Bruka er av ulik storleik og karakter, frå husmannsplassen Slengen til større bruk. I tillegg til det freda Rygnestadtunet er her mange gode døme på tun og bygningstypar i tradisjonell byggeskikk, samt andre kulturminne som steingardar, bakkemurar og rydningsrøyser. Kolgroper og eit stort gravfelt på Flateland vitnar om lang tids busetjing i området. Her er godt bevarte naturbeite, slåttenger, hagemark og gamal lauvskog. Fire aktive brukarar driv areala i grendene, ein av dei bur i området. Tidlegare var det mjølkekyr her, no er det berre sau og hest. Bygningar og innmark på Rygnestadtunet vert forvalta av Setesdalsmuseet.
Fakta
Fylke
Agder
Kommune
Valle
Jordbruksregion
Sør-Norges dal- og fjellbygder
Områdetype
To dalgrender i Øvre Setesdal. Gårdslandskap med innmark og skog
Areal
2 000 dekar