kommunen har fått søknaden, sjekkar dei opplysningane du har sendt inn. Dersom dei treng meir informasjon kan dei be om dette.
Behandling
Kommunen behandlar søknaden og gjer vedtak.
Vurderingar av naturmangfaldlova §§ 8 til 12 blir gjorde under behandling av sjølve vegsøknaden etter landbruksvegforskrifta. Det er då ikkje nødvendig å gjere nye vurderingar av naturmangfaldlova §§ 8 til 12 ved behandling av tilskotssøknaden for same vegtiltak.
Kontroll
Søknaden kan bli teke ut i kontroll. Du pliktar å godta kontroll, gje nødvendige opplysningar og hjelpe til med å gjennomføre kontrollen. Kontrollar kan gjere at saksbehandlinga tek lengre tid.
Svar og utbetaling
Svar
Du får svar på søknaden på e-post eller i brev i posten, normalt i løpet av 3 veker etter at søknaden er motteken.
Utbetaling
Får du tilskot, blir pengane i hovudsak først betalte ut når arbeidet er fullført og sluttrekneskapen er godkjend av kommunen. Det kan også gjevast som delutbetaling etter kvart som delar av tiltaket eller prosjektet blir utførte. Dette må godkjennast spesielt av kommunen.
Det er Landbruksdirektoratet som utbetalar pengane.
Klage
Du kan klage på vedtaket. Klaga sender du til kommunen. Statsforvaltaren vil behandle klagesaka dersom ikkje kommunen gjer om vedtaket.
Klagefrist: innan 3 veker etter motteke vedtak.
Omtrentleg tid for klagebehandling: normalt innan 4 veker.
Tilbakebetaling og avkorting
Dersom det er gjort feil i utbetalingar, er gjort regelbrot eller du har gjeve feil opplysningar, kan Landbruksdirektoratet krevje tilbakebetaling og/eller avkorte tilskotet.
Viktige datoar
Søknadsfrist:
kontinuerleg
Når du får svar:
Normalt innan 3 veker etter at søknaden er motteken.
Treng du hjelp?
Kontakt kommunen din
Kommunen kan hjelpe deg med spørsmål om søknader, plikter og rettar.