Første kjende dyrkingsspor er over 4000 år gamle. Den eldgamle ferdavegen mellom Sogn og Gudbrandsdalen går forbi Ormelid, og to stølar frå vikingtid og mellomalder er eldste kjende fleirstølsbruk i Noreg. Gardsdrifta baserte seg på omfattande hausting i utmarka. Husdyrhald gav gjødsel til åkrane og slåttengene. Gardsfolket her dreiv slik til 1990-talet, og heldt i hevd bygningar, beitemarker, slått- og lauvenger, haustingsskog og styvingstre av nasjonal verdi. I 2011 vart bygningane og noko innmark og utmark freda som kulturmiljø. Stiftinga Ormelid gard eig og forvaltar no Ormelid gjennom skjøtsel av eng, utmark og bygningsmiljø og fører såleis vidare ei 4000 år gammal vestnorsk jordbrukshistorie.
Fakta
Fylke
Vestland
Kommune
Luster
Jordbruksregion
Fjordbygdene på Vestlandet og i Trøndelag
Områdetype
Fjellandskap med høgdegard og støler